Cruisekai og seawalk for å ta i mot tusenvis av turistar per cruiseskip. For det første er ikkje Sogndal sentrum dimensjonert for å f.eks. sende buss på buss mot Jostedalen eller Fjærland for brerelaterte opplevingar. Eg var i Honningsvåg i sommar og såg denf omfattande bussingar av turistar til/frå Nordkapp. Sogndal vil aldri få tilsvarande kapasitet i sjøkanten med mindre noko forsvinn.
For det andre: Skal turistane svime rundt i Sogndal sentrum, kan ein berre gløyme å kome seg gjennom Gravensteinsgata. Det vil knapt bli opphald i straumen av folk over gangfelta og trafikken vil stå heilt til Fardal. Har sjølv opplevd i seinsommar at trafikken står heilt ut og inn i Stedjebergtunellen fordi dei trafikkale løysingane gjennom Sogndal ikkje greier å ta unna dagens pendlar og turisttrafikk. Om dette skjer blir det vel til at eg tek Vikafjellet og Hardangervidda om eg skal austover om sommaren.
Fint med gode idear, men har de tenkt dette godt gjennom? Cruiseturistar har alt dei treng ombord (rom og losji) inkludert i prisen. Berre småpengar blir lagt att lokalt til ulike nips og ting som er produsert heilt andre plassar enn lokalt, i Noreg, Norden eller Europa.
Alt Sogndal (og reisane) vil sitje att med er eit gigantisk trafikkalt problem og ikkje minst svermar av turistar som vil gå dei smale gatene i Fjøra for å ta bilete og video både innafor og utafor eventuelle gjerder. Det blir postivt for dei fastbuande vil eg tru….