Som ihuga brukar at det einaste reelle alternative til Microsoft sin Office-pakke, er eg sterkt bekymra av bloggen til GNOME og OpenOffice-guru Michael Meeks. Han meiner at prosjektet OpenOffice.org ikkje er godt og treng vesentlege endringar før det er for seint. Statistikken viser at Sun distanserer seg kombinert med at det manglar ein auke frå andre utviklarar. I dag har OpenOffice.org det lågaste talet på aktive utviklarar sidan ein starte å registrere det: 24 stk. Stagnerer OpenOffice.org? Er heile prosjektet for eineveldig styrt til å fungere godt?
Harelabb
Riksrevisjonen har vore etter Skatteetaten med god grunn. Frå tid til anna kjem det artiklar om situasjonen. Den siste eg har sett står i E24. Vi er redusert til å telje tal kontrollar. Er dette greitt?
Kva veit nettstaden om deg?
Du er ikkje mykje anonym på nettet. Kor du kjem frå brukar er ingen problem å finne ut, berre sjekk:
http://www.auditmypc.com/anonymous-surfing.asp
Har du Firefox, kan du alltids prøve Tor og sjekke korleis du blir identifisert.
DRM – får pc-brukarane som fortent?
Eg har skrive fleire innlegg i bloggen der eg seier mi meining om DRM, som eg synes er ei pest og plage. Men no må eg stille meg spørsmålet om det ikkje er pc-brukarane som er årsak til denne vridinga. Er ein ikkje tillit verdig?
Eit uavhengig selskap, 2D Boys slapp ein tittel heilt utan DRM, World of Goo. Det var inga form for kopieringsikring i tittelen. Tilliten 2D Boys har vist spelarane, er kraftig misbrukt. Berre 1 av 10 betalar for spelet. 90% av eksemplara der ute er piratkopiar. Kva seier det oss om vi dreg det over på befolkninga? Er det slik at 90% av jordas befolkning er simple tjuvar som brukar ein kvar moglegheit til å røve til seg fordeler? Har vi sokke så langt at vi drit i arbeidet andre har lagt ned?
- Kva ville du sagt om 90% av det du jobba med fekk andre æra for med lønsopprykk, bonusar osv?
- Er det forskjell mellom den som naskar på butikken og den som brukar piratkopiert programvare?
Er du komfortabel med utviklinga, må du ikkje klage når ein eller anna snik til seg ein fordel på din bekostning!
AMD i bakleksa
Det har vore ei skremmande utvikling på prosessorar det siste året. Sjølv har eg investert i Intel Core 2 Quad 6600 for å kunne handtere videoformatet AVCHD. AMD var aldri aktuell . Dei rota det veldig til med bug på Phenom saman med svak konstruksjon og yting. Dei gamle X2-prosessorane var altfor svake. No kjem Intel Core i7 «Nehalem» på bana og AMD er så godt som parkert. Berre ta ein titt på testen hjå www.hardcoreware.net. Den kraftigaste AMD Phenom X4 9950 har ingen ting å stille opp med.
Held dette fram kan vi fort ende opp med at Intel har monopol på prosessorar til pcar. Vi får håpe at AMD har eit eller to kort i ermet og kjem sterkare tilbake neste år. Eg kryssar fingrane, men held ikkje pusten.
Far Cry 2 eller Crysis Warhead er ikkje bestseljarar
Var innom Steam-kontoen min og såg at Fallout 3 er i sal. Spelet kjem utan DRM med aktivering, i motsetning til Far Cry 2 og Crysis Warhead. Fallout 3 ligg på topp som bestseljar. Far Cry 2 eller Crysis Warhead er ikkje på lista.
Ikkje eingong i kategorien Action er Far Cry 2 eller Crysis Warhead inne på lista over bestseljarar. Eg lurer på kva som er årsaka til dette. Er spela for dårlege eller er det DRM som gjer at spelarane skyr dei?
Besøk http://store.steampowered.com/ og sjekk listene sjølv.