Eg har nokre USB-minnepinnar. Det er ikkje fordi eg lagrar data på dei, men fordi eg treng dei til ulike verktøy samt prøving og installasjon av operativsystem. Hittil har det vore å hente ned ISO-filer, det vil sei eit «disk-bilete» av ein DVD eller CD. Med Unetbootin eller Rufus har eg overført «disk-bilete» til ein USB-minnepinne. Du kan berre ha eit verktøy eller ein installasjon for kvar minnepinne. Har du få minnepinnar må du ofre noko for å klargjere noko anna.
I dag vart eg gjort merksam på eit nytt verktøy av Youtube-kanalen TechHut kalla Ventoy. Med Ventoy klargjer du ein minnepinne. Når det er gjort, kan du kopiere (alle) ISO-filene dine over på minnepinnen. Startar du PCen med minnepinnen, blir du presentert for ein meny med ISO-filene som ligg på han:

I eksempelet over har eg lagt inn 6 ISO-filer på minnepinnen og starta PCen med han. Ventoy let meg ha alt liggande på ein minnepinne. Vil eg skifte ut noko er det berre å slette ISO-filer og legge inn nye. Her har eg starta Windows 10-installasjon frå siste oppføringa i Ventoy-menyen over:
