Eg viser til min forrige post der eg forsøkte å rekalibrere styringssystemet for batteriet på min Byd Tang.
I veka og helga køyrde eg ei ny økt med liknande miks som dei tidlegare testøktene. Sjølv om avviket mellom brutto batteri (86,4 kwt) og det som batteriet mottok under opplading av heilt tomt batteri, var innafor feilmargin, syner resultatet frå testøkta – etter kalibrering – at avviket framleis er der. Sidan 5% hadde stått ei tid før eg rulla inn i garasjen, har eg lagt til grunn at bilen brukte 95,5% av batteriet på økta.
Kolonna Ladar kwt er brutto levert i ladeøkta. Neste kolonne, Lade-tap, er andelen som ikkje går inn på batteriet i bilen. Kolonna Kwt inn på bil er det som batteriet mottek. Kolonna Kalk. kwt inn på bil er det som skulle komme inn på batteriet. Har du 4,5% att på batteriet, skal du kunne lade 86,4 kwt * 95,5% = 82,51 kwt. Kolonna Avvik kwt er skilnaden mellom Kalk. kwt inn på bil og Kwt inn på bil.
| % brukt | Ladar kwt | Lade-tap | Kwt inn på bil | Kalk. kwt inn på bil | Avvik kwt |
| 95,5 | 83,9 | 12% | 73,83 | 82,51 | 8,68 |
Etter over 1 000 km og timesvis med testing, vil eg hevda at det må vere noko feil med eller rundt hovudbatteriet. Eg er usikker på om det er sjølve batteriet, sidan det fysisk kan ta imot dei kilowatt det skal kunne ta imot etter uttapping. Om ein går ut ifrå at batteriet er OK, må feilen ligge i styringssystemet for batteriet. Opplading har etter alle øktene foregått på 16A eller 3,4 kw frå ladar, for å unngå for høg nettleige. Med andre ord er det ei forsiktig lading på halvdelen av maks effekt bilen kan ta imot.
Eg har ikkje fått med meg at Byd har reservert ein buffer på hovudbatteriet gjennom oppdateringar sidan ny. Dette er ikkje omtalt eller diskutert på gruppene eg deltek i på Facebook. Ingen har hevda at ein kan køyre langt sjølv om rest batteri står på 0%. På referansepunktet i juni 2022, var det ingen buffer. Avviket på referansepunktet er innafor feilmargin og alt fungerer som forventa.
Les slutten på sagaen her: https://bjrk.no/2023/11/24/byd-tang-har-nok-fatt-ein-buffer-ved-0/