Ein rekkeviddeforlengar kan ikkje omgjerast til aksesspunkt

Eg hadde eit par rekkeviddeforlengarar (wireless network extenders) liggande. Tenkte eg skulle bruke ein til å flytte nettverket og kople opp kabla nettverkseiningar (filserver, skrivar osv.) som i saman treng høg hastigheit for flytting av data. Eg kjøpte ein switch og sette i gong. Trudde at det var «barneskirenn» sidan ein rekkeviddeutvidarar ikkje har problem med å handtere mange einingar kopla opp mot trådlaust mot han.

Mogleg eg skulle studert manualane, men eg trudde at kabla og trådlaust var likestilt. Å, kor feil eg kunne ta. Etter å ha kopla opp alt med nettverkskablar via ein switch, opplevde eg at berre eit par einingar var sett av utvidaren. I routeren var einingar sett på som vekke, men når eg sjekka ip-adressa var skrivaren der. Men det blir eit kaos om eg ikkje har oversikt over det som er på nettverket mitt.

Først bytte eg ut nettverkskablar, i tilfelle switchen var sensitiv og krevde kablar av CAT 6. Ja, eit «skot i mørket» sidan switchen skulle takle 10 -1000 Mbits. Sidan eg skriv dette fiksa ingen utbytting av maskinvare problemet mitt. Testa også ein mindre og eldre utvidar og der gjekk det heilt av skaftet. Han droppa den trådlause oppkoplinga ofte, svimeslått av at fleire einingar var kopla til nettverksporten via switchen.

Om du tenkjer på å kople ein switch til nettverksporten på ei nettverkstuvidar, dropp tanken og kjøp eit aksesspunkt som kan hekta seg på trådlaust for å fordele nettverket over fleire portar. Er det for få, kan du hekte på ein switch. For min del grov eg fram min gamle TP-Link RE580D med 5 nettverksportar og alt fungerer som normalt. Switchen får eg sjå om eg kan bruke seinare ein gong.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.