Arbeidssam og evig optimist

Denna veka har ein edderkopp fanga interessa mi. Det er haustlege temperaturar ned på einsifra plussgrader, men edderkoppen spinn sitt spinn i håp om å fanga noko. Kamera på huset har fanga opp rørsla om natta gjennom veka. I førstninga fjerna eg spinnet, men kvar natt kom det tilbake. Til slutt vart «Lille Petter Edderkopp» morgonunderhaldninga saman med kaffikoppen.

Spinninga er imponerande og måten han samlar gamal tråd for å bygge nytt fangstnett er imponerande. Etter oppsamling ordnar han på eller lagar nye forankringstrådar før han går i sirkel frå ytterkant til senter med ny tråd. Som du ser på klokka i videoen tek det litt tid frå edderkoppen startar til meisterverket er tilbake i all si prakt.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.