Eg hadde ein samtale med ein kar om ulike stiar som vart nytta i gamle dagar. Denne stien vart nytta av bøndene når dei lauva i sidene på Melatoppen, Seljeskredfjellet til Bjørnshovden. Eg har lenka til eit kartutsnitt frå Norges-kart.
Stien startar ved den nederste høgresvingen på Hangsetevegen, kryssar Bogagrovi og skråar opp over mot teksten Seljeskredfjellet. Når du står i svingen, med ryggen mot vegen, kan du skimte kor på stien har starta. I dag er det nok berre hjorten som bruker deler av han. I bilete under har eg teikna inn slik eg oppfatta stien gjekk:

Ser du fjellområdet nedanfrå, ved Henjabrua eller heime på Njøs, kan du ikkje tru at det gjekk an å gå i fjellsida. Sjølv med nerver av stål er det lite sannsynleg at du kan gjennomføre turen i dag. Ein del av fjellsida, som du ser i venstre tredjedel av bilete over, lausna for ein del år sidan. Det tok med seg ein vesentleg del av hylla som stien gjekk over. Bileta under tek deg litt nærare inn på området (frå sør til nord) samt rasrenna:



