SSD-trim deaktivert for kryptert disk

Ei av maskinene mine, ei eldre Lenovo Thinkpad X390, er sett opp med kryptert disk. Eg kom over ein video på Youtube som fortalte om at på ein linux-variant var ryddefunksjonen/trim for SSD deaktivert når ein hadde sett opp kryptert disk. Over tid medfører dette at skrivefarten til SSD blir dramatisk låg sidan rydding vert gjort når ein skriv nye data til SSDen, sidan tidlegare brukte dataceller på SSDen har ikkje blitt klargjort før. Sjå for deg blyantskrivne sider som må viskast før du kan skriv noko nytt. Vanlegvis foregår slik visking i ledige stunder slik at det alltid er reine stadar på SSDen til plassere nye data.

Eg sjekka Ubuntu 24.04-installasjon, også her var trim deaktivert. Sidan eg har reagert på at ting har lugga litt ei stund, var det verd å aktivere trim og sjå om responsen på maskina vert betre. Eit lite søk fann eg fram korleis eg kunne slå det på. Ein må redigere eit par filer:

  • /etc/fstab
  • /etc/crypttab

ved hjelp av sudo gnome-text-editor <fil> og du må legge til discard på nokre stadar. Eg legg ved utdrag frå filene på maskina mi for å vise kvar du må få ting på plass:

/etc/fstab

# <file system> <mount point>   <type>  <options>       <dump>  <pass>
# / was on /dev/ubuntu-vg/ubuntu-lv during curtin installation
/dev/disk/by-id/dm-uuid-LVM-rfM8EjE4Jn8eSmZuDfFjDhTwoi1A4Er7DLEkyyLSYsZ0znrvrCsySBCE9JUSj1oL / ext4 defaults,discard 0 1
# /boot was on /dev/nvme0n1p2 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/dd5aadf2-bb87-4b4b-829f-489a0c2b7ce5 /boot ext4 defaults,discard 0 1
# /boot/efi was on /dev/nvme0n1p1 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/9D63-50B4 /boot/efi vfat defaults,discard 0 1
/swap.img	none	swap	sw	0	0

/etc/crypttab

dm_crypt-0 UUID=32428e89-87ee-4532-aa18-e9a32c8798ab none luks,discard

Deretter må du slå på trim for det krypterte område med cryptsetup. Legg merke til at du må referer til namnet det krypterte område som i mitt tilfelle er dm_crypt-0:

sudo cryptsetup --allow-discards --persistent refresh dm_crypt-0

Sørg for å oppdatere oppstartskonfigurasjonen med:

sudo update-initramfs -k all -u

Til slutt er det restartar du maskina.

Når maskina er omstarta, kan du opne ein terminal og skrive

sudo fstrim -v /

Det er manuell trim av SSD som rapporterer kor mykje som har vorte nulla og klargjort for skriving igjen.

OneDrive-integrasjon i Ubuntu 24.04

Sidan lanseringa har integrasjonen med OneDrive feila. Først var det konfigurasjonsfila som vart feil sett opp. No er det fiksa, men eg greide framleis ikkje å få tilgang til OneDrive. Klikka eg på My files fekk eg melding om at Nautilus/utforskar ikkje kunne vise innhaldet.

For å få integrert med OneDrive har løysinga mi hittil vore å sett opp ei systemd-teneste som nyttar rclone til å kople maskinene til OneDrive-kontoen. Eg gjorde nokre søk på Startpage no og innimellom dei gamle råda frå i vår/sommar, fann eg løysinga:

Når eg installerte, la meg merke til at libmsgraph var ein eldre versjon 0.2.1. Tippar det er ikkje så veldig lenge før Ubuntu blir oppdatert, men kan du ikkje vente er det berre å følgje trinna over.

Fri Microsoft privat

Dei siste månadane har eg jobba med å flytte over frå Microsoft til Linux. Det utløysande eller dråpen som fekk begeret til å renne over, var Windows Recall for dei nye Copilot+ PCane. Her er litt utdjupande forhistorie:

For den kraftigare videoredigeringsmaskin, traff eg på eit lite problem. Eg fekk ikkje utnytta kreftene i Intel Arc A730M til konvertering av video til det lisensfrie format som AV1 med Opus-lydspor. I innlegget utgong bestemmer grafikkort har eg skildra det eg trudde kunne vere svaret. Eg har søkt råd på produsenten sine brukarforum, men har konkludert med at eg er unik. Det er taust som i graven.

Ubuntu 24.04 har kome i punktversjon 1 slik at det meste av småfeil i starten skal vere rydda or vegen. Eg valde difor å gjere eit nytt forsøk og no fungerer alt som det skal. Arbeidsflyten min blir som i Windows.

Å installere Ubuntu er enkelt frå ein minnepinne. Eg er rimeleg nøgd med standard oppsett av Ubuntu 24.04, men har gjort nokre tilpassingar:

  • «Dock» eller «apphylle» har eg flytta frå venstre side til midten, nede på skjermen som i MacOS.
  • Gnome Extensions sørger for:
    • alfabetisk sortering av appane i totaloversikta samt
    • skjuling av topplina når eg maksimerer program.

Ubuntu satsar på app-distribusjon gjennom Snap. Appane køyrer i eit sandkassemiljø som eg opplevde så strengt at appar eg nyttar i videoredigeringa ikkje fekk dra nytte av maskinvarekoding. Eg la heller til rette for Flatpak, som blir nytta av mange andre distrusjonar. Utvalet er større, appar var i nyare versjonar og ting fungerte som det skulle, inkludert maskinvarekoding av video.

  • LibreOffice erstattar Microsoft Office.
  • Evolution erstattar Outlook.
  • Krita erstattar Paint.net og Photofiltre i Windows.
  • Syncthing erstattar Microsoft OneDrive med synkronisering på tvers av einingar, inkludert telefon og nettbrett.
  • Microsoft OneDrive koplar eg til automatisk ved hjelp av rclone.
  • Cryptomator sørger for å kryptere alt eg lagrar i OneDrive som backup. Microsoft har ingen tilgang til innhaldet.
  • Shotcut redigerer eg video med.
  • Handbrake konverterer video til endeleg arkiveringsformat AV1/Opus ved hjelp av Intel Quick Sync i Intel Arc A730M.
  • VLC taklar alle videoformat.
  • KeepassXC held styr på passorda mine.
  • Firefox er nettlesar.
  • OBS Studio vert sporadisk nytta til opptak av skrivebord.
  • Skulle eg få lyst til å spele, har eg erfaring med at Steam og Proton fungerer godt på mine eldre spel.

Utgong bestemmer grafikkort?

Som følgje av utfordringane med overgangen til Ubuntu 24.04 på videoredigeringsmaskina mi, Medion Erazer X10, valde eg å legge inn att siste diskbilete av Windows 11 før installasjon av Ubuntu 24.04. Til det nyttar eg Clonezilla og etter berre nokre minutt er Windows gjenoppretta.

Eg tok ein pause frå Linux og hadde lyst til å gjere eit nytt forsøk på å få Need for Speed: Hot Pursuit (2010) til å virke på maskina. Gamle spel likar ikkje nye maskiner med mange prosessorkjerner. Det blir for mykje av det gode. Eg forsøkte forskjellig, men fekk det ikkje stabilt nok.

I dag starta eg att på å kome ajour med bilturane mine i vinter og vår. Det er litt råmateriale att til å redigere ned. Eg la merke til at Shotcut ikkje fann all maskinvarestøtta for video i Intel Arc. Det hadde Shotcut gjort før eg installerte Ubuntu 24.04. Handbrake hadde ikkje noko problem med å bruke AV1-støtta i Intel Arc.

Eg tenkte først eg hadde endra innstillingar i Windows som følgje at testinga rundt Need for Speed: Hot Pursuit (2010). Mellom anna hadde eg testa spelet med prosessoren sitt grafikkort (Intel Iris Xe Graphics) for å sjå om det var Intel Arc-kortet som skapte problema. Eg gjekk over alle innstillingar i Windows for spel og skjermkort. Dei eg meinte kunne ha påverknad vart justert. Alt såg korrekt ut, men det fungerte ikkje. Etter ein kik på avanserte skjerminnstillingar slo det meg.

Før eg innstallerte Ubuntu 24.04 nytta eg HDMI-utgongen bak på maskina, sjølv om maskina støttar video over USB-C. Årsaka var enkel: USB-C-kabelen til skjermen er kort og eg hadde lagt han slik at han ikkje rokk over til høgre sida av maskina. Ubuntu 24.04 var meir sensitiv på HDMI-kabelen og ville ikkje gi meir enn 1920×1080 på ein vid skjerm som støttar 3440×1440. Eg bytte kabel til ein eg visste støtta 4K, men då vart det brått til at eg vekk 3840×2160 i oppløysing på den vide skjermen. Noko alternativ med 3440×1440 eksisterte ikkje i skjerminnstillingane. Eg fann ei rettleiing på korleis eg kunne legge konfigurering på skjerm i grub/oppstart, men fekk det ikkje til. Etter all prøving og feiling kom eg på at maskina støtta video over USB-C. Eg la om kabelen og skjermbilete i rett format med USB-C. Når eg la inn att Windows 11, nytta eg framleis USB-C mot skjermen. Her er det eg såg:

Under LG HDR WQHD står det at skjerm 1 er kopla til Intel Iris Xe Graphics, skjermkortet integrert i prosessoren. Om eg koblar maskina til skjermen via HDMI-porten blir det slik:

Under LG HDR WQHD står det no at skjerm 1 er kopla til Intel Arc A730M, det sjølvstendige skjermkortet i maskina. Ber eg Shotcut leita etter maskinvarestøtte for video finn programmet støtta til Intel Arc:

Nyttar eg USB-C , finn Shotcut berre støtta Intel Iris Xe Graphics har. Her manglar av1_qsv (Intel AV1 QuickSync).

Ei over, ei att

Lenovo IdeaPad 5 Pro med AMD Ryzen 7 5800U er over på Ubuntu 24.04. Til vanleg arbeid er ho still med lang batteritid. Om eg vil kan eg redigere video med ho på same måte som under Windows. Det integrerte grafikkortet i prosessoren har maskinvarestøtte til koding av H.264- og H.265-video. Shotcut kan nytte denne støtta til raskare å eksportere video samt at det flyt betre når du redigerer. CPUen slepp å stå for all «løftinga».

Eg starta i går ettermiddag med å få over på Ubuntu 24.04 den nye og kraftigare berbare maskina mi. Ho har ein Intel i7-12700H samt eit kraftig Intel Arc-grafikkort. Intel, som AMD, skal vere det beste valet under Linux, men eg har støtt på ei utfordring. Shotcut ser berre det integrerte skjermkortet i prosessoren, Intel Xe Graphics. Eg oppdaga det i dag, midt på dagen, etter at eg hadde sett opp alt anna. Vel, vel arbeidet er ikkje bortkasta, men eg må løyse denne nøtta først.

Maskina er kjøpt med bakgrunn i at ho har eit dedikert Intel Arc-grafikkort, som gir maskinvarestøtte til den nye, frie og opne videostandarden AV1. Ingen må betale lisens for å bruke AV1. For H.264/5-video må ein betale lisens til dei som sit på rettane. AV1 er moderne og avansert, som gir betre bilete og mindre filer enn H.264/5-variantane. Baksida er at AV1 er langt tyngre. Utan maskinvarestøtte, som Intel Arc har, må du «ta kalendaren i bruk» om du skal kode om video med berre prosessoren.

Over tid vil H.264/5-støtta bli fjerna frå TV, operativsystem osv. Det skjer ikkje i dag eller morgon, men det er eit spørsmål om det forsvinn i løpet av neste tiåret. Eg har langt over 1000 videoar frå før ungane og fram til i dag. Alt skal omkodast til AV1 (fri videokodek) og Opus (fri lydkodek) for å sikre at om eg nærmar meg 80, kan eg framleis kunne sjå tilbake på minna frå 90-talet og tusenårsskiftet med eit smil.

Nærare adjø til Windows

Som mange andre private og ikkje minst verksemder, offentlege og privat, abonnerer eg på Microsoft 365. Knappe kr 1 200 er rimeleg med 6 TB med lagring. På «papiret» ser alt gulle godt ut og mine data skal vere godt ivaretekne samt sikra mot uvedkommande, inkludert dei som driftar løysinga. Noko har eg sikra ved hjelp av Cryptomator.

Problemet over tid er at separasjon mellom Windows-maskin og sky blir viska vekk. Du kan ikkje, utan vesentlege utfordringar, installere Windows utan samstundes å logge på med eller opprette ein Microsoft-konto. Vanlege brukarar følgjer standard oppsett slavisk og endar opp med ein Microsoft-konto knytt til maskina. Ein Windows-PC er no like knytt til skya som ei Chromebook til Google.

Sett i lys av komande val i USA og spesielt ein kandidat med prosjekt 2025, står vi no ved eit vegskilje. Går det i retning av eit autoritært USA, kan vi ikkje lenger ha tillit til selskap i USA som Google og Microsoft. Brått er USA i same klasse som Kina.

Linux har eg leikt med heilt frå før tusenårsskiftet. Eg minnes godt RedHat Linux-CD på omslaget til eit PC-blad, meiner det var rundt 1998. I forhold til Windows 98SE, var det eit steg opp og utfordrande. Utover dei siste 20 åra har eg blitt godt kjent med Ubuntu, som baserer seg på Debian. Fordelen med Ubuntu er eit stort miljø som nyttar denne distribusjonen. Det er enkelt å finne eller få hjelp når ein «stangar hovudet i veggen».

Den siste månaden har eg testa ut fleire variantar av Linux. OpenSuse Tumbleweed fatta interessa sidan det er ein versjon som tek med det nye veldig raskt. Har du nyare utstyr, er det som ofta støtta. Konfigurasjonssystemet vart for framandt for meg. Det vart komplisert å få på plass skrivaren. OpenSuse Tumbleweed blir det ikkje.

Eg vende tilbake til Debian-universet og har testa ut Linux Mint Debian Edition 6 (LMDE). Her finn du det beste grensesnittet for den som vil ta steget frå Windows. Basen, Debian, er ansett til å vere noko av det mest stabile. Her skundar ein seg ikkje fram med det aller siste, sakte men sikkert er mantra. Eg fekk testa ut det meste og fann all programvare til å erstatte mine Windows-program.

Steam og Proton var installert for å kunne spele Windows-spel. Quake II i oppussa versjon fungerte upåklageleg, skulle tru eg køyrde det på Windows. Den store ulempa med LMDE var at batteritida var dårleg. Eg testa med ulike straumprofiler, utan at det var til vesentleg hjelp. Eg bytte ut 6.1-kjernen med den nyare 6.8-kjernen, men heller ikkje det gav nokon markant betring. Skal eg ha Linux på berbar, er førsteprioritet god batteritid.

Eg vende tilbake til Ubuntu 24.04. Grensesnittet er meir tradisjonelt Gnome, men ikkje framandt for meg. Ei lita justering og no liknar det på MacOS, som eg er kjent med. Battertida er som dag og natt i høve LMDE. I skrivande stund er betteriet på 93% med 10 timar til tomt. Maskina er stille, som er slik det skal vere når ein skriv.

Årsaka til at eg gav LMDE eit forsøk, var valet Canonical har gjort med tanke på levering av programvare. Dei har etablert Snap til distrubering av programvare, medan mange andre satsar på Flatpak. I mine første spede forsøk med Ubuntu 24.04, la eg merke til at Snap hadde utdatert versjonar av flere program eg nyttar. Siste offisielle versjonar var på plass i Flatpak. Løysinga er likevel enkel for Ubuntu 24.04. Det er berre å installere Flatpak og eg kan no fritt velje mellom installere frå Snap eller Flatpak. Så lenge batteritida er god, kan eg leve med andre «skavankar». At Ubuntu 24.04 er sikra støtte i 12 år er heller ikkje noko å kimse av.

Suksess med oppgradering til kjerne 5.11.0-38

Rundt midten av oktober kom det ein oppgradering av Linux-kjernen for Ubuntu 20.04 frå 5.11.0-37 til 5.11.0-38. Den «automagiske» oppdateringa fungerte ikkje på mi stasjonere maskin. På den berbare gjekk det smertefritt. Eg gjorde fleire forsøk utan hell.

Nederlag er ikkje eit alternativ. I dag gjorde eg eit nytt forsøk. Alt blei gjort via kommandolina og eg noterte meg kva pakkar oppdateringa meinte eg burde legge til. Eg følgde råda og installerte dei pakkane som vart peika ut utanom det som vart automatisk installert. Etter omstart, slik at grunnmuren – kjernen – kom på plass, fungerte alt perfekt. No er også mi stasjonere på kjerne 5.11.0-38.

PS! Neste utfordring er at siste oppdatering av Wine til 6.02, knakk noko som Windows-programmet WebSite Watcher nyttar. Nettleserdelen av programmet greier ikkje å vise data, f.eks. endringane på ei side. Kjedeleg når eg nyttar programmet til å raskt lese nyhende frå hundrevis av sider.

Kjerne 5.11.0-38 knakk nettverk i Ubuntu 20.04

I helga var det ei oppdatering av kjernen frå 5.11.0-37 til 5.11.0-38. Ho gjekk ikkje bra. Første gong knakk støtta for mitt oppsett med to skjermar. Ikkje kul om den eine skjermen vart gjenkjent og kunne brukast. Når eg køyrde oppstart, med den gamle kjernen frå oppstartsmenyen, virka alt. For å sleppe problem, fjerna eg den nye kjernen.

Eg gjorde fleire forsøk i løpet av veka utan å lukkast, men la merke til at òg nettverksdelen ikkje virka. Både trådlaust og kabla nettverk hadde fungert tidlegare, no fungerte ingen ting.

Eg gjorde eit siste forsøk i kveld og fekk skjermoppsettet til å fungere. Nettverksdelen fekk eg ikkje liv i. Eg prøvde òg eit USB-nettverkskort som fungerer med mykje, heller ikkje det løyste problemet. Det kan virke som om det er noko overordna innafor nettverk som er knekt i kjerne 5.11.0-38.

Eg er litt meir kompetent enn ein vanleg PC-brukar og greier å få mykje til fungere, men det er slike oppdateringar som ikkje kan kome ut om Ubuntu skal vere eit operativsystem alle kan bruke.

Handbrake i Ubuntu 20.04

Sidan eg kjøpte meg ein GoPro 7 Hero Black vinteren 2019, har eg teke opp timevis med video frå fotturane mine i nærområdet som eg redigerer ned. Før opplasting til Youtube har eg alltid lagra ei ferdigredigert fil i tilnærma tapsfri kvalitet. Ho blir stor, men sidan eg har fiber tek ikkje opplastinga så lang tid. Youtube får best mogleg kvalitet for deira omkoding. Den same fila omkodar eg med Handbrake til eit meir komprimert format for arkivering.

For litt sidan tok eg eit val om å gå over til Ubuntu som operativsystem. Eg har fått på plass all programvare eg treng, men Handbrake i programvarekatalogen til Ubuntu har ein vesentleg svakheit: Det er ingen støtte for å dra nytte grafikkortet (Nvidia RTX 2060) i kodinga av video. Når ein kan nytte Nvidia sin NVENC til kode video, tek kodinga ein brøkdel av tida om prosessoren (CPU) skal stå for det heile.

Løysinga finn du på Handbrake sine sider. I motsetning til versjonen Ubuntu serverer, støttar Flatpak-versjonen NVENC. Før du installerer den, må du installere støtte for Flatpak i Ubuntu. Naviger deg til https://flathub.org/apps/details/fr.handbrake.ghb. Gå inn på «Setup Guide» og vel Ubuntu. Sidan eg har Ubuntu 20.04, treng eg ikkje gjere del 2 av steg 1. Eg kortar det ned til følgjande kommandoar i terminal/kommandolina:

sudo apt install flatpak
sudo apt install gnome-software-plugin-flatpak
flatpak remote-add --if-not-exists flathub https://flathub.org/repo/flathub.flatpakrepo

Ein omstart og du søker fram den nye applikasjonen for programvare som ser ut som ein lys koffert med taltastatur i ein sirkel. Her får du installert programvare frå begge programvarekatalogane til Ubuntu samt Flatpak.

Under fana Video skal det no vere mogleg å velje mellom H.264 (NVEnc) og H.265 (NVEnc)

Samsvar med GDPR, owncloud.online?

Som eg har skrive tidlegare, i fleire innlegg, er det framleis stor uvisse om ein i det heile kan bruke amerikanske tenester, sjølv om informasjonen er lagra i EU, EEA eller Noreg. Eg har sett på skytenester innan EU, om dei kan erstatte Microsoft og Google. Ein av aktørane er owncloud.online. Dette er ein tysk leverandør som køyrer programvara Owncloud. Fana med å vere i tråd med GDPR held dei høgt.

Alle som lovar mykje bør ein kontrollere om held ord. Ofte nyttar eg https://pagexray.fouanalytics.com/ til å få oversikt over kva som blir henta når ein vitjar ei side. Kontrollen av owncloud.online overraska meg:

Som du ser av kartlegging, vil du sjå at ein nyttar fleire amerikanske tenester:

  • Google Analytics
  • Cloudflare
  • Namecheap (jsdelivr.net)

Med tanke på at bruk av tenester som Google Analytics i fleire saker er klaga inn, synes det merkeleg at ein faneberar for GDPR vel å nytte amerikanske tenester som vil handsame informasjon om din nettaktivitet og einingen du nyttar. IP-adresse vert sett på å vere personidentifiserande, men om du sjekkar tenesta amiunique.org, vil du få ein indikasjon på kor unik din PC, nettbrett, telefon er.

For min stajonere PC fekk eg dette resultat:

Kombinasjonar av all informasjon som vert henta ut frå nettlesaren gjer meg unik. Berre det at eg køyrer Ubuntu 20.04 snevrar meg inn til kun 2,95% av datasettet, som omfattar alle som har køyrt testen. Det er enkelt for Google å følgje meg etterkvart som eg forflyttar meg rundt på nettet.

Kor unik er du?