Ingen av maskinene mine er state-of-the-art og siste modell. Eg har vore van med kabla nettverk på 1 Gb. Å flytte store filer har aldri bydd på problem. Dei siste åra har eg funne meg i meir «kummerlege» forhold. Med nettverkskort av rimelegast type har det ikkje vore mykje fart. Er eg heldig ligg overføringane av større filer på i overkant av 10 MB i sekundet.
Det trådlause nettet mitt er dimensjonert for mykje meir. Eg har alltid halde mine eigne ruterar. Den gamle standardruteren til Sognenett er «billig skrammel». Bak den har det først stått ein skikkeleg 802.11n-router med støtte for 2,4 og 5 ghz-bandet. Seinare er han skifta ut med D-Link DIR-880Lmed støtte for 802.11ac-standarden. Med lovnadar på 600 mbps på 2,4 ghz og 1300 mbps på 5 ghz skal det gå unna, men det hjelper ikkje med gamle trådlause nettverkskort. Her må ein ha ny dyre kort og du passerer lett kr 500 per maskin.
Ei utfordring er at eg har ein Minecraft-, Windows sikkerheitskopierings- og filserver ståande som køyrer Ubuntu. Det er ikkje alle produsentar av nettverkskort som tilbyr like god støtte for Linux som Windows. Det må det gjerast grundige undersøkingar før ein kjøper kort. For å sleppe den jobben, fall valet på TP-Link RE580D.
I utgangspunktet er TP-Link RE580D marknadsført som ein boks som kan utvida rekkevidda til ditt trådlause nett, men den kan brukast som trådlaust nettverkskort som du kan kopla til 5 maskiner til med kabel. Med same spesifikasjonar på den trådlause delen som D-Link DIR-880L er TP-Link RE580D ein perfekt match. Kopla til 5 ghz-nettet frå D-Link DIR-880L og med hastigheit på rundt 50 MB i sekundet frå Minecraft- og filserver blir saknet av kabla 1 Gb nettverk ikkje så stort lenger: