ATA Secure Erase

Etter kvart som eg fornyar maskinparken, må eldre maskiner seljast. Maskina for salg hadde SSD og hadde vore mi primære maskin. Eg fjerna alle filer og sørga for optimalisering av disk (TRIM).

Eg sjekka i etterkant om eg kunne finne att filer eg hadde sletta etter optimalisering. Forsøket viste at bileta som vart funne var i hovedsaken små versjonar av dei orginale bileta. Derimot var det haugar med andre filer vart funne. Det var bankutskrifter mv. Slikt vil eg ikkje skal gravast fram av andre.

SSD har, for å utjamne slitasje, ei virtualisering mellom tradisjonelt hard disk-lag og lagringsceller. Cellene på ein SSD har eit avgrensa liv, nett som eit batteri til berbare PCar. Etter x antall skrivingar er det slutt. Har du fylt opp 90% av SSDen vil dei siste 10% bli «hamra» med alle endringane. Når du køyrer eit tradisjonelt program for å viske gamle magnetiske hard diskar, vil logikken i SSDen prøve å jamne ut skrivinga til cellene på SSDen. Risiko er at dei 90% som ikkje har vore hamra med endringane er dei cellene som blir overskrivne. Restane som ligg att i resterande 10% kan ein finne att.

Løysinga for SSDar er å gjennomføre ATA Secure Erase. Støttar systemet dette, blir det sendt ein kommando som sørger for å nullstille alle celler inkludert dei som er sett i reserve.

Eg nyttar Parted Magic. Eg reinstallerte Windows 10, sletta alt gamalt, med alle oppdateringa. Installasjonen vart sikra med CloneZilla. Deretter gjennnomførte er ATA Secure Erase og la tilbake Windows 10 eg hadde lagra rett før.

PhotoRec var køyrt for å forsøke å hente fram kjente filer som eg visste kunne ligge i ledige områder på SSDen. Eg testa ca 80 GB av ein SSD på 250 GB og ingen av mine gamle filer blei funne. Før kunne eg finne masse, no fann eg ingen ting av mine filer. Nullstillinga som skjer med ATA Secure Erase fungerte. Ergo rådet for SSDar er ATA Secure Erase og ikkje tradisjonell overskriving.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.