Outlook-app for iOS

Eg har nok meir kontroll enn dei fleste på dei viktigaste kontoane mine. Eg sjekkar jamleg aktiviteten på Gmail. I starten av denne veka sette eg kaffien i halsen. Det var innloggingar til min Gmail frå Nederland, frå ei heilt anna IP-adresse (versjon 6) enn dei IP-adressene og IP-seriane eg var van med. Her er ei eksempel frå logging min som viser det:
Aktivitetsinformasjon.png
Det tok ikkje langt tid før eg skjønte kva det kunne vere. Eg testar Microsoft sin Outlook-app for iOS som standard-app for e-post, kalendar med meir. Tidspunkta eg såg i loggen gjorde at eg mistenkte eg at det var appen som skapte innslaga. Eg bad appen sjekke for e-psot eit par gonger. Kvar gong kom det eit logginnslag frå Nederland. I praksis betyr det at for å hente ut e-post frå Gmail brukar Outlook-appen Office 365 til Microsoft i bakkant.

Ved oppsett av Microsoft sin Outlook-appen for iOS gir du outlook.com løyve til å lese, endre, slette osv informasjon på din Google-konto. Har du sett opp Outlook-appen, kan du besøke sikkerheitssjekken og finne informasjonen under Tredjepartstilgang: https://myaccount.google.com/security-checkup

myaccount_checkup

Klikk på Tredjepartstilgang hos deg og finn Microsoft apps & services. Klikkar du på informasjonssymbolet som er gitt til Microsoft apps & services for kontoen din:

MS_apps_and_services

Legg merke til at tilgangen er gitt til outlook.com som betyr at det er skytenesta til Microsoft som handterer informasjonen. Et må innrømme at eg oversåg denne detaljen når eg sette opp appen.

Personleg er ikkje bekymra. Eg har nytta Office 365 privat og på jobb lenge. Eg er trygg på Microsoft som leverandør samtidig som eg har alle gode tiltak på plass. Det er likevel greit å vite at det ikkje er ein lokal app på min iPhone som har tilgang, men skytenesta til Microsoft.

Det får vere opp til deg å ta stilling til om du vil ha det slik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.