
I dag er det 5 år sidan ein bauta i rockeverda la instrumentet på hylla for godt. Ian Fraser Kilmister fødd 24.12.1945 takka for seg 28.12.2015, like etter han runda 70. To dagar før hadde han blitt diagnostisert for prostatakreft med kort tid igjen å leve.
Namnet Ian Frasier seier dykk nok ikkje mykje. Han gjekk under kallenamnet Lemmy og var grunnsteinen i Motörhead.
Meldinga om at enden var nær var nok ikkje uventa. Han tok meldinga med stoisk ro og sa I had a good run. Over dei siste åra hadde han blitt redusert til eit skjelett med hud (24.11.2015). Til trass for skral helse gjennomførte han haustdelen av turneen og avslutta som planlagt i Berlin 11.12.2015. Han kom i mål ved at dei senka tempoet 15% saman med at han fekk litt rom til å kvile i løpet av settet. Sjukemelding ville vere å skuffe fansen.
Sidan tidleg på 1980-tal har eg følgt Motörhead. Det har vore periodar eg har lete dei sigle sin eigen sjø, men eg har alltid halde eit auga med dei. I løpet av tida har eg skjønt kva som førte oss saman. Sjølv om Lemmy var over 20 år eldre, hadde vi dei same musikalske røtene, rocken sin start på 50-talet.
Om vi spolar tilbake til 1975, same året som Motörhead vart grunnlagt, dukka mi interesse for musikk opp via Long Tall Sally med New Jordal Swingers og Per «Elvis» Granberg. Den leda meg vidare til Elvis Presley og artistane Little Richard, Buddy Holly, Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Eddie Cochran, Chuck Berry m.m som var med å starte rockerevolusjonen. Sjølv i dag er musikken frå 50-talet tiltalande. Det er noko rått, svingande og ukontrollert ved ein del av han eg likar.
Rundt ti-årskiftet 70/80 fekk eg opp augene for nyare musikk. Engelske Status Quo, med sin velkjente boogierock, er vanskeleg å ikkje like. Når dei set i gang med klassikarane, svingar det såpass at du må vere daud om ikkje det rykker i godfoten. Dei har gjort fleire versjonar av gamle 50-talslåtar, som Carol og Bye Bye Johnny av Chuck Berry. 50-talsrøtene er sterke i boggierocken.
Med 80-talet godt i gong, fekk eg øyrene opp for Motörhead. I november 1980 gav dei ut sitt fjerde album Ace of Spades. Etter litt fekk eg høyre tittelsporet, om kortspeling på lange turnear, og vart fanga av noko rått, svingande og ukontrollert igjen.
Lemmy levde hardt, eit ekte rock and roll-liv. Helsekost var framandord. Flytande føde var Jack Daniels blanda med Coca Cola (Jack & Coke). Anna kjemi var heller ikkje å forakte, men han var hardnakka på at heroin ville han ikkje ha noko med å gjere. Motörhead er slang, som Speed freak, for ein som går på amfetamin. Han forventa ikkje å leve så lenge som han gjorde. Rundt tusenårsskiftet skifta han ut lina and don’t forget the joker! i tittelsporet Ace of Spades:
You know I’m born to lose, and gambling’s for fools
Lemmy
But that’s the way I like it baby
I don’t wanna live for ever,
but apperently I am
Tida på turne og ledige stunder brukte han godt. Han var ivrig lesar og fordjupa seg i historie, spesielt første og andre verdskrig. I tillegg var han ein ivrig samlar frå denne perioden. Har du anledning, bør du lese biografien White Line Fever. Vil du ikkje lese, kan du setje av i underkant av 2 timar og få med deg filmen Lemmy.
Tilbake til våre felles musikkrøter. Dei første indisia finn du på plata Ace of Spades. Låta Dance er som henta utifrå 50-talet. Live to Win er også noko som kunne vore 25 år eldre. Set av nokre minutt og lytt til dette partiet frå filmen Lemmy og restane av tvil forsvinn. Søker du på Lemmy på Spotify, finn du meir enn Motörhead. HeadCat, eit samarbeid mellom Lemmy og bandet Stray Cats, gir eit tydeleg bilete av Lemmy sine musikkrøter. Her er ein konsert på Youtube med HeadCat som spelar låtar av Buddy Holly, Elvis Presley, Johnny Cash, Eddie Cochran, Chuck Berry osv.
I kveld må det bli ein Jack & Coke eller tre når eg høyrer gjennom 30 års-jubileet til Motörhead. Lemmy opnar som vanleg konserten med We are Motörhead, and we play rock and roll:
PS! Er plenen min brunsvidd og daud i 2021, betyr det at eg skrudde opp volumet litt for høgt.