Tur: Rjupeskar

Rjupeskar er ein tur ein kan ta både sommar som vinter på Leikanger. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til krysset der stien skil seg til Kjeringi og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringi. Du endar opp på Kallbakk og får frigjort deg frå skogen. Endeleg er det mogleg å nyte utsynet. På Kallbakk går stien saman med skitraseen fram mot Rjupeskar, i enden av ein rygg som strekker seg vestover, ned frå Fagreggi. Siste del av turen, er litt bratt, men det er ikkje mange minuttane før du står på Rjupeskar og kan sjå vidt omkring. Om vinteren kan det vere lurare å gå opp mot Fagreggi for å sigle ryggen ut til Rjupeskar.

På Rjupeskar kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, har du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser du innover fjorden mot Fimreite, Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand og Stølsheimen. Rjupeskar gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Nedanfor Rjupeskar kan du sjå Dalsete på Huke-sida av Grindsdalen. Nordom har du heimsta Kjeringi og Fagreggi.

Turen er omtala i to deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – (Bileta 002 – 016)
  2. Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar

Alternativ tur opp til toppen av Skarseggene som går utanom Rjupeskar finn du er.

Deler av turen om vinteren finn du i skituren til Kjeringi i april

Tur: Kjeringafjell i april

Skitur til Kjeringafjell startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Til turen må du hugse å ta med nok drikke og mat samt varme klede. Du skal opp frå ca 400 til 1.314 moh. Rekn med å bruke 3 timar på turen opp.

Frå Kleppa kan du gå på snøen opp til Øvstestølen. Deretter følgjer du løype fram til Damefall. Her stoppar du for å legge på feller eller smørje skia slik at dei klabbar skikkeleg. Frå Damefall vil du stige nesten 800 høgdemeter til Kjeringafjell og treng festet. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete før du går vidare til Kallbakk. Frå Kallbakk svingar du opp under Rjupeskar før du siktar deg inn på vestre del av Fagreggi. Oppe ved Fagreggi, må du ned i Discohola. Ikkje spør kvifor ein kallar det for Discohola, eg veit ikkje. I Discohola er det godt med ein matpause for å samle krefter til den kraftiga stiginga. Start roleg etter matpausen. Du skal frå ca 950 moh til 1150 moh på kort distanse. Det blir sikk-sakk opp fjellsida før du kjem opp ved varden på Kjeringi. Det er ikkje berre ulemper med den bratte stiginga. Tek du tida til å nyte utsikten medan du kviler på stavane frå tid til anna, vil du ha ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Stølsheimen i vest og inn til Frønningen og munningen av Aurlandsfjorden.

Frå varden på Kjeringi er det litt motbakke att før du er på ca 1250 moh og skal til å runde over Skuledalen mot vardane på Kjeringafjell. I forhold til det du har vore gjennom er dette så godt som flatt terreng. I austre enden av Kjeringafjell finn du i 2016 radiobua. Frå Kjeringafjell har du ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Balestrand og Stølsheimen i Vest og heilt til Jotunheimen med Hurrungane i aust. I nordleg retning har du Voggebreen og Myrdalsbreen med Friksdalen under Kjeringi. I sørleg retning ser du Hermansverk og Nokkaneset samt over til Feios, Borlaug, Fresvik, Frøninngen, Fimreite-neset og munningen av Aurlandsfjorden.

Etter ein god rast med god mat og drikke, er det berre å fjerne fellene eller smurningen å begi seg på turen ned att. Ta deg god tid til å sigle på sikk-sakk i dei brattaste partia for å nyte nedturen og utsikta.


I videoen går eg ikkje opp bratthenget, nordom Discohola, men følgjer ruta trakkemaskina nyttar for å koma opp dagane før Kjeringi Open.

Tur: Smørkletten

Turen til fjellet Smørkletten startar på parkeringsplassen på Kleppa, ca 5 km køyretur opp frå Sognefjorden og går gjennom skiområda på og over Kleppa.

Når du har parkert går du til botnen av slalombakken for å byrje oppstiginga, i venstre kant a bakken mot granfeltet, til Øvstestølen. Alternativt kan du gå skogsløypene opp som går gjennom granfeltet. Den lengste tek deg ut mot der du kan gå til Eggja via Vålamyri for så å svinge tilbake mot Øvstestølen.

Frå Øvstestølen følgjer du skiløypa halvveges mot Damefall før du tek av på ein sti som går vestom skiløypa. Denne kan ta deg i fleire til plassar, alt frå Eggja over Smørkletten, Rjupeskar og Kjeringi i nord og Stokksete i nordaust.

Etter eit kort stykke frå du forlot skiløypa for å gå på stien, kjem du til eit kryss der stien mot Eggja og Smørkletten tek av i retning nordvest. Mesteparten av tida følgjer du ei kraftline før du går opp på Smørkletten på ca 815 moh. Terrenget er lyng og litt myrområder. Ingen fjell eller bratte parti skal forserast. Kven som helst kan gå turen. Om sommaren kan du nyte snacks som blåbær, blokkebær og molter. Ein kan fint gå turen med joggesko dersom det ikkje har regna eit par dagar.