Eg måtte ein tur til Bergen denne veka. For å vere litt fleksibel og kunne gjere nokre ærend rundt i byen, valde eg å ta bilen. Eg køyrer diesel, ja. Noko anna var ikkje aktuelt med krava til storleiken til kupeen til bilen når eg bytte for snart 4 år sidan. 5 vaksne skal sitja godt, utan kompromiss. Valet var enkelt: Skoda Superb.
Turen min gjekk frå Hermansverk, over Vikafjellet og inn til Bergen på E16. I Bergen vart det noko småkøyring før eg returnerte. Bilen stod aldri så lenge i ro at snittmålinga starta på nytt. På E16 er ein så godt som låst til å følgje flyten, men opp Vikafjellet kan ein alltid trø til litt. Her la eg nok att eit par ekstra desiliter på snittforbruket. Med forsiktig fot over fjellet skulle eg nok greidd å dra forbruket nærare 0,4 liter på mila.
Eg bør legge til at no er det vinterdiesel på pumpene, som har litt mindre energi. Ein varm dag med sommardiesel og forsiktig fot, burde det vore mogleg å dra forbruket ned på 0,4 eller kanskje 0,39. Skulle likt å sjå ein hybrid gjere same turen utan ladestopp med same forbruket…
PS! Etter 80 mil har eg framleis att 1/4 tank….
Kan legge til at eg dagen etter fylte 45,9 liter etter 804 kilometer. Noko over 300 km var køyring i lokalområdet, resten turen til Bergen. Snittforbruket totalt blir 0,57 liter pr mil.