Tidleg frukost i Umeå før planlegging av neste stopp. Hadde sikta meg inn på Østersund og nede ved Överhörnäs starta turen med å krysse vestover mot Østersund. Regnet starta og i Bredbyn tok eg ein stopp for å fylle opp bilen for å sikre meg å kome til Østersund. Gjekk også ein tur og handla på den lokale butikken i landsbyen. Returnerte og meinte at eg hadde nok til å kome meg til Østersund.
Vel, veret var so som so og sidan eg berre hadde at elbil i eitt år, var eg enno ein som ville sikra seg for å gå tom i Sverige sine djupe skogar. Enda med at eg tok ein kort stopp i Junsele for å fylle på litt. Resten av turen til Østersund gjekk som forventa og eg sikta meg inn på ein ny stasjon på utsida av Østersund. Når eg kom dit, virka det å vere eit nyare industriområde ved E45. Sette bilen på lading for neste lange etappe og gjekk for å finne lunsj. Minnest at eg leitte etter ein austleg restaurant, men sleit med å finne han. Prata med eit par som fyllte bilen med naturgass og vi lokaliserte den. Godt måltid før eg returnerte til bilen. Mat og trim i ein pakke.
Neste etappe gjekk mot Røros via Vemdalen og Furnäsdalen. Merkar at du nærmar deg Noreg på vegen. Dalfører opp og ned. Rein gjekk midt i vegen i sentrum av ein tettstad. Til slutt klatrar du opp mot platået aust om Røros. Eg sikta meg inn på ein lengre stopp på Tynset. Her vurderte eg kva eg skulle gjere vidare. Eg kunne ta det med ro og finne meg eit hotell ikkje så langt herifrå og få ein kort køyrdag i morgon. Sidan eg var komen tilbake til Noreg og eg visste at campingbilane fyller vegane og klokka var utpå ettermiddagen, såg eg at eg ville kome opp på Sognefjellet seint. Formen var bra takka vere pausane med elbilen.
Eg gjekk for å kome meg heim og sette retninga mot Lom. Ned mot Alvdal, over til Hjerkin og Dovre til Sel med ein snarveg over mot Vågåmo. For å sikre at eg hadde nok på batteriet, blei det ei lita lading på Lom før siste etappe. Veret so som so og det var bilar som ville over raskare enn meg. Kom meg greitt over fjellet og ned til Skjolden og Sognefjorden. Lite bilar og veldig oppmuntrande å køyre når campingbilane har gått til ro. Meinar eg starta Umeå litt etter 7 og rulla inn i garasjen nokre minutt før midnatt. Lang tur på over 1 000 km med mange opplevingar. Nok av pausar, takka vere elbilen, for å «lade» meg sjølv til neste etappe.
Etter ein god frukost, vasking av frontruta og handling, forlot eg Kautokeino til Finland. Utgangspunktet var at eg skulle køyre ned midt i Sverige mot Østersund, men den planen endra seg fort. Dei siste dagane hadde eg overdosa på skog. Eg var meir nysjerrig på å ta turen ned til Torneo og Haparanda, nord i Bottenvika. Første stopp var Muonio for ein is og litt lading. Deretter følgde eg for det meste vegen sørover i Finland, men for litt variasjon stakk eg over i Sverige nord for Valkeaskoski og returnerte til Finland litt nord for Aavasaksa.
Stoppa ikkje Torneo, men køyrde rett over i Haparanda. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dette var ein stor handelsstad med mange gigantiske handelssenter. Bilen fekk straum og eg strakk på beina og handla for neste økt. Synes køyringa gjekk bra og det som i utgangspunktet var tenkt som ein retur heim med to overnattingar byrja å sjå ut som om det kunne gå på ei overnatting. Eg bestemte meg for å følgje motorvegen sørover og sjå kor langt eg kom.
Neste stopp var Skellefteå, sikta meg derifrå inn på eit hotell i Umeå. På vegen dit var det vegarbeid og noko stopp. Fann ut at i stadenfor å stå i stampe på motorvegen, tok eg av og køyrde småvegane forbi små bygder litt meir inne i landet. Stoppa på ein liten landhandel i Bodbyn før siste etappen til Umeå.
Denna dagen starta tidleg. Alle hotell var opptekne og eg låg i bilen. Først var det mygg som var innpåslitne deretter var det midnattsola. Eg hadde ikkje teke med sovemaske. Fekk nokre timar i halvdøs. Når eg var nok utkvilt, starta eg å køyre mot Tana bru. Lytta på nattradio og var så godt som einsam på vegen. Nokre gonger kryssa dyr vegen og ei rype fekk seg ein smekk av fronten til bilen. Måtte stoppa å sjekke om ho sat fast, men fann ingen fjørpryd. Litt artig når du køyrer langs Tana-elva, som også er grensa til Finland, så byter bilen mellom Noreg og Finland sitt mobilnett. Brått har tiden bykst fram ein time og litt seinare ein time tilbake.
Ved Tana bru blei det lading av bilen og døsing ei tid før turen gjekk vidare i retning Kirkenes. Følgde hovudvegen med ein liten stopp på Hesseng før eg sette avgårde til Storskog og russargrensa som var stengd. Køyrde vidare ut til Grense Jacobselv. Stoppa på staden der russargrensa er nærast vegen. Omlag 10 meter og eg hadde stått i Russland. Siste delen er grusveg. Stoppa ved Kong Oscars II-kapell før eg køyrde til endes og snudde. Ein litt eksotisk plass gitt ei meir spissa verd. Fekk fotografert litt før eg starta på returen tilbake til Kirkenes.
Hadde følgt med på bakdekka på Byd Tangen min og lagt merke til at ei side sleit dekka på ytterkant. No var mønsteret omtrent vekke og eg var litt uroa. 22 tommar dekk er ofte ikkje i standard dekkutval, men eg fekk hjelp av ein verkstad på Hesseng til å bytte om på venstre med høgre dekk. Då såg eg at den andre side hadde tilsvarande slitasje på innsida. Lot bilen stå på lading medan eg planla kor turen gjekk vidare.
Konkluderte meg at eg var rimeleg mett av opplevingar og veret skulle bli dårlegare i Finnmark. Fekk koma att seinare å ta for meg resten, men Finnmarksvidda skulle eg få med meg. På vegen hit hadde eg køyrt langs Tana. Returen til Karasjok skulle gå gjennom Finland. Køryde inn i Finland ved Neiden og etter å ha køyrt litt tenkte eg at det skulle bli godt å stoppe på ein bensinstasjon og kjøpe meg ein is. Det var trass alt eit par timar i Finland. Jaggu tok eg godt feil. Det var meg, nokre rein og ytterst sprett busetnad saman med skog. Ikkje før eg var ved grensa til Noreg att var det teikn til handel. Då kan eg like godt halde fram til Karasjok, tenkte eg. Det var her veret møtte meg. Etter eit stopp haldt turen fram til Kautokeino der eg tok inn på Thon hotell. Seinare på kvelden gjekk eg ein tur og fekk eit lite oversyn over byen. Det var godt å få ei god seng og skikkelege gardiner til å blende ut midnattsola.
Starta etter frukost med retning Alta. La inn in liten pause med handling og lading på Løkvoll før ein lengre stopp i Alta på eit stort kjøpesenter. Gjekk rundt inne for å kjøle meg ned. Hittil har både sol og temperatur vore nesten for mykje av det gode til å vere her oppe i nord. På veg til Skaidi var eg litt att og fram om eg skulle til Hammerfest eller Nordkapp. Sidan det var så strålande ver var Nordkapp meir forlokkande enn ein by.
Trafikken tetna til på veg mot Nordkapp. Heilt tydeleg inne i eit stort «fantafølgje» av turistar. Mistenkjer at mange europearar kjem opp via Finland om Kautokeino og Alta eller Karasjok. Heldigvis er vegen rimeleg grei og ein kan passere dei som køyrer i sitt eige tempo. Naturen er varierande og med sola i ryggen på veg nordover treng ein ikkje myse for å sjå seg rundt.
Aktiviteten auka dess nærare Nordkapp. Passerte Honningsvåg med cruiseskip og ein jamn trafikk av store bussar opp til og ned frå Nordkapp-platået. Var ein del bilar der, men fann meg ein plass og gjekk rundt. Ikkje var det kaldt heller, sjølv om mange turistar var godt kledde. Sola varma godt og eg fekk spasert ein god del og teke bilete. Turistane var ivrige rundt globusen.
Når det var tid på retur, var eg inne på tanken på overnatta i Honningsvåg, men slo det frå meg. Med cruisekip som kjem var eg redd turisttrafikken i byen vart for forstyrrande. Eg sikta meg inn på Lakselv med tanke på planen for neste dag. Ein matbit og ladestopp i Oldefjord først. Gjekk inn på hotellet i Lakselv og ønkste meg rom, men der fekk eg beskjed om at det var fullt. Ringde også det andre hotellet og likedan. Valde å dra mot Karasjok og ringde til hotellet på vegen, men jammen var det ikkje fullt der òg gitt. Eg var budd, Byd Tang er stor. Når eg legg ned baksetene, får eg plass til ei stor luftmadrass til å sove på.
Siste dag med base i Bardufoss tok vi turen til Tromsø. Gjorde unna det obligatoriske besøket ved Ishavskatedralen før vi drog og brua og gjekk rundt i Tromsø sentrum. Når vi hadde sett oss om nok, var det å finne seg ein plass for matbit og bilen fekk fyllt på batteriet før returen. Når vi nærma oss Bardufoss, omlag ved Bjørkeli, var det kø. Det hadde vore ei trafikkulukke. Usikker på kor lenge vi ville kome til å stå der, valde vi å snu og køyre tilbake litt slik at vi kunne ta turen innom Skjold og kome oss til Bardufoss den vegen. Bonusen var at eg fekk sett meir av området som mange oppheld seg under si førstegongsteneste. Resten av dagen tok eg det med ro og førebudde kor turen skulle gå vidare dei neste dagane.
Denne dagen og neste vart rolegare dagar. Eit delmål var å vitje sonen min på Setermoen, som snart var ferdig med førstegongstenesta. Første etappe var då å kome seg til Setermoen frå Narvik. I løpet av gårsdagen hadde eg sett att det var eit enkelt hotell på Setermoen. Hadde forsøkt å ringe utan å få kontakt kvelden før. Medan bilen lada gjekk eg til hotellet som viste seg var utan bemanning i helga. Det framstod ikkje som veldig gjestfritt. Prøvde å ringe telefonnummeret men fekk telefonsvarar, som kvelden før. Eg gjekk ein tur i sentrum og spurde meg fram. Det var ikkje noko å legge mellom kva dei lokale meinte om hotellet. Eg fekk beskjed om overnatte på Bardufoss.
Plukka opp sonen og vi tok ein tur rundt Senja for å oppleve naturen der. Køyrde frå Bardufoss mot Gryllefjord. Stoppa i Hamn og undersøkte kika på leiligheiter og området der. Snudde tilbake og køyrde rundt Senja og tilbake til Bardufoss. Spisse toppar og vill natur ispedd strender bada i solskin gjer seg. Heilt noko anna enn bitande vinter eg hadde høyrt om tidlegare i 2023.
Etter ein tidleg og solid frukost på hotellet, heldt reise vidare nordover. Kor langt eg kom var eg usikker på når dagen starta. Ein god halvtime ut i reisa vandra ein elg ut i vegen framfor bilen. Ein motkomane trailer varsla meg ivrig med å blinke med lysa. Etter å ha køyrt ei stund valde eg å stoppe på Namsskogan. Heldt fram turen til Mo i Rana der eg valde å lade på Tesla medan eg åt lunsj. Ladinga noko meir tid når ein må bruke 400 volt-ladarar med ein Byd Tang. Lunsjen gjekk unna raskare enn forventa og eg forlot Mo i Rana med mindre enn 80% på batteriet.
Neste etappe går over Saltfjellet med eit obligatorisk stopp ved Polarsirkelsenteret. Gjekk rundt ute i det fine veret og såg på det utstilte før eg heldt fram til Rognan for ny pause og lading. Vandra litt rundt i tettstaden medan bilen fekk påfyll. Budde meg på nesten 300 km til Narvik. Eg var rimeleg utkvilt og klar for eit nytt lengre strekk frå Rognan til Bognes ferjekai. Strekket etter Fauske til kaien er mykje opp og ned og att og fram med mange tunellar. Minner meg om vestlandsvegene eg er van med. Sidan eg bomma med nokre minutt på ferja, vart det eit lite stopp på Joker i Storjord for både meg og bilen.
På ferja over til Skarberget hadde eg utsikt mot Lofoten og kunne studera fjella i synigom. Inn frå Skarberget ferjekai til Narvik var det rimeleg greitt. Høge fjell på austsida. Valde å ta natta på Thon-hotellet i botnen av skianlegget.
Eg har alltid hatt lyst til å sjå resten av Noreg, nord om Trondheim. Eg har vore i Bodø og Brønnøysund ved hjelp av fly, men det er noko anna å sjå Noreg frå landevegen. Etter lengre tid vurdering kom dagen. Målet var Nordkapp, men var usikker på om eg greidde det. Mykje spaning gjorde at eg stod opp før hanen gol. Tidlegare oppdaga eg at eg kunne nytte bilkamera i min 2022 Byd Tang til å ta vare på minnene. Som du ser av videoane er kvaliteten under pari, men for meg friskar videoane opp minnet. Eg ser noko heilt anna for meg enn det du vil gjere. Kan til tider minnast det eg lytta på einskilde stadar.
Over Sognefjellet var det roleg med ein liten stopp på Lom for handle proviant. Sidan eg ikkje hadde vore over Ringebufjellet før, valde eg å legge turen om Ringebufjellet og Koppang før Røros. Det blei ein liten pause på Ringebufjellet for å ta inn utsikta. Her er det eit anna landskap enn eg er vant med. I Koppang vart det ein litt lengre ladestopp og vandring i sentrum. Veret var upåklageleg, sol og blå himmel. Opp over Rendalen til Røros for nok ei lading og planlegging. Valde å ta turen om Tydal, forbi Selbu og ut på E6 ved Hell for å følgje vegen nordover til Steinkjer. Det vart ein lang dag bak rattet til min 2022 Byd Tang. Takka vere flott ver, flott natur saman med jamne pausar og vandring medan bilen lada, vart belastinga minska. Eg saknar ikkje fosilbilane, med dei vart det for lite stopp og for korte pausar.
Etter å ha køyrt kombi, stasjonsvogner og sedan sidan eg fekk førarkort, valde eg våren 2022 å gå for ein stor SUV – Byd Tang. Ei vesentleg side av valet mitt var at det var ein bil som ikkje hadde invaderande førarstøtta som eg heile tida måtte slå av. Du kan lese meir om bilen her: https://bjrk.no/tag/byd-tang/. Lista er kronologisk med det nyaste på topp. Det er lurt å starte lesinga i botn for å få rett kronologi etterkvart som eg har teke opp ting.
Køyremessig er bilen topp til å vere SUV. I løpet av tida eg har eigd han har eg vore på turar i alle dei landfaste landa i Norden. Bilen har vore på det sørligaste punktet på den skandinaviske halvøy, Smygehuk. I tillegg har han vore på det nordlegaste punktet, Nordkapp. For å «setje krona» på reisa, tok eg også turen til utløpet av Grense Jakobselv. Bilen har vore berre meter frå Russland.
12 timar bak rattet er ikkje noko problem. Ei god natts svevn og du er klar neste dag. Eg har til og med overnatta i bilen. Det er berre å legge ned bakseta, blåse opp ei luftmadrass og legge seg til. Du kan slå to fluger i ein smekk ved samtidig la bilen stå og lade på ein ordinær ladar over natta. Ja, det er god plass til meg, ein kar på over 1,90 på sokkelesten, med bagasje. Med 509 hk fordelt på 2,4 tonn, må dette vere den kjappaste campingbilen du kan finne. Det er ingen grunn til at du skal få deg hale opp ein fjellovergang.
Bilen har sju seter og passar ypperleg til ein famile med ungar. Han kan dra 1500 kg, om du monterer hengarfeste. Ver merksam på at du må skaffe deg førarkort i klasse B96 eller BE for å dra noko så tungt. 1500 kg hengar + 2400 kg bil blir langt over 3500 kg.
Dei lova programvareoppdateringane til infotainmentsystemet har ikkje kome til førespegla tid for oss som var tidleg ute. Det vesentlege er på plass som DAB, Spotify og navigasjon. Registrerer i grupper rundt bilen at det startar å trille inn nye oppdateringar no seinhaustes, mellom anna som skal auke kompatibiliten med ladarar og norsk språk på infortainment.
Infotainmentsystemet er Android-basert og med god hjelp av internett har eg fiksa det eg sakna sjølv. På turane høyrer eg på lydbøker via Fabel-appen. Under ladepausar kan eg fyre opp NRK TV og sjå siste episode i favorittserien. Gjennom Sverige hadde eg Sveriges Radio sin app å lytte på, sidan DAB-dekninga hos vår søta bror er avgrensa til rundt større byar. Trådlaus Apple Carplay og kabla Android Auto har eg fått på plass. Med andre ord er moglegheitene for «skreddarsaum» av infotainment-systemet på plass. Eg vil hevde at det er få bilar du kan få det til på.
Hittil har eg ikkje kunne bruke Tesla 250 kw-ladarar, berre 150 kw-ladarar. Tesla er som oftast rimelegare, men bilen har 800 volts batteri og Tesla nyttar 400 volt. Det betyr at du ikkje får meir enn i underkant av 80 kw frå ein Tesla-ladar, sidan bilen ikkje kan ta mot meir enn 170 amper uavhengig av volt. Sikt deg heller inn mot andre 180 kw eller meir, f.eks Ionity, CircleK, Eviny, Mer og fleire. Med rett ladar kan bilen ta mot rett under 120 kw fram til 64% og deretter nett under 90 kw til 84%. Etter dette i underkant av 50 kw fram til 98%. Ladekurva er med andre ord trinnvis flat. Ho bykser ikkje opp til ein minutt-kort høg effekt for så å dale raskt. Rekn med rundt 40 minutt frå 10% til 84%. Ypperleg til ein god beinstrekk og/eller måltid på reisa, jfr over.
Kan legge til at LFP-batteriet tåler mykje meir lading i tal økter og ladenivå enn dei tradisjonelle NMC-batteria. Minst ein gong i veka skal du lade batteriet til 100%. Her treng du ikkje tenke på å halde laderutinene dine innafor 20% – 80% på heimeladaren. Berre plugg bilen i ladaren og gløym det. Bilen ladar med inntil 7 kw på 1-fase og 32A sikring frå vekselstraum. Rekn med 12 timar frå heilt tomt batteri til fullt batteri. På reise vil du ikkje få meir enn 3,5 eller 7 kw dersom du let bilen stå på ladar med vekselstraum med 11 kw eller 22 kw i 3-fasar.
Etter å ha kjøpt ein eldre coupe kom saknet etter å køyre bilar der eg er tettare på bakken tilbake. Det er ikkje mange modellar av denne typen innafor det elektriske markedet. Eg har testa Byd Han og Hyundai Ioniq 6. Begge ypperlege bilar, men sistnemnde drog det lengste strået. Køyremessig noko kvassare, men ikkje minst beinplassen i baksete er tilbake på Skoda Superb-nivå eller betre. I tillegg har Hyundai lynkjapp hurtiglading, på over 200 kw. Med ein 800-volts ladar er ladetida halvert i høve Han og Tang. Ulempa med begge bilane er at det er små bakluker. Det er ikkje så farleg sidan vi har ein anna bil med stor bakluke. Eg kan legge ned bakseta slik at eg kan få med meg skiposen når eg skal ein tur i bakken eller løypa. Det viktigaste er at lengsla mi blir tilfredsstilt.
Byd Tang blir ikkje bytt ut fordi det er noko feil med bilen. Finansielt er det komplett idiotisk, men det får no så vere. For å sitere Lemmy: You win some, lose some. Livet er tross alt eit pokerspel.
Ingen skal påstå at eg ikkje undersøker vesentlege varer før eg kjøper dei. Det har teke litt tid å finne fram til kor eg hadde lese eller høyrt om at Byd Tang ikkje hadde ein buffer på batteriet, at 0% på displayet var 0%. Det kjem nok frå Kris Rifa sin test:
Sett i lys av av det eg avdekka i haust, er eg rimeleg sikker på at i løpet av perioden frå juni 2022 til i haust 2023 har Byd innført ein buffer. Bilen min vart ståande på 0% i fleire timar under rekalibrering før han slokna. Det var ulike varslar i løpet av tida på 0%, inkludert varsel om redusert fart til 60 km/t. Saman med at folk seinare har rapportert å ha køyrt 13, 15 og 23 km med 0% på displayet, er det klare indikasjonar på at Byd har «heva golvet» for å sikre at dei utan rekkeviddeangst kan kome seg til lader. Det forklarar kvifor eit heilt tomt batteri tek mot same mengde energi som offisiell storleik, men under ordinær bruk vil batteriet ta imot noko mindre, sidan batteriet ikkje er heilt tomt.
Får eg ei stadfesting frå Byd på mine funn, oppdaterer eg postinga.