
Istadenfor å ta turen tilbake same vegen som du kom, ned til Skjer, kan du halde fram mot vest over elva Kvinna og kome ned i Eitorn. For å kome dit er det berre å passere postkassen med turboka slik at du har han på høgre hand og halde fram inn mellom trea.
I motsetning til turen frå Skjer er turen til Eitorn ein lengre og slakare bakke. Første delen tek deg ned til elva Kvinna, like over Kvinnafossen. Her kan du gå ut på kanten og kike ned. Personleg likar eg mykje betre å stå nede i vegen og kike opp.
Utanom utsikta frå toppen av Kvinnafossen er ikkje turen til Eitorn den aller mest spanande. Du går for det meste i skog, til tider tett på kvar side av stien. Men det hender at du kan få deg utsikt mot Sognefjorden her og der.
Grendalaget har sett opp skilt med litt historie på ulike plassar. Det opnar seg litt opp etterkvart som du kjem ned mot Eitorn, sjølv om naturen et seg godt inn på tidlegare slåtteteigar. Du passerer krysset på Trodlahaugen der stien til Myrsete, ein støl på vestsida av Kvinna, skil lag frå stien til Skoparsete. Om du føler deg sterk kan du gå opp til Myrsete og vidare opp til Vassvarden før du går ned på Hella.
Nede i Eitorn passerer du gjennom eit tun med hus, stabbur og fjøs som tidas tann gneg på. Du bør nok lytte og sjå etter om det er ting som kan dette ned frå det største huset der. Vegetasjonen held plassen og stien ned til Sognefjordvegen i si klamme hand. Ut på sommaren kan det godt vere at du ikkje ser over graset om du er under 1,60 m høg. Når du er komen ned til vegen, følgjer du han eit par kilometer tilbake til Skjer og bilen.
Rundturen frå Skjer opp til Skoparsete, ut til Eitorn og tilbake har eg delt i to:
- Skjer til Skoparsete
- Skoparsete til Eitorn
















































































































