Eg er ikkje ein som likar å bruke for lang tid i butikkar. Eg veit kva eg skal ha og det er fort inn, hente, betale og vidare. I dag besøkte eg eg eit lokalt utsal av ei kjede eg har vore innom eit par gonger før. Tidlegare har eg oppdaga det eg trengte eller området det var i frå inngangen. Då var det berre å hente det og returnere til kassen.
Kjeda har mykje løge, men eg greidde ikkje å få auge på avdelinga eller vara med eit kjapt sveip over reolane og veggene frå inngangen. Ekspeditøren var hjelpsam og følgde meg til reolen og plukka fram vara for meg. Når vi gjekk tilbake til kassa, sa eg at det kunne vere lurt om dei kunne henge opp skilt frå taket eller setje opp skilt på reolane, slik at ein lett såg kor dei ulike avdelingane var. Svaret var uventa, men i det minste ærleg. Policy til kjeda er å ikkje merke opp i butikken. Tanken er at kunden, på vegen til vara dei skal ha, vil finne andre varer som dei treng eller har lyst på. Utifrå ein enkel og logisk tankegang virkar det som ein grei måte å auke omsetninga på. For min del er det mangel på service og det må skape ein del meirarbeid for dei tilsette.
Eg sa til ekspeditøren at når det var vanskeleg for meg å finne ei vare i ein butikk, handlar eg på internett. Der er det lett å søke etter det eg treng. Du kan hevde at eg må betale frakt når eg handlar på nettet. Då må ein høgse på at å løyse bilen for å køyre 4 mil med i tillegg ein bom på 2 x kr 28, er mykje dyrare enn å betale 49 til 150 i frakt med Posten eller eit anna transportfirma. Å måtte vente nokre dagar ser ikkje som noko vesentleg ulempe.
Det er heilt tydeleg at kjeda ikkje har hatt kundar som meg i tankane. Eg er vel kanskje litt spesiell sidan eg, for å spare tid på å lese nyhende, brukar programvare til å lese nettsidene og markerer det som er nytt sidan sist.