
Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen er vid og open.
Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen. I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet.
Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Nyastøl slik at du kan trille heim.
Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga
Turen til Friksdal er delt i tre deler:
- Fram Henjadalen til Flya
- Flya til Nyastøl
- Nyastøl til Friksdal




































