ESP til besvær

Elektronisk stabiliseringsprogram (ESP) er både til god nytte, men også til tider til stor ulempe på vinterføre. Eg har to bakhjulsdrivne bilar, ein 2023 Hyundai Ioniq 6 og ein 2001 Mercedes CL55 AMG. Dei har 230 hk og 360 hk på bakhjula med nok av dreiemoment.

Vinteren 23/24 har så langt vore både kald og snørik. Det har vore nok av høve til å teste dårleg føre. Felles for begge bilane er at når det er skikkeleg dårleg føre, vil det vere vanskeleg å få nok feste som fører til litt hjulslepp som ESP agressivt sler ned på.

Eit eksempel var for nokre veker sidan. Eg kom att frå Sogndal og svinga inn i Njøsabakken med min Hyundai Ioniq 6. 30 meter oppi kom ein 10-15 år gamal bil seg ikkje vidare i salta snø eller det eg kallar «potetmjøl». Det skulle ikkje stoppa meg. Eg blinka og køyrde forbi, men la fort merke til at ESP slo hardt inn. Fingeren fann fort ESP-av-knappen som eg heldt inne ei kort stund for å redusere nivået til ESP. Det var nok til at eg og bilen greidde å koma oss opp bakken og heim.

Tilsvarande oppleving har eg hatt med Mercedesen opp til Kleppa skisenter. ESP slo inn. Hardt og brutalt kvelte ESP kreftene til bilen. Einaste måte å koma seg opp på var å slå av ESP og la bilen grava seg fram i snøen. Bilen vil kunne slenge med rompa, men det er enkelt å ta inn kontra å bli stoppa i bratta fordi ESP låser bremsane på drivhjula.

I kveld skulle eg opp Leitebakkane, over Tinghuset, med min Hyundai Ioniq 6. Kortaste vegen opp er ei kraftig stigning med ein vanskeleg sving. Eg la fort merke til at ESP bremsa farten på bilen. Hjula hadde ikkje godt nok feste. Sidan eg visste at det ville bli tyngre lenger oppi, valde eg å halde inn ESP av-knappen lenge for å slå heilt av ESP.

I tillegg slo eg bilen over i snø-modus, som reduserer effekten på drivhjula. I dei verste partia kjende eg at hjula slapp litt, men grov seg likevel godt fram i den våte snøen. Det var minimalt med sleng på rompa, som eg kan takke sjåføren og redusert effekt på drivhjula for. Til topps kom eg på snøen som om det (nesten) var ein sommardag.

Skal du køyre på snø og is er det viktig å kjenne til tjuvtriksa. Det er ikkje alltid at førarstøtta i bilen er til din fordel…

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.