Køyrefeltassistent runde 2

Eg måtte ein tur til Førde på torsdag 4. januar. Det har vore kaldt ei stund med lite snø. Eg la merke til at vegane var godt brøytte og med unntak av snø utanfor og nokre stadar på kvitestripa var det bra. I Sogndalsdalen slo eg på køyrefeltassistenten for testing. Bilen fann fort senter og styrte sjølv oppover. Eg måtte berre passa på at han merka litt motstand i rattet slik at systemet kjende at eg hadde nevane på rattet. Det gjekk overraskande bra opp til 1 km frå Vatnasete. Her var kvitastripa dekka til med skitten snø. Det same var brøytekanten, med unntak av ei kvit stripe øverst på han. Bilen starta å legge seg nærmare grøfta. For meg var det tydeleg at han las feil den kvite stripa med reinare snø oppe på brøytekanten. Eg måtte korrigere.

Etter hendinga lot eg bilen halde fram å køyre heilt til Vassenden, med unntak av rundkøyringa på Skei. Må sei eg vart positiv overraska over kort godt bilen køyrde av seg sjølv der det var merkingar med gul midstripe og kvite sidestriper. Han følgjer senter, med unntak av eit par gonger i s-svingar langs Jølstravatnet. Bilen la seg for nær midstripa utan å krysse. Det plonga, bilen kjefta på seg sjølv.

Eg køyrde forbi ein lastebil som køyrde 10-20 km/t saktare enn fartsgrensa. Blinka ut og la meg ut, køyrde forbi, blinka inn og la meg inn att. Køyrefeltassistenten stod på, men den protesterte ikkje. Eg var budd på at den kunne komme til å forsøke å rykke meg inn att i høgre køyrefelt, men det gjorde han ikkje.

Når vi kom til Vassenden, var det varierande mot Førde med veg utan og med midtstripe. Eg har veg utan midstripe lokalt og opplevde det same der. Bilen greier ikkje å lese vegen. Brått kan han finne på å legge seg meir ut mot midten enn eg er bekvem med. Eg er usikker på kva det kjem av, men trur det kan vere at han opplever at den lysare asfalten mellom hjulspora, som ofte er mørkare, blir oppfatta som vegmerking. Ein salta veg kan framstå noko lysare grå utanom hjulspora. Eg får testa det meir lokalt med mindre trafikk. Inntil vidare blir køyrefeltassisten slått av på vegar utan midtstripe.

Returen gjekk like bra, om ikkje betre. Her køyrde eg forbi ein tunglasta trailer som vart veldig kortpusta i motbakkane. Heller ikkje no måtte eg slåss med køyrefeltassistenten. Eg må sei eg er positivt overraska over kor god denne førarstøtta er i Ioniq 6. Det er roleg og avslappande å la bilen køyre sjølv på godt merka vegar. Einaste ulempa kan vere at han følgjer køyrfeltet der eg, når det er mogleg, ville kutta svingar for å køyra rakaste lina med betre komfort. Eg har fått langt større tillit til køyrefeltassistenten. No veit eg betre kor eg kan og ikkje kan lite på han.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.