Tur: Stokksete via Raumålsgrinda

Turen til Stokksete kan du ta frå fleire stadar, parkeringplassen på Kleppa, Skahaug, like over byggefelta på Røysa eller som i videoane frå stadion. Du brukar same utgangspunktet som turen til Raumålsgrinda. Etter å ha vore dit eit par gonger, kan du godt legge på vel 1/3 til og kome deg til Stokksete. Begge turane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Stien frå Raumålsgrinda er tydeleg og du vil passere i ytterkant av myrene, der skiløypene på Øvstestølen vert lagt. Når du nærmar deg Stokksete, vil du møte stien som går ned eller opp frå Dalhjedla i Henjadalen. Den stien er svært lite brukt og er lett å miste. Vil du gå ned til Dalhjedla, vil eg tilrå at du tek med deg kjentmann eller –kvinne. Like etter vil du kome til Gaosi, ein gamal offerstad. Her gjekk ein aldri forbi utan å legge bær eller anna til Gaosi. Like etter Gaosi deler stien seg og du kan velje å gå til venstre i Stokksetereset og kome fram til trekassen på påle (ved Raude Kross-kasse), eit kort stykke før stølsområdet. Held du til høgre går du nærare stølsområdet, men enno på god distanse til sæla/hyttene fram til kassen.

Turen er splitta i to deler:

  1. Frå Skahaug til Raumålsgrinda
  2. Frå Raumålsgrinda til Stokksete

Tur: Raumålsgrinda

Turen til Raumålsgrinda er ein kort tur etter gamal sti. Turen startar på Skahaug, ca 1,5 km frå parkeringsplassen på Kleppa. Du kryssar gamle vatningsveiter til gardane på Henjum. I 2012 vart det teke ut skog i området. Ein følgje av det er at turen er mykje opnare. Du har utsikt ned mot Hermansverk  på mykje av turen.

Det kan til tider vere ein del fuktigheit på stien som saman med røtter til tre, barnåler, kongler og svaberg gir ein viss risiko for å skli, spesielt på vegen ned att. Etter ca 1 km gange kryssar stien ein grusveg som vart laga til i samband med eit nytt høgspentstrekk for nokre år sidan. For dei som ønskjer å ikkje gå til Raumålsgrinda, kan ein gå 1 km tilbake til vegen som går til Kleppa for deretter å gå ned att ca 1 km til utgongspunktet. For oss som held fram til Raumålsgrinda, går ein ca 100 meter opp ein traktorveg før ein følgjer stien ut mot Henjedalen. Etter 50 meter kjem stien saman att med spor frå skogsmaskinene. Med andre ord kan du følgje spora til skogsmaskinene. Maskinene har køyrt opp Raumålsbakkane og nesten heilt fram til Raumålsgrinda.

For å sleppe å ta turen ned same vegen, kan du følgje stien tilbake til Kleppa og gå ned vegen til Skahaug. Du må gå ca 50 meter i retning mot Stokksete, før du går til venste og inn i skogen. Eg vil absolutt tilrå at første gongen du tenkjer på å ta ein slik rundtur så parkerer du på Kleppa går derifrå for å gjere deg kjent med kor stien startar over Raumålsgrinda.

Raumålsgrinda er ein mellomstasjon for tur til Stokksete. Frå Stokksete passar det å gå vidare og kome ned att på parkeringsplassen på Kleppa. Vil du ikkje til Stokksete, kan du følgje ein sti som går tilbake til parkeringsplassen på Kleppa frå Raumålsgrinda. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Turen til Raumålsgrinda gir deg med andre ord eit allsidig utgongspunkt for flotte turar i fjellområdet på vestsida av Henjadalen.