Er alt full krenk no?

Berre so det er klart, eg er ingen rasist. Alle er likeverdige mennesker er likeverdige uavhengige av opphav. Og, ja mange blir dårleg handsama basert på sitt opphav, men no er vi på veg i ein farleg retning. Skal vi gløyme historien? Skal vi brenne bøker, filmar, slette musikk, sensurere alt? Det har vorte gjort før.

La oss ta Hotell i særklasse. Basil Fawlty er ein Donald Duck-karikatur som heile tida er på tuppa og handlar irrasjonelt. Figuren, som Donald Duck, synleggjer og karikerar det verste ved oss som menneske. Serien er frå midten av 70-talet og har vore min favoritt så lenge eg kan hugse. Eg las mykje Donald på 70- og 80-talet. Det kan godt vere at rollefiguren fanga mi interesse og fasinasjon på grunn av likskapen til Donald Duck. Basils evne til irrasjonelt å gå totalt av sporet er sjølv i dag underhaldande. Irritert på alt og alle med syrlige kommentarar i aust og vest. Ein motpart til oppfatninga av engelskmenn, og kvinner, som tilkneppa og forsiktige – keeping the stiff upper lip.

  • Burde heile Fawlty Towers vorta sletta fordi serien øydelegg det lenge opparbeide bilete av trauste og sindige engelskmenn?
  • Kva med alt laga av Monty Python?

Eg fann episoden om tyskarane. Det er to ting som eg ser kan bli reagert på. Start ved 3 minutt og 30 sekund og sjå utover, til og med samtalen med gamle Major Gowen:

1. Sjukehuset

Basil kjem ut frå kona sitt rom på sjukehuset. Han har heile tida ryggen til legen på vegen ut av rommet og når han lukkar døra. Når han snur seg og oppdagar legen, kvepp han og trekker seg tilbake eit steg og løfter eine armen halvveges i ein slags forsvarsposisjon.

2. Major Gowen

Den gamle, ungkaren Major Gowen er ein fast figur i serien. Aldermessig er han rundt 80 til 90 år som betyr at han var fødd på slutten av 1800-talet. Han er prega av gamle haldningar og framstår som rørete, halvsenil, gammelmodig, stereotypiske og koloniale engelskmann. I samtalen med Basil kjem ungkaren Major Cowen inn på eit stevnemøte med ei kvinne han tok med på cricket-kamp mot India. Han minnes at ho heile tida refererte til indarane som n***ers, medan han meiner det er feil og korrigerer ho. I eit kort øyeblikk trur vi han fordømmer henne, men berre få ord seinare avslører han sine eigne rasistiske haldningar, sjå utdrag frå denne artikkelen. Han omtalar indarane med omgrepet wogs (mørkhuda) og for den del det første ordet knytt til folk frå Karibien. Major Gowen brukar også omgrepet kraut om tyskarane. Alle, uavhengig av farge, blir omtala med slangord. Ha på minne at rollefiguren tenkjer tilbake på perioden mot slutten av 1910- til ut mot 1930-talet.

Kva med tyskarane?

Serien er frå 30 år etter krigen. Europa var framleis prega av andre verdskrig. Vi er framleis prega i dag. Basil, med heileskaking og sin frykt for tyskarane, gnir krigen inn både verbalt og med utagerande fakter overfor tyskarane. Sjå frå 23:30 og utover i episoden eller ta ein titt under. Bruken av slangordet kraut i den fysiske og verbale tiraden Basil kulminerar i er det minste problemet:

  • Bør vi fjerne alt om tyskarane og krigane?

Skal vi gløyme historien og berre få servert sukkersøte bilete og forteljingar? Kan vi aldri ta inn over oss det som er vondt og feil for å ta lærdom? Må vi fjerne bøker og seriar som Roots (Røtter) som skildrar slaveriet? Ønskjer vi at nokon tek kontroll på historien i fortid og nåtid?

Tur: Eggja til Høgehaug

Køyr utover, forbi fruktlageret og Veten, opp Valbrekkvegen og Eggjavegen til Eggja og parker. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og den samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til ei gran med skilt til Vålamyri.

Følg stien mot Vålamyri eit par hundre meter. Ved eit blåmerka tre skal du 90 grader mot høgre og inn på ein sti tek deg opp til Høgehaug. Stien er ellers merka med raude merker.

Når du nesten er oppe på Høgehaug, kan du ta ein avstikkar ut til eit utsiktspunkt. Du finn ein benk der og kan ta ein pust i bakken før du held fram eit par hundre meter til oppover. Du kjem opp ved den vestlege hytta på Høgehaug og får utsikt innover fjorden. Flyttar du deg til den austlege hytta får du med deg meir av sørsida av fjorden samt du får glimt av Hermansverk mellom tretoppane.

Tur: Dalhjedla frå Vegaskilflat

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Like heimom dagens bom og vassinntak, finn du Vegaskiltflat. Gå opp over skogen til du kjem til stien som kjem frå Skiva. Følg han framover dalen til Dalhjedla. Samla sett er turen fram på omlag 1 km.

Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.

Tur: Dalhjedla frå Skiva

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Du kan gjerne starte frå stadion ved barneskulen. 100 meter inn i Henjadalen går du opp og inn i skogen ved Skiva. Du følgjer stien gjennom skogen framover, i 2 kilometer, til du kjem ut på den sørlege enden av Dalhjedla. Første tredjedel er grei sti i skog. Neste tredjedel ber prega av å vere halvveges ur. Den siste tredjedel er også grei gange.

Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.

Aldri Apple-PC

Som vaksen har eg hatt tilhald i PC-verden. Eg har gått gradene frå DOS, Windows 3.1 til no Windows 10. Eg er med andre ord godt «innrøykt» i Windows-verden. Når jentene mine byrja å studera, kjøpte dei i august 2018 kvar sin Macbook Pro. Det er dyre maskiner med ein pris på den tida på kr 14 000 per stk. I dag startar prisane for denne typen maskin i underkant av kr 17 000.

Den eine Macbook Proen fekk problem med skjermen. Baklyset forsvann. Skjermen virka ellers som han skulle. Ein kunne skimte lyse parti eller symbol på han, men han var ikkje brukandes. Maskina vart kjøpt på Elkjøp og på deira sider er rådet å ta kontakt med Apple. I slutten av april snakka eg med førstelinja som registrerte hendelsen og bad meg resette maskinvaren på to måter. Det vart gjort, til inga hjelp. Eksamensperioden starta og maskina har den siste månaden vorte nytta med ekstern skjerm. No er siste eksamen ferdig, eg tok igjen kontakt med Apple.

Eg snakka med førstelinja først og repeterte symptoma. Presiserte at av og til når ein opnar maskina er det lys, men det forsvinn etterkvart som ein opnar ho meir. For meg har det vore klart at dette er ein maskinvarefeil. Eg gav klar beskjed om at ikkje gidda meir feilsøking og vart sett over til andrelina, og trudde eg skulle få ei adresse å sende maskina til av dei. Nei, dei tek ikkje mot noko maskiner. Eg måtte levere ho inn til ein autorisert reparatør. For min del var det Eplehuset i Bergen eller Elkjøp i Sogn. Det var då runddansen vart klar. Elkjøp viser til at eg må ta kontakt med Apple og Apple viser meg tilbake til Elkjøp.

Lunta var tent og eg gav klar beskjed om kva eg meinte om Apple-maskiner og supporten deira. Spesielt det siste er under ein kvar kritikk. Sel ein maskiner i premiumsegmentet får dei jaggu syte for premiumsupport når kundar må li under deira dårlege designval. Her er det berre å dra fram:

I 2015 introduserte Apple det «fantastiske» sommerfugl/butterfly-tastaturet. I tilbakeblikk ein gigantisk designfeil. Tastar slutta å virke om det kom bagatellmessig rusk inn under tastane. Det har vore, etter det eg veit, 4 revisjonar av denne typen tastatur. Ikkje går det an å rense tastaturet sjølv. Heile toppen av underdelen MacBook Proen må skiftast. Eit program som syter for gratis reparasjon er på plass. Maskiner frå og med 2020 har ikkje lenger denne type tastatur. No er dei tilbake på same type som før 2015.

So har vi designfeilen på 13″ MacBook Pro der skjermkabelen er for kort slik at han gneg mot chassiset og til slutt ikkje virkar lenger. Det er dette eg meiner MacBooken lir av. Eit program som syter for gratis reparasjon er sett opp. I 2018 vart skjermkabelen forlenga med eit par millimeter for å løyse problemet.

Vi må ikkje gløyme dei nye generasjonane av MacBook Air. Apple har sett kjøleribber på prosessoren og montert inn ei vifte i chassiet. Problemet er at det ikkje er ein fysisk heteavledar mellom kjøleribba og vifta. Sjølv om maskina brukar straumsvake prosessorar, vil prosessoren ved enkle oppgåver, som så surfe med Chrome, sjå Youtube-videoar eller lytte på Spotify, lett sprette opp i max temperaturen på 100 grader Celsius. Vifta går amok og blir plagsom. Prosessoren girer ned ytinga for å redusere varmen. Sjølv om artikkel prøver å nyansere bilete, er det greit å legge merke til at forfattaren måtte bytte ut sin MacBook Air på grunn av varme og yting. Lurer på når det kjem eit program for å gratis bytte av hovedkort på MacBook Air 2018-2020, etter kvart som CPUane døyr av langvarig heteslag.

Tilbake til dårleg support, til og med ein stor Youtube-kanal slit med Apple:

De må gjerne kike innom Louis Rossmann sin Youtube-kanal. Han reparerer Mac og kan fortelje meir om dårlege og uheldige designval Apple har gjort.

For min del har Apple sementert mine mistankar. Support er altfor dårleg for produkt som prismessig ligg i premiumsegmentet. Mitt råd til deg er å droppe Mac. Kjøp deg heller ei robust Windows-maskin med 3 års garanti og reparasjon heime hjå deg.

Sykkeltur: Valbrekka-Holestølen-Holene

Når eg syklar, unngår eg å bruke Sognefjordvegen så mykje som råd. I sommarmånadane er det svært mykje trafikk. For ein som ikkje greier å følgje fartsgrensene, er det lurt å ikkje skape unødig irritasjon og farlige situasjonar. Du kan vere så mykje prinsippryttar du vil, men mot 2 tonn ferielasta bil, bussar eller vogntog har du alltid dårlege odds.

Tureksempelet mitt går etter gang- og sykkelvegen ut til kyrkja. Her syklar du ned til ungdomsskulen og følgjer Strandavegen ut til Leikanger. For å unngå å sykle etter hovudvegen, kryssar du Sognefjordvegen og syklar over Hamre.

På Ytre Hamre kjem du ned på Sognefjordvegen, og syklar ca. 400 meter langs Sognefjordvegen før oppklivinga forbi Fosshagen, mot Valbrekka startar. Om ikkje du har pulsen i gang før du kjem til botnen av bakken, garanterer eg deg at du vil merke at du er i live under oppstiginga.

Oppe på Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover eit par hundre meter, før du syklar inn på traktorvegen over Huke. Første del av traktorvegen er bra å sykle på. Deretter kjem du ut på ein ny del med mykje grov pukk og skotstein. Eg køyrde med ein gatehybrid, og søkte etter dei beste plassane å sykle, for ikkje å punktere. Har du ein sykkel med grovare dekk, treng du ikkje vere fullt så forsiktig.

Etter ein pust i bakken ved Holestølen ber det slakt oppover nokre hundre meter til. No startar rullinga nedover, inn på Huksdalsvegen og ut dalen. Ved starten av Huksdalsvegen er det ei motorisert grind. Du opnar ho med ein knapp. Eit par hundre meter etter denne rullar du ut på Holene. Har du krefter igjen, kan du sykle opp att på Valbrekka og ned der du kom opp. Eg valde å rulle nedover til Sognefjordvegen og følgje han innover. I tett sommartrafikk ville eg ha sykla opp att på Valbrekka. Ved Leikanger Auto AS kan du ta av mot Hanahaug og halde fram innover Strandavegen og gang- og sykkelsvegen tilbake til Hermansverk.

Tur: Fadnastølen frå Dalsete

Fadnastølen er den heimste stølen på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine. Den vanlegaste turen til Fadnastølen er stien over Åsen. Eit lengre alternativ er å starte på Njøs og gå langs Seljeskredfjellet og Bjørnshovden.

Eit anna alternativ Fadnastølen over Åsen er å gå omlag 1 km etter traktorvegen frå Kvålen. I Vetla Gjerde, der du kryssar elva og går opp til Åsen, held du fram endå 500 meter etter vegen. Du vil passere under Femteigen og Bøllamannbrui før du kjem fram til snuplassen på Dalsete. Her er du så godt som rett under Fadnastølen og følgjer stien opp gjennom lia og teig til du kjem ut på stien, frå Åsen, nokre hundre meter før nedre del av Fadnastølen.

Bilete under viser turen fram til Dalsete.

Tur: Holestølen frå Huksdalsvegen

Huksdalsvegen-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Følg Sognefjordvegen utover mot Hella, forbi Fosshagen. Ca 1 km frå starten av 80-sona, like før du kjem til Grindselva, skal du ta av til høgre, opp Eggjavegen. Opp på «flata» i Holene skal du følgje Huksdalen innover til du nærmar deg Brandarhaug. Her går det ein traktorveg oppover og sørover, ut dalen.

Følg traktorvegen oppover. Etter ca 400 meter flatar det ut og du held fram 400 meter til for å nå Holestølen. Utsikt på turen er sparsom, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Tur: Holestølen frå Valbrekka

Valbrekka-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Om rett skal vere rett heiter dalen dalen Huksdalen på Hukeside. Turen startar på Valbrekka og er omlag 2,5 km lang med ein stigning på ca 200 høgdemeter. For å kome til Valbrekka tek du av frå Sognefjordvegen like etter Veten, som er husa på sjøsida etter Hamre. Du følgjer Valbrekkevegen oppover forbi Fosshagen til Valbrekka, der den møter Eggjavegen som kjem nede frå Huke og skal vidare opp til Eggja. Parker på Valbrekka, men vis omsyn til dei som brukar vegen og bur der.

Frå Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover cirka 200 meter til du kjem til ein skarp høgresving. Her skal du rett fram gjennom grinda og følgje traktorvegen over Huke og framover mot Holestølen. Best utsikt har du nok på starten med utsikt over fjorden utover mot Vangsnes. Over Huke kan du sjå utover vestsida av dalen, Grinde og Engjasete samt fjorden frå Balestrand, Vangsnes til Feios og Feiosdalen. Etter Huke følgjer du gamal og nyare skogsveg gjennom skog fram til Holestølen. Utsikt her er sparsomt, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Skitur: Lusaskard

Er du lei av Kleppa-området, kan du prøve deg på ein tur i Njøsdalen opp til Lusaskard. I motsetning til Kleppa er det lite parkeringsplassar. Med mykje snø blir det mindre. Samle dykk i ein bil og køyr fram så langt de kjem. Har de mykje utstyr, køyr alt utstyr inn først.

Skitur Dalsete-Lusaskard 000

Begge følgja starta på Dalsete, 250 meter etter Bøllamannbrui. Eitt følgje tok turen om Skagasete, medan det andre følgjet følgde trakka løype mot Fjærlandssete. På det høgste punktet, inst i Seltuftebotn, braut dei av opp forbi Geitenipene og opp Skitbrekkene i retning Lusaskard. Turen er 1,3 km lengre enn turen om Skagasete, totalt 7 km. I bytte får du ein slakare tur samt du får gjere deg kjent med føret på Skitbrekkene, i tilfelle du ønskjer å køyre ned der.

Turen via Skagasete bryt av frå vegen i Njøsadalen ca 1,5 km frå Dalsete. Du startar ei brattare oppstigning til Skagasete før du får ei ny kraftig oppstigning til foringsplassen, over Skagasete. Følgjet som gjekk om Skagasete, følgde sommarstien frå Skagasete. Du kan starte oppstigninga mot foringsplassen ved bekken, som kryssar vegen, knappe 100 meter før enden av vegen. Uansett blir det ei hard oppstigning til foringsplassen. Det blir no litt slakare før ei kortare oppstiging til starten på platået der du ser Lusaskard. Her får du ei lengre, veldig slak strekke før siste bakken opp til toppen og varden.

Vel oppe er det berre å nyte utsikta og planlegge nedturen. For oss på fjellski, med laus hel, kan det vere lurt å sigle mot Kalvavatnet ved Fjærlandssete. Alternativt kan du skråe ned mot Kringlevatnet ved Sumhaug og Leite, for å kome inn på løypa rundt Fjærlandssetevatnet. Desse bakkane kan du i 5-10 cm tørr snø enkelt køyre på ordinære fjellski. Frå Kalvavatnet ved Fjærlandssete kan du følgje løype tilbake til Njøsdalen. Har du fast hel, er det fritt val. Køyrer du i retning mot Skriki, kan du køyre ned den bratte lia til Hottadalen, og følgje den gamle stølsstien ned til Njøsadalen. Du kan også køyre aust om Hottadalsnosi og ned Seltuftebotnen til Hottadalen. Om du vil ned Henjadalen, kan du køyre nedover mot utløpet av Fjærlandssetevatnet, ned Reiseta, koma deg til Flya og heim Henjadalen.