Underhaldningsindustrien på pc held fram sin marsj mot å framandgjere alle som ønskjer å spele på sin pc. For litt sidan kom Ubisoft og Assassin Creed 2 med sin Digital Rights Managment (DRM) som krev 100% tilkopling til nett for å kunne spele eit sjølvståande spel på pc. Berre gløym å setje deg ned ein plass utan tilkopling.
EA med Crysis Warhead, Far Cry 2 og andre titlar med SecurROM-aktivering via server prøver seg igjen. DRMen, på t.d. Command & Conquer 4 Tiberian Twilight, er like idiotisk som Ubisoft sin:
PERSISTENT INTERNET CONNECTION, EA ACCOUNT, REGISTRATION WITH ENCLOSED SERIAL CODE AND ACCEPTANCE OF END USER LICENSE AGREEMENT REQUIRED TO PLAY. SOFTWARE REGISTRATION IS LIMITED TO ONE EA ACCOUNT PER SERIAL CODE AND IS NON-TRANSFERABLE. YOU MUST BE 13+ TO REGISTER FOR AN EA ACCOUNT. EULA, EA ONLINE TERMS AND CONDITIONS AND FEATURE UPDATES CAN BE FOUND AT WWW.EA.COM. EA MAY PROVIDE CERTAIN INCREMENTAL CONTENT AND/OR UPDATES FOR NO ADDITIONAL CHARGE, IF AND WHEN AVAILABLE. EA MAY RETIRE ONLINE FEATURES AFTER 30 DAYS NOTICE POSTED ON WWW.EA.COM.
Du må her også sitje kopla til nettet for å spele eit tradisjonelt einmannsspel. Du er nøydd å teikne konto hjå EA og når du har spelt ferdig spelet og er lei det, kan du ikkje selje det til ein anna fordi serienr er “NOT-TRANSFERABLE”. Legg også merke til siste setninga. I det minste kan deler av funksjonaliteten til spelet bli deaktivert med 30 dagars varsel. Det største problemet er den dagen dei slår av servarane. Ein endar opp med spel like brukbare som musikk med DRM. Kor vart det av den? I dag leverer alle med respekt for seg sjølv musikk utan DRM.
C&C-serien starta sitt liv i 1995. I 2005 kom dei ei 10-årspakke med sagaen kronologisk. Berre synd at det ser ut til av vi aldri vil oppleve ein 1995-2015-serie.