Etter å ha brukt 1,5 dagar i Normadie og sugd til oss dei historiske områda, var det no tid for å starte aller første del av heimturen. Måleg for dagen var å vetje minnesmerket etter første verdskrig ved Verdun. Vi jobba oss austover mot Paris etter motorvegen. Høg fart gjer også at straumforbruket aukar og ein treng lade oftare. Sidan bilen er ein rask ladar, skapar det ikkje store utfordringane.
Køyringa går unna og det er eit heilt anna terreng enn heime. Vi valde å passere nær Paris. Trafikken tetna godt til når vi nærma oss. Om eg ikkje hugsar feil var det 5 filer med tett trafikk. Sjølv om eg hadde rimeleg god kontroll på navigasjonen greidde eg ein gong å plassere meg i feil fil. Sidan trafikken var fann eg det lurast å berre følgje straumen og ikkje prøve å presse seg inn i ei anna fil. Google Maps var veldig hjelpsom og fortløpande fann beste vegen ut av forstaden for å halde retninga mot Verdun.
Vi fann fram til minnesmerka og det store med krossa framfor seg er imponerande. Slaget om Verdun var eit av dei lengste og verste slaga i første verdskrig. 3/4 million offer, av dei 300 000 drepte. Ikkje like omfattande utstilling som i museet i Zonnebekke om slaga om Ypres, men eit meir monumentalt minnesmerke i si framtoning.
Etter Verdun dreia vi nordover. Ein siste ladestopp i Longwy før vi tok oss gjennom dalane vest for Luxenbourg og eit stykke aust for Ardennes. Likevel var det her og der minnemerker frå andre verdskrig. Vi sikta oss inn på flyplasshotellet i Liege. Dessverre viste det seg at hotellet var fullt og med litt leiting fann vi eit flott hotell i Verviers som vi la oss inn på. Det blei ein lang dag, fylt med opplevingar. Å vere i områda for store verdsendringar får deg til å tenkja. Eg sit ofte att med spørsmålet, når må vi nok ein gong ta eit tilsvarande oppgjer?