Veret har vore bra og det har blitt ein del skiturar. Vinteren kom seint, men når det først kom snø kom det mykje. Det er opp til eit par meter i høgfjellet er på Leikanger.
På veg oppover frå Kleppa har eg den siste tida stussa på at snøen har byrja få litt brunfarge enkelte stadar. I første omgang fall dette saman med parti eg veit er fuktige eller myr på sommartid. Det er ikkje uvanleg at myrfarga vatn trekker opp gjennom snøen, men i bakhovudet mitt stemde det ikkje når eg tok omsyn til all snøen som har kome.
På turen mot Discohola, ved Fagreggi (1004 moh), openberra det seg eit syn i dag. Heile lia oppover frå under Rjupeskar, hadde ei lett brunsjattering. Her var det parti eg visste ikkje var myr. Brått kom eg på ei sak som stod i Sogn Avis 30. mars: Dette er meterologen sitt svar på kvifor fjellsida er gul:
– Det har vore sterk vind i Sahara, sanden har blitt kvervla opp, og så har det fine sandstøvet bevegd seg høgt oppe i atmosfæren, og kome ned med nedbøren her hos oss, seier vakthavande meteorolog Terje Alsvik Walløe.
Bileta er tekne under Rjupeskar, mot Fagreggi og Okslahaugane samt mot henget bak Discohola. På dei første bileta er brunfargen tydeleg. I Discohola treng ein nok ein dag eller to til med sol før Sahara-sanden kjem like godt fram.



Skulle tru nokon hadde strødd for å senke farten på Kjeringi Open sin førsteetappe.