Windows 10 versjon 1511, bygg 10586

Eg olz380keyboardppdaga i går at E-post, Kalendar og Butikken/Store i Windows 10 Pro ikkje virka på min Z380. Applikasjonane vart lukka så snart eg starta dei. Søkte på nettet og fann nokre tips, men ingen av desse førte fram. Eg enda opp med å legge inn eit diskbilete frå ifjor sommar og slikt må oppdaterast.

Når eg kom til oppdatering Windows versjon 1511, bygg 10586, var det stopp. Prøvde fleire gonger i går kveld, over natta, over arbeidsdagen i dag og ikkje kul om oppdateringa ville ta. Alt inklusiv det å avinstallere det meste slik at eg tilnærma sat att med eit reint Windows med Office-system vart prøvd. Oppdateringforsøka kom berre til 25% og vart ståande der. Heldigvis rulla Windows tilbake etter at eg slo av mellom forsøka. Etter siste forsøket fann eg eit tips på nettet om ein som hadde teke bort DVD-brennaren på maskina og oppdateringa hadde vorte installert.

Eg ville ikkje demontere maskina og deaktiverte DVD-brennaren i Enhetsbehandlingen i Windows 10 og gjorde eit siste forsøk. Jammen fungerte det. Oppdateringa vart gjennomført utan problem. Eg sjekka Enhetsbehandlingen og såg oppdatering hadde reaktivert DVD-brennaren. For å sleppe å oppleve dette oppdateringsproblemet ein anna gong tok eg eit nytt diskbilete med CloneZilla.

Encfs MP

encfsMPEg har tidlegare skrive om måtar å sikre sine filer mot innsyn frå andre enn deg sjølv i skya. For 3 år sidan såg eg på encfs4win. EncFS er står for «encrypted file system» og har si opprinning i Linux og har konvertert til Windows. Diverre var encfs4win brukarvenleg nok.

I ei tid har eg halde encfs MP under oppsikt og det byrjar å bli enkelt synes eg. Til høgre ser du bilete frå grensesnittet som viser kva for stasjonar (A, B osv) du har lasta. I tillegg har du moglegheit for å lage ny stasjonar som viser filene ukryptert medan fila ligg kryptert i ei mappe i t.d. Dropbox. Sidan disketten forsvann for lenge sidan er bokstavane A og B kurant å bruke som stasjonar for encfs MP.

Ein positiv ting er at ein no kan lagre konfigurasjonen (config) separat frå dei krypterte filene. Skulle nokon få tak i dei krypterte filene du har lagra på Dropbox osv, vil dei ikkje kunne gjennomføre eit angrep med rå makt for å finne passordet. Berre hugs å ta backup av konfigurasjonsfila. Går fila tapt er alt låst ned til evig tid.

Passordet kan du, om du vil, lagre i programmet. Då er det berre å laste dei krypterte stasjonane med «mount». Om målet berre er å sikre filer på t.d. Dropbox, er det heilt greit at passordet ligg lokalt.

Eg har opplevd visse vanskar med Encfs og Windows:

Google viser deg om e-posten går over sikker kanal

motteke ukryptert

Om du brukar Gmail har du kanskje lagt merke til ei lita raud, open hengelås ved mottak eller oppretting av e-post.

I februar introduserte Google ny fuksjonalitet på Gmail som skal gi deg som mottakar eller avsendar moglegheit for å sjå om e-posten går over ein sikker kanal. I bilete ser du eit eksempel på ein e-post eg har motteke frå ein avsendar som ikkje støttar kryptering. Den opne, raude hengelåsen indikerar at e-posten har godt som eit postkort som alle og einkvar kan lese innhaldet på vegen.

ukryptert til mottakar

Skriv eg e-post til mottakar ser eg med ein gong om e-posten vil gå over sikker kanal. I dette tilfellet går e-posten ukryptert.

kryptert til mottakar

For alle avsendarar (og mottakarar) som støttar e-post over sikker kanal,  vil du ikkje sjå nokon form for hengelås. Det er med andre berre ein indikator – open, raud hengelås – som vil varsle deg om innholdet i e-posten din ikkje går sikra over internett mot uvedkomande.

Minecraft-server

minecraftlogoMinecraft er populært både på nettbrett og på pc. Sonen hadde besøk av ein kamerat som ville spele Minecraft i lag på lokalnettet. Dei sleit med å finne kvarandre i spelet og det enda opp med at eg slo av brannmuren i Windows og så var alt fryd og gammen.

Problemet er at det ikkje er lurt å gjere så eg byrja å forske på moglegheiter for å køyre ein eigen Minecraft-server. Eg har ein server bygd opp av rimeleg komponentar samt diskar frå fleire berbare datamaskiner som følgje av oppgradering til SSD på dei. Maskina fungerer som ein fillogg-server for Windows 10-maskinene og har så godt som ingen ting å gjere på utanom det. Som operativsystem nyttar ho Ubuntu 14.04.

Eg søkte litt på nettet og fann ei god oppskrift her. Eg gjorde berre nokre små modifiseringar for mitt oppsett:

sudo adduser --system --no-create-home minecraft
sudo addgroup --system minecraft
sudo adduser minecraft minecraft

Eg droppa alt filrelatert sidan eg har filene til Minecraft-serveren liggande på eit delt område for alle. Deretter oppretta eg fila som gjer at eg kan starte og stoppe serveren som

sudo nano /etc/init/minecraft-server.conf

og la inn

# description "start and stop the minecraft-server"
start on runlevel [2345]
stop on runlevel [^2345]
console log
chdir STI-TIL-MAPPA-TIL-MINECRAFT
setuid minecraft
setgid minecraft
respawn
respawn limit 20 5
exec /usr/bin/java -Xmx1024M -Xms1024M -jar ./minecraft_server.jar nogui

STI-TIL-MAPPA-TIL-MINECRAFT erstattar ein med fullstendig sti til der du legg minecraft_server.jar.

sudo initctl reload-configuration
sudo start minecraft-server

Då gjenstår berre å legge til starten av Minecraft-serveren i /etc/rc.local, slik at han startar automatisk når eg startar maskina. Neste jobb er å få til ein Minecraft Pocket Edition-server slik at dei kan spele mot den med nettbretta sine. Det ser ut til at boksen min får meir å tilby enn berre lagring av backup av maskinene.

SSD kan ikkje slettast som HD

octane s2Tradisjonelle harddiskar har magnetiske plater som snurrar og armar som les og skriv til samlingar med sektorar. For å viske ut innhaldet er må ein overskrive med vilkårlege data. Då er ein sikra at ein ikkje kan gjenopprette gamle data.

For ein SSD er ikkje dette aktuelt. SSD inneheld store mengder minneceller som kvar kan ta eit visst tal med skrivingar til seg. For å fordele skrivingane sit det ein kontrollar på SSD som vel kor det skal skrivast. Det er ikkje sikkert at å få viske alle minneceller med denne måten.

Men for SSD har ein det som heiter TRIM. I Windows 10 blir dette omtalt som å optimalisere disken. Det som skjer når du ein nyttar TRIM er at kontrollen SSDen nullstiller dei minnecellene som i «innhaldslista» er merka ubrukte. Ligg det gamle data forduftar dei.

For å teste effektiviteten til TRIM rydda eg ein av PCane mine for biletesamlinga, video og dokument samt filer frå systemgjenoppretting og filer som blir mellombels lagra av ulike program. Deretter køyrde eg optimalisering av disk. Etter litt restarta eg pcen med Parted Magic (systemverktøy i linux fra minnepinne) og køyrde PhotoRec.

Gjennomgangen av det som vart funne på ledige plass av SSDen viste at eg ikkje greidde å finne at hverken fotosamlinga eller videoar. Eg gjorde nokre stikkprøvar av ulike filtypar og dei fleste var tomme og/eller gav feilmelding som uleslege. Fann ei gjenoppretta fil som inneholdt tekst frå eit brev av null verdi. Det var to eller tre småbilete (inntil 640 x 480 oppløysing) som stamma frå den gamle heimesida, men i det store og heile var TRIM svært effektiv. For meg kan det sjå ut til at det kan vere tilstrekkeleg å formatere SSDen og så optimalisere. I teori og praksis skal alle gamle data bli nulla bort. Ver obs på at TRIM berre virkar på intern SSDen.

Overrasking ved oppgradering av D-link DIR-880L

Med ujamne mellomrom undersøker eg om utstyret mitt har fått ny firmware, bios eller liknande. I dag sjekka eg D-link DIR-880L og fann ut at det var komen ny firmware eller programvare.

Oppgraderinga vart gjennomførte eg via kabla nettverk og i web-grensesnittet. Alt gjekk om på skinner, tilsynelatande utan problem og D-link DIR-880L var restarta. Internett var på plass og såg ut til å fungere som det skulle.

Ved månadsskifte er det tid for backup eller sikkerheitskopiering av data. Eg hadde ei større mengde som skulle til Jotta. Forrige månad var hastigheita opp 3 MB i sek sidan eg har ei 30/30 Mbit-line. Stor var overraskinga at no var farten avgrensa til i overkant av 0,2 MB i sekundet opp.

Eg testa alle deler av oppsettet frå fiberinntaket via straumnettet til routeren. Konklusjonen var at feilen måtte ligge i D-link DIR-880L . Ikkje kunne eg forstå kva som var årsaken og frykta i verste fall at den nye programvaren hadde ein vesentleg feil.

Før eg byrja å søke etter den gamle programvareversjonen, tenkte eg at eg skulle sjå innom QoS (Quality of Service) der ein kan setje avgrensingar på trafikk. Jammen fekk eg rett, under QoS var det sett inn tal som var langt under mi nettline. Eg endra tala slik at det er 30 Mbit ned og 100 Mbit opp. D-link DIR-880L vart restarta og no var alt tilbake til «gode gamle dagar».

Tips:

Sjekk alltid QoS på ein D-link DIR-880L etter oppgradering av programvare.

Film i 3D

mv5botazodezndazml5bml5banbnxkftztgwmdu1mtgznze-_v1__sx1537_sy1063_Har sidan barndomen vore fan av Star Wars og måtte naturlegvis ta meg ein tur før jul 2015 på Star Wars – The Force Awakens. Eg går sjeldan på kino no og dette var den aller første gongen eg såg film i 3D. Eg fekk stadfesta mine mistankar om at 3D er meir gimmikk enn noko som tilfører filmopplevinga noko vesentleg.

Objekt oppleves å  vere framfor eller bak kvarandre. Problemet ser ein lettast når det vert panorert anten forbi eller skrått langs/forbi objekta. Dei ulike objekta får ei kunstig framtoning. Det er som om det er flate figurara i bilete, nett som pappfigurar, sjølv om dei rører på seg. Ein får ikkje djupn på det einskilde objektet. For meg blei det unaturleg i forhold til korleis ein opplever verda rundt seg. Det blir som då eg såg på bilete i stereoskop på 70-talet. Eg har lest om folk som dukkar og bøyger seg vekk under filmar i 3D, men eg opplevde aldri trongen for å gjere det.

Eg kjem ikkje til å prioritere filmversjonar i 3D når eg skal på kino neste gong.

Vedlikehald av mine videoopptak

Ingen kodek
Ingen støtte for MPG-2 (DVD-format)

Eg har videoopptak tilbake til 1993. Mesteparten av opptaka er frå og med 1999, etter at ungane kom. I 2004 gjekk eg over til DV og kopierte analoge VHS-C-banda til DV-band. Data frå alle DV-banda er sirleg lagra på platelager og hos Jottacloud saman med filer/råmaterialet i full HD (AVCHD-format). Videokamera med full HD og lagring til minnekort tok eg i bruk ved årsskiftet 2007/2008. I tillegg har det dei siste 5 åra vorte filma litt med ulike mobiltelefonar i HD til full HD.

I perioden fram til nokre år sidan var DVD tingen. Råmaterialet vart redigert ned til korte og noko lengre videoklipp i MPG-2 organisert kronologisk. Besteforeldre og eigen famile har hatt stor glede av å plukke fram DVD-platene og sjå tilbake på oppveksten til ungane. Sjølv ungane synes det er storveges å sjå seg att frå spedbarn til småbarnstadiet.

Overgangen til Windows 10 gir ei ny utfordring. Som de ser av bilete over kan ikkje Windows 10 spele filer i DVD-format. MPG-2 er ein dekodar som det vert avkrevd lisens på og det er vorte gjort val med å ikkje ta han med lenger. Det fins naturlegvis gratis alternativ, men eg tek det som eit teikn på at ein bør vurdere alternativ arkivering. Eg vil ta vare på mine videoklipp så lenge som mogleg.

DVD og fysiske media går mot slutten av sin era. Eg har orientert meg mot skya. Det er ikkje problem å laste opp gamal MPG-2-video til Google Bilder, men det blir ikkje den store kvaliteten så eg har starta ein omfattande jobb. Alle videoklipp skal regenerast i beste kvalitet og arkiverast på Google Bilder. Så lenge videoane er i Full HD eller lågare tel dei ikkje på kvoten din så inntil vidare har eg gratis lagring med visning i nettlesaren.

Videoklipp basert på materiale i full HD AVCHD-format blir arkivert i full HD AVCHD-format. Video basert på DV blir arkivert i DV-format. Video basert på VHS-C skal eg vurdere når eg kjem tilbake til den tida. Eg har nitidig jobba meg tilbake til 2005 så eg må snart ta stilling til om det blir noko kvalitetsheving å arkivere det i DV-format sidan VHS-C var eit analogt format av dårlegare kvalitet.

Sjølv om det tek tid, oppleves det positivt at eg har halde meg til ein programfamlie for videoredigering heile tida, Pinnacle Studio i ulike versjonar. Eg har enno til gode å oppleve problem med regenerering av videoklippa. Kryssar fingrane for at eg i løpet av våren skal kome ajour heilt tilbake til 1993.

Nynorsk på Google Docs!

I juli 2014 kulminerte min irritasjon med at stilte Google spørsmål om når Google Docs fekk støtte for nynorsk. Det er ikkje nøye om menyar er nynorsk, men ein god stavekontroll kan til tider vere til god hjelp. Eg påpeika at deira konkurrent Microsoft Office Online støtta nynorsk og var einaste alternative for 1/2 til 3/4 million brukarar. Svaret eg fekk frå Google var at det var på planen, men dei hadde ikkje noko tidspGDnynorsk001unkt for når nynorsk vart implementert.

Reint tilfeldig oppdaga eg for eit par veker sidan at nynorsk hadde snike seg inn som språkalternativ hjå Google. Eg tenkte ikkje meir over det før eg i dag kom på at eg burde teste om nynorsk stavekontroll var tilgjengeleg i Google Docs.

Det er med stor glede eg kan stadfesta at no er Google Docs jamnbyrdig språkmessig med Microsoft Office Online. Google Docs har fått nynorsk stavekontroll:

GDnynorsk002

Flytte frå WordPress.com

Bloggen min hamna på WordPress.com etter at Windows Live Spaces vart lagt ned. Eg er godt nøgd med WordPress.com. Eg stiller ikkje store krav til funksjonalitet og skreddarsaum, men eg ser at WordPress.com er noko begrensa med kva ein kan legge inn. Eg byrja å sjå på korleis det ville vere å flytte til ein anna nettstad alt eg hadde på WordPress.com

Wordpress ExportWordPress.com har to eksportversjonar. Den eine tek dei seg godt betalt for og flyttar alt til ein partnars løysing. Då er ein ikkje heilt fri på kor ein flyttar det. Den andre moglegheita for eksport gir berre det tekstlege innhaldet ditt. Du får ikkje kopiert ned bilete og andre mediafiler du har nytta. Har du ein del liggande berre på WordPress.com og ikkje ein kopi lokalt, har du ein stor jobb framfor deg med å hente ned alt.

ArrieraEtter litt søking fann eg Arriera. Det er eit verktøy som brukar xml-filene frå den gratis eksportfunksjonen og hentar ned alle mediafilene som er lasta opp.

Ulempa er at det krev at du har køyrer det på ein Debian-basert linux-versjon, t.d. Ubuntu eller Debian. Det set visse krav til brukaren, men for min del gjekk det greit.

Erfaringane er at eg fekk henta ned alt, men at det var lurt å gjennomføre økta to gonger. Eg la merke til at på nokre få filer fekk eg ei feilmelding som etter det eg kunne sjå var relatert til nettverk. Til slutt sat eg att med 2,1 GB med filer som stemmer med det teljaren på WordPress.com seier.

Filene får ein ut, men å bygge opp at bloggen på ein anna nettstad med alle bilete og album vil likevel vere ei solid oppgåve.