Google Photos har vore ein trufast følgjesvenn så langt eg kan hugse. Når han vart lansert, var det ikkje lenge etter eg starta å laste opp alle bileta mine samt dei ferdigredigerte videoane. Møysomleg fekk eg lagt inn rett tidsstempel der det mangla. Kronologien er i orden fram til i dag.
No har eg eit bilete- og videoarkiv som eg ofte blir minna på frå Google Photos-appen på telefonen. Det er kjekt å få meldingar om hugsar den og den dagen for x tal år sidan. Det kan vere ein fjelltur med ungane eller ein dag på ferietur med dei.
Eg har lasta opp nesten 600 GB med bilete og ferdigredigert video. Sidan all video er full HD (1920 x 1080) eller under, bileta er 16 megapixel eller mindre, blir ingen ting talt med i bruk av lagring. Med andre ord gratis lagring av alle minna!
No blir det slutt med gratis lagring, uansett video- og biletkvalitet. Mitt lager blir ikkje påvirka, endringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Eg kan framleis få påminning om gamle minner frå appen Google Photos på telefonen. For deg, som nybakt familiefar eller -mor, blir konkurransen meir jamna ut. No må du betale uansett om du vel Google, Apple, Microsoft, Dropbox, Jotta eller andre løysningar til å hjelpe deg til å ta vare på minner.
PS! Hugs å ta vare på ein lokal kopi av alt, i tilfelle du gjer ein tabbe og bryt vilkåra til tenesta og dei stenger deg ute! Med mindre du har 3 kopiar, har du ikkje sikra deg godt nok: 1 i skya, 1 i huset ditt og 1 utanfor huset ditt…