
Om du brukar Gmail har du kanskje lagt merke til ei lita raud, open hengelås ved mottak eller oppretting av e-post.
I februar introduserte Google ny fuksjonalitet på Gmail som skal gi deg som mottakar eller avsendar moglegheit for å sjå om e-posten går over ein sikker kanal. I bilete ser du eit eksempel på ein e-post eg har motteke frå ein avsendar som ikkje støttar kryptering. Den opne, raude hengelåsen indikerar at e-posten har godt som eit postkort som alle og einkvar kan lese innhaldet på vegen.

Skriv eg e-post til mottakar ser eg med ein gong om e-posten vil gå over sikker kanal. I dette tilfellet går e-posten ukryptert.

For alle avsendarar (og mottakarar) som støttar e-post over sikker kanal, vil du ikkje sjå nokon form for hengelås. Det er med andre berre ein indikator – open, raud hengelås – som vil varsle deg om innholdet i e-posten din ikkje går sikra over internett mot uvedkomande.