Alta til Sommarøy

Ein rein køyredag utan andre stopp enn eit ladestopp i Nordkjosbotn. Som vanleg er vi avgårde litt etter frukost. Veret var ikkje heilt det store, men betra seg etterkvart som vi kom sørover. På vegen dit passerte vi Kåfjord, der Tirpitz gøymde seg innmellom under andre verdskrig. Litt synd at det ikkje går oftare ferjer frå Olderdalen. Kunne gjerne tenkt å kryssa tvers gjennom Lyngsalpane for å sleppe nedom Nordkjosbotn.

Stoppa i Nordkjosbotn for ein matbit og lading på Ionity. Regnet hadde gitt seg så det var fint å spasere litt rundt for å strekke beine før neste etappe. Etter lading heldt vi fram til Tromsø. Brua var ikkje open for bilar så vi enda opp med å ta tunellen under sundet og dukka opp i byen. Deretter køyrde vil litt rundt i byen og køyrde rundt sørspissen av øya Tromsø ligg på før vi passerte flyplassen og køyrde mot Sommarøy.

Med tanke på opplevinga i Kilboghavn for to år sidan, tok vi ein tur bortom ferjeleiet der ferja til Senja går. Vi skulle ta ho i morgon tidleg og det kunne vere greitt å sjekke kor mange bilar som stod i kø med tanke på å sikre oss at vi kom med. Neste ferje går timar seinare. Når vi var bortom kaien var det lite bilar, så vi konkluderte meg at det nok ikkje ville bli så gale neste dag. Ferja som gjekk der tok mange bilar, vi kryssa fingrane for at det ikkje kom ein liten balje og skulle ha med seg nokre få bilar.

Vi snudde tilbake til Sommarøy og Sommarøy Artic Hotel. Ut på dagen vandra vi rundt i området og kika på fuglelivet og området. Eit flott ferieområde med sandstrender og til og med høve for å gå ein topptur. I motsetning til andre stadar vi har besøkt, var ikkje bygningane på plassen befesta med sjøfugl. Nei, her låg fuglane på reira sine på bakken og ruga. Heller ikkje var dei plagsomme og etter deg med tanke for å skaffe seg ein godbit. Ei sjeldan oppleving som det er lenge sidan eg har sett. Generelt sett er sjøfuglane ei pest og plage som oftast. Kanskje kjem vi til å ta turen opp att seinare ein sommar for ei veke på Sommarøy.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.