Skadevareangrep er aukande:
- Skadevareangrep øker (Checkpoint)
- Angrep fortsetter med uforminsket styrke (NorSIS)
- Crime-as-a-service (CW – Center for Cybersikkerhed)
- Når de digitale bandittene kommer (Dagens Perspektiv)
- Soprah Steria oppdatering om angrepet
Trusselaktørar kan bruke skadevare som antivirus eller leverandøren din sine system ikkje greier å fange. For å unngå at noko «detonerer» på PCen, kan du enkelt forebygge dette ved å gå over til å bruke Outlook-app.
Ved skadevareangrep via e-post, satsar trusselaktøren på at skadevara kjem inn på PCen din i Outlook og du vert lokka til å vise e-posten eller klikke på vedlegg. Dette set for eksempel i gong prosessar på PCen som hentar inn ytterlegare komponentar og til slutt køyrer skadevara på PCen din. Kva som vil skje er avhengig av måla til trusselaktøren. Du kan sjå for deg følgjande:
- filer (dokument, bilete og videoar) du har tilgang til blir kryptert og løysepenger krevd for dekryptering,
- filer du har tilgang til vert lasta opp til trusselaktører og deretter kryptert på PC med krav om løysepenger for dekryptering og mot offentleg publisering,
- e-postar kan bli lastet opp til trusselaktør med krav om løsepenger mot offentleg publisering,
- osv.
Med eit enkelt grep kan du redusera risikoen vesentleg. Avinstaller Outlook på PC og gå over til Outlook-app:

Outlook-app viser nettversjonen av Outlook (Online) i eit spesialtilpassa nettlesarvindauga i Microsoft Edge. Med Outlook-appen, får du sikrare vising av filer i skya og ikkje på PCen. Slik går du fram for å installere han:
- Start Microsoft Edge nettlesar
- Naviger Microsoft Edge til e-post Microsoft 365 Jobb eller Microsoft 365 Personleg/Familie
- Klikk på + til høgre i adressefeltet til Microsoft Edge
- Installer Outlook-app
- Plasser oppstartsikonet i Start-meny og/eller andre stadar.

Innstillingane finn du under stjerna, oppe, til høgre:

Under «Vis alle Outlook-innstillinger» kan du setje opp:
- varseltyper under Generelt,
- signatur under innstillingar for E-post og
- justere noko for kalenderen under Kalender.

Generelt sett dropp alle program på PCen som hentar inn e-post, bruk heller web-versjonen i ein nettlesar. Med andre ord ha e-post på ein armlengdes avstand frå utstyret ditt.