Mitt inntrykk av Windows 7 er at det er raskt til å vise skrivebordet, men det er så mykje som startar opp i bakgrunnen at ein kan ikkje bruke maskina før etter ei god stund. Det er mange som hevdar at 7 er raskare enn Vista i oppstarten, men der er mitt inntrykk at 7 er flinkare til å vise fort skrivebordet, men ellers er det akkurat like gale.
Eg måtte testa kor raskt Ubuntu 10.04 var i oppstarten kontra Windows 7. I min test gjorde eg ei forutsetning at Firefox og e-postprogrammet Thunderbird skulle vere starta, vise startsida og sjekke e-post. Maskina har siste teknologi med mellom anna ein Core i5-540M prosessor.
Resultatet av min test vart:
- Ubuntu 10.04: 55 sekund
- Windows 7: 2 minutt
Ikkje skuld på at eg ikkje har rydda opp i rusk og rask som følgjer med dagens pcar. På mine pcar køyrer ikkje noko som ikkje er nødvendig.