Mange leverandørar tilbyr små berbare. Vi har Asus EEE PC, Acer Aspire One, MSI Wind og Dell kjem på bana med sin. Eg har ei tid ønskt meg ein mindre pc som eg lett kunne ta med meg samtidig som at han ikkje var så knøtt liten at han var vanskeleg å skrive touch på. Eg fekk sjå ein Asus EEE PC 900 hjå ein lokal forhandlar. Tastaturet vart for lite. Acer Aspire One har fått mykje lovprising i fleire testar og hadde eit større tastatur. Eg ønskte versjonen med Windows XP slik at eg fekk med den siste straumgjerrige Intel Atom cpu, 1 GB minne og 120 GB hard disk. Forrige helg tinga Acer Aspire One A150 og mottok han på onsdag.
Eg pakka ut maskina og sette i batteriet. Totalinntrykket før eg starta ho var veldig bra. Acer Aspire One er av passeleg storleik og sidan skjermen vippar opp og frå underdelen får ein ein opning mellom skjermen og underdelen slik at ein kan få eit godt grep når ein skal bere maskina rundt. Ho var perfekt, men kor lenge var Adam i paradis?
Den store overraskinga kom når eg starta maskina. Vifta kom på nesten umiddelbart og var særdeles aggressiv og høglydd. Eg trudde vifta kom til å roe seg når maskina var ferdig med klargjeringa av Windows og oppsett av basis system. Stor var overraskinga at dette heldt fram, sjølv når eg brukte maskina til lette skriveoppgåver og surfing på internett. Det hjelpte ikkje å endre straumsparinginnstillingane i Windows frå berbar til maksimal batteridrift eller andre. Det var akkurat det same om maskina gjekk på straum eller på batteri. Eg sjekka at cpuen justerte farten etter belastning. Cpuen kan ligge på 0-4% belastning og disken er «arbeidslaus», men likevel går vifta på nivå 2 og høyres ut som ein liten hårfønar. Nivå 3 slår inn når ein surfar litt på nettet og treff sider som www.vg.no med mykje flash. Nivå 1 har eg berre høyrt akkurat etter varm omstart. Eitt eller to sekund og så er ho tilbake på nivå 2. Spesielt merkar ein det når maskina står på eit bord. Det virkar som om bordet gir resonans til viftestøyen. Det gjeld trebord så vel som bord med laminerte sponplater. Viftestøyen er eit torturinstrument. Eg har knapt høyrt verre støy enn for 5 år sidan då ein del berbare hadde Pentium 4 desktop prosessorar.
Eg tenkte eg skulle presse maskina litt for å provosere vifta til å gå på nivå 3 ei stund og sjå om vifta «gjekk seg til». To instansar av SuperPI vart starta. Sidan prosessoren har hyperthreading hjelper det ikkje med ein instans sidan programmet berre belastar deler av prosessoren då. Samtidig sette Eraser til å viske ubrukt plass på hard disken. I følgje oppgavebehandlingen i Windows hadde prosessoren full belastning og disken fekk mykje å gjere. Sjølv om maskina stod på i nesten 2 timar med dette, merka eg ikkje anna enn at vifta gjekk på meir enn nivå 2.
Til samanlikning sit eg med ei Toshiba SAT A100-998 med ein Core 2 Duo på 1,66 ghz. Under Vista på balansert straumstyring på batteri, når eg skriv dette, stopper vifta i lengre periodar. I motsetning til på Acer Aspire One høyrer du nesten ikkje vifta. Turtalet er mykje lågare enn på Acer Aspire One. Toshibaen si vifte går ikkje kontinuerleg. Ho startar, går 20 sek og stoppar for eitt til fleire minutt.
Eg synes det er svært merkeleg at Acer Aspire One med Intel Atom, som berre skal bruke 4 watt, skal trenge så mykje kjøling. Eg sjekka temperaturane med SpeedFan XP og dei låg på 37-42 grader, ikkje spesielt høgt. SpeedFan XP greier ikkje å styre vifta på maskina. Temperaturane på min Toshiba er i same området, men ho er svært roleg i forhold til Acer Aspire One. Biosen på min Acer Aspire One var siste versjon 3114, så eg kan ikkje få testa om ein ny bios kan hjelpe på dette.
Eg har søkt på nettet og funne at mange har problem med vifta på Acer Aspire foum. For eksempel:
- http://www.aspireoneuser.com/forum/viewtopic.php?f=24&t=239
- http://www.aspireoneuser.com/forum/viewtopic.php?f=4&t=300
- http://www.aspireoneuser.com/forum/viewtopic.php?f=4&t=1179
- http://www.aspireoneuser.com/forum/viewtopic.php?f=11&t=984
- http://www.jkontherun.com/2008/08/five-things-i-d.html
I går såg eg over ein test av MSI Wind som er ei tilsvarande maskin på Techreport. Her blir det òg nemnt at vifta går konstant, sjølv om støyen skal vere liten. Det blir kommentert at batteritida er dårleg og peika til Intel sitt chipset:
The culprits for this mediocre battery life are likely unit’s 3-cell battery along with the power draw of Intel’s less than frugal 945 chipset.
Frugal tilsvarer sparsomleg på norsk. Det er klart at dei meiner at straumforbruket til 945 chipsettet ikkje er lågt nok. Det kan nok forklare kvifor vifta går så mykje. Tomshardware syner kor mykje som går med i ein test med ein Amd X2 2000+ som berre dreg 8 watt. Sjølv om dette er stasjonert utstyr indikerer det at straumforbruket er vesentleg høgare enn konkurrentane.
Dei som skal kjøpe ein slik mini-pc må få høyrt på han før dei kjøper han. Du kan gjere det i ein butikk eller du kan starte ho og høyre korleis vifta går når ho står aller først ved val av språk i Windows. Er det mykje støy kjøper du ho ikkje og bruker angreretten dersom du har handla på nettet.