
Windows 11 krev konto knytt til Microsoft og stiller store krav til maskinvare. Eldre maskiner kan berre gløyme å oppgradere. Chromebooks krev Google-konto. Apple Macs krev Apple-konto. Vel og bra for mange, men sett i lys av det siste året med Schrems II og CSAM stussar eg på kvifor vi skal lenkje oss til dei amerikanske selskapa lenger.
I tillegg har vi opplevd vel 4 år der USA har sokke lenger ned i ville fantasiar og fascistiske tendensar. Tiltrua til demokratiet som styreform er dalande. Kva dei kan vere truande til framover er ope. Det er på tide å sjå seg om. Eg ønskjer no å sjå om eg kan leve med Linux. Eg har køyrt Ubuntu 20.04 vel 1 månad på ein berbar PC. Til det daglege arbeidet har alt fungert. Må sei at eg ikkje har sakna noko. Til og med AirPods Pro fungerer utan problem mot Ubuntu 20.04. Eg må legge til at eg ikkje er fersk på Linux. Dei første forsøka gjorde eg rundt tusenårsskiftet med RedHat. Ubuntu har eg følgt med sidan nett før dei slapp Ubuntu 6.06 tilbake i 2006. Eg kan ikkje ting på rams, men eitt eller to søk og eg har løysinga på det meste. Med andre ord har eg noko meir kjennskap til systemet enn ein ordinær Windows-brukar.
No har eg sett opp Ubuntu 20.04 på ein av SSDane på arbeidsstasjonen. Her er det snakk om 16 GB RAM, AMD Ryzen 7 3700X og Nvidia RTX2060 samt 1TB NVME SSD og 1TB SATA SSD. Drivarane til grafikkortet er på plass og eg har fått gjort nokre mindre justeringar av skrivebordet. Eg har lagt til ein ferskare versjon Wine (frå WineHQ) for å kunne nokre få Windows-program. Hittil er IrfanView og WebSite Watcher installert og fungerer. Ubuntu 20.04 har ein eldre versjon av LibreOffice som eg skifta ut med den stabile kanalen for LibreOffice. Videoverktøyet Shotcut er på plass og kan bruke NVENC på Nvidia RTX2060, nett som på Windows. Mi personlege sky – Syncthing – er sett opp. Spotify spelar Iron Maiden si siste plate i bakgrunnen. Eg skal setje opp rclone for å kunne synkronisere mot GoogleDrive, OneDrive og andre skytenester. Informasjon som må sikrast blir kryptert med Cryptomator før krypterte filene blir synkronisert. Som på Windows har eg sett opp Firefox nettlesar samt Thunderbird. Sistnemnde er kopla med e-post, kalendar og kontaktar mot min norske leverandør. Evolution skal til vurdering for ei erstatning av Thunderbird.
Eg kan framleis velje å starte Windows 10 når eg (om)startar maskina. Inntil vidare treng eg det berre i dei få periodane i løpet av året eg spelar på gamle Call of Duty-serien, spela som kom for snart 20 år sidan. Det kan gå rundt året mellom kvar gong eg spelar.