Helsinki – Östersund

La meg inn på eit flyplasshotell i går. Har sine fordeler med at dei har parkeringsplassar for bilar. Ulempa merka eg grytidleg. Helsinki er ein globalt knutepunkt og her var det fullt liv tidleg. Dører vart opna, folk prata og drog koffertane etter seg i gangen. Eg søv lett og etter ei lita stund måtte eg berre konkludere med at her får eg ikkje sove meir.

Ein god dusj og tidleg frukost vart det. Mørke var der medan eg sette av gårde i 4-tida. Sidan eg starta tidleg samt at på den tida var Mummi-jubileum fann eg ut at eg droppa Åbo. Passerte eit Mummi-følgje i går i Helsinki. Åbo måtte vere fullt av slike. Roleg køyring nordvestover mot Bottenvika. Første ladestopp i Mikkola før eg heldt fram vidare nordover forbi Vasa til Kokkola for neste stopp.

Turen oppover er noko heilt anna enn når eg køyrde i indre deler av Finland. Heilt tydeleg at mesteparten av innbyggarane er samla i nærleiken av kystområde frå Finskebukta og opp i Bottenvika.

Under turen funderte eg på kor eg skulle stoppe for kvelden. Formen var kjempebra og køyringa var lite utfordrande. Bilen styrte seg sjølv, eg hadde omtrent berre å plotte inn neste stopp. Nå skal det vere sagt, planlegg eg ikkje fast neste stopp. På veg kan eg finne nærmaste ladar når eg føler for det. Etter Kokkola køyrde stoppa eg ein siste gong i Finland i Keminaa, litt før grensa til Sverige. Handla litt og reflekterte over reisa medan bilen lada.

Lurte på å følgje motorvegen ned til Umeå, som i 2023, og overnatte. Men kom eg til at eg ville sjå områda mellom Bottenvika og E45. Med høgre fart på motorvegen og endra reiseplanar vart det lading og ei is i Norrfjärden. Greit å ha litt buffer i sprettbygd strøk mellom hovudferdelsårene i Sverige.

Neste stopp vart Lycksele. Plugga inn bilen på Tesla og vurderte om eg skulle legge meg inn på hotell i byen. Utfrå det eg såg der var dette ein stad/senter som historisk hadde drive med tømmerhogging og/eller flåting nedover elva. Formen var bra trass tidleg start på dagen. Etter eit kort stopp, sidan Tesla-ladarane er trege på min bil, sette eg avgårde med mål Östersund.

På vegene gjennom skogane er det meir aktiv køyring og det er moro. Stoppa på Hoting for ei kjapp lading på Ionity før eg heldt fram mot Östersund der eg, eit stykke utom byen, rulla inn på hotellet seint på kvelden. Distansen eg dekka denne dagen var på noko over 1500 km. Eg var frisk og vaken når eg ankom hotellet. Tankane om å køyre heim gjennom natta hadde svirra rundt i hovudet på veg frå Hoting til hotellet. Komforten vann kampen og ei god seng frista meir.

Som eg tidlegare har sagt, ein elbil tvingar meg til å stoppe for ei tid slik at eg kan kvile eller vandre rundt for å bli utvkvilt til neste køyreøkt. Hadde eg køyrt ein fosibil kunne det fort blitt for lange etappar. Ja, eg hadde nok kome fortare fram med 1000+ km med diesel på tanken, men eg hadde vore utsliten og ei fare for andre i trafikken mot slutten.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.