AVCHD og Ubuntu 10.04

Eg har sidan mitt DV-kamera gav opp i slutten av 2007 nytta eit Panasonic HD-kamera som lagrar opptaka i AVCHD-format. AVCHD krev stor prosesseseringskraft og krev helst ein prosessor med 4 kjerner. Formatet var slitsamt nok i Windows i starten. Pinnacle Studio 11, som følgde kamera, skulle takle AVCHD. Men det var problem på problem som ustabilitet og filmar som kunne kome ut i DVD-format utan at lyd og bilete var korrekt synkronisert. Pinnacle Studio 12 som eg kjøpte ca 1 år etter var mykje betre, men Pinnacle var ei hårsbreidd frå å tape meg som kunde med den elendige 11-versjonen.

Eg har ikkje veldig aktivt søkt etter programvare for redigering av video i Linux, sidan eg er godt van med Pinnacle Studio og det fins ikkje i Linux-versjon. Av og til dei siste vekene har eg søkt litt rundt etter AVCHD og Linux. Dei fleste treffa er ulike «besvergelsar» på kommandolina for å få konvertert formatet til eit anna format som redigeringsprogram kan handtere.

I dag fann eg eit program som kan brukast: OpenShot. Instruksjonane for korleis du skal legge til programvarepakkebrønnen står på sidene. Fordelen med dette er at du får oppdatert til siste versjon når han er klar saman med dei andre oppdateringane frå Ubuntu.

For å teste OpenShot kopierte eg over nokre AVCHD-filer og starta. I forhold til Pinnacle Studio var måten å redigere på noko framand. Det tok ei stund før eg forstod korleis det skulle gjerast. Mellom anna må du bruke to videospor dersom du skal ha overgangar mellom klipp og du må passe på å justere retninga på overgangen mellom klippa. I bilete over ser du det første forsøk der pilene på fleire av overgangane går feil veg.

Eksport til filer i mpeg 2 (dvd-filer) gjekk greitt, men eksport til andre format som divx/xvid eller Youtube gav feilmeldingar. For meg kunne det sjå ut som alt var på plass i Ubuntu, men at Ubuntu brukte andre namn på codecane slik at OpenShot ikkje fann dei. Etter litt søking på nettet fann eg løysinga som var at eg måtte legge til Mediubuntu sin pakkebrønn. Når det var på plass, opna eg Synaptic programpakkebehandler og installerte libavcodec-extra-52. Etter dette kunne eg eksportere til dei fleste format som divx/xvid og h264.

Det var ein vesentleg svakheit med programmet. Som du ser av system monitor til venstre i bilete over, så brukar ikkje programmet meir enn ein kjerne av ein fleirkjerne prosessor. I bilete ser du at kjerne nummer 3 ligg på 100%, medan dei andre ikkje blir brukt av OpenShot. Det seier seg sjølv at det går tregare enn om alle ressursar vart utnytta.

Utklassing av Ubuntu 10.04 over Windows 7

Mitt inntrykk av Windows 7 er at det er raskt til å vise skrivebordet, men det er så mykje som startar opp i bakgrunnen at ein kan ikkje bruke maskina før etter ei god stund. Det er mange som hevdar at 7 er raskare enn Vista i oppstarten, men der er mitt inntrykk at 7 er flinkare til å vise fort skrivebordet, men ellers er det akkurat like gale.

Eg måtte testa kor raskt Ubuntu 10.04 var i oppstarten kontra Windows 7.  I min test gjorde eg ei forutsetning at Firefox og e-postprogrammet Thunderbird skulle vere starta, vise startsida og sjekke e-post. Maskina har siste teknologi med mellom anna ein Core i5-540M prosessor.

Resultatet av min test vart:

  • Ubuntu 10.04: 55 sekund
  • Windows 7: 2 minutt

Ikkje skuld på at eg ikkje har rydda opp i rusk og rask som følgjer med dagens pcar. På mine pcar køyrer ikkje noko som ikkje er nødvendig.

Merkje det stend, um mannen han stupa (Per Sivle)

So langt er det ikkje kome, men i dag, 28.01.11, er det 15 år sidan mi første posting på internett. Meinar å hugse at eg teikna meg for tilgang mot slutten av 1995 via Schibsted Nett. Om ikkje dei var pioneren på kommersiell tilgang for privatpersonar, så var dei rimeleg tidleg ute.

Det var i den tid at 4 MB internminne på pcen var mykje. Pentium gjorde susen, OS/2 var på veg i grava og Windows 95 var i sin spede barndom. Tilgang «for oss dødlege» var eit 28.800 kbps modem som omrekna tilsvarar 0,028 Mb i dag. Ikkje ein gong webarkivet har spor etter www.vg.no så tidleg.

Feilmeldingar relatert til Intel HD og språkpakke i Ubuntu 10.10

Eg har installert Ubuntu 10.10 med dobbel oppstart Windows/Linux. Maskina er av siste teknologi og har mellom anna ein Core i5-540M prosessor med Intel HD grafikkort på prosessoren samtidig som ho har eit separat Nvidia kort for tyngre oppgåver.

Etter ei oppdatering av kjernen oppdaga eg at eg fekk ei feilmelding ved oppstart:

failed to get i915 symbols…

Eg kom over ein tråd i Ubuntu-foruma om dette som krev at eg redigerer eit par filer:

  • Opna ein terminal (kommandoline).
  • Skreiv sudo gedit /etc/modprobe.d/blacklist.conf
  • La til «blacklist intel_ips» i botnen utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit
  • Skreiv sudo edit /etc/rc.local i terminalen.
  • På lina over exit 0, legg til ei line med «modprobe intel_ips» utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit

Feilmeldinga er borte frå starten no og modulen er lasta.

Når eg kom tilbake til terminalen, oppdaga eg ein haug med feilmeldingar:

error: line xxxxxx: bad flag alias index: 0
error: line xxxxxx: bad flag vector alias

xxxxxx er eit stigande nummer. Det ser ut som det er relatert til språk/lokalisering. Nokon rapporterer at det er den sørafrikanske ordboka, installert som ein del av engelsk språkpakke, som skapar problemet. Men det ser ut til at det gjeld alle språk, i det minste òg bokmål. Eg prøvde å ta vekk den sørafrikanske, men det var ikkje til hjelp.

Eg må også sjekke ut batteritida på pcen. Under 2 timar synes å vere kort i Linux. Er usikker på om det er lengre i Windows. Det får vere ei oppgåve for dei komande dagane.

Tur: Sevi

Stølen Sevi ligg på nesten 800 moh i Skuledalen over Fivelhola i Henjadalen som er omtala tidlegare.

Like før du kjem til turposten i Fivelhola, tek du til venstre og passerer eit sæl som har kollapsa. Inne i skogen, like bak sælet, kjem du inn på stien som du følgjer opp til Sevi. Du må rekne med ca 45 minutt frå Fivelhola.

Første 1/3 av turen går du sikk sakk opp over, inn mot Skuleåna (utalast Skuleaonao). Ho renn frå Svartavatnet og ned heile Skuledalen og endar ut i Henjaelva ved Fivelhola. Deretter går stien i sikk sakk litt i frå elva, og litt nærare Flya, for å unngå eit berg og ein bekk som kjem ned frå Sevi. Du går gjennom skog og utsikta er so som so. Turen byr heller ikkje på problem for dei med høgdeskrekk. Det er ingen luftige parti med tvilsamt fotfeste som forserast. På vegen opp vil du merke at det på nokre plassar alternative ruter å ta seg opp. Desse har nok kome til når turgåarar har ønskt å ta eit kortare og brattare alternativ for å kome inn på stien att litt over.

Tregrensa går på nedre del av Sevi. Sjølve stølsområdet er fritt for skog. Sevi er ingen stor støl. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Frå sælet kan du skoda i austleg retning mot Lusaskard på austsida av Henjadalen. I sør kan du sjå ned Henjadalen mot Sognefjorden og på motsett sida Fresvik. Frå sør mot nord vest går Skuledalen. På motsett side av den har du Okslahaugane og Kjeringi. Om ikkje eg hugsar heilt feil skal det vere ei lita bru i sør vestleg retning du kan gå over til Okslahaugane for så å gå til Stokksete og så evt. vidare ned på Kleppa, Raumålsgrindi eller ned på Dalhjedla.

Turen til Sevi kan gjerast som ein kombinert sykkel og spaseringstur. Første delen fram til Fivelhola gjer du unna til sykkel for å gå opp til Sevi. Fordelen er at du etterpå kan trille heim att Henjadalen. Eg kan lova deg at det kjennes bra etter at du har vore ein tur på Kjeringafjellet via Sevi. Ca 900 høgdemeter sit godt i beina og 4 km ned att Henjadalen fortonar seg lite lystig.

Historisk bilete frå før kraftutbygginga

Turen til Sevi er splitta i to deler:

  1. Henjadalen til Fivelhola til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelhola til Sevi

Xubuntu / Ubuntu med kryptert disk

For ei tid tilbake vurderte eg ulike alternativ for å sikre ein Compaq HP Mini 730eo med treg Intel Atom N270 prosessor. Installeringa av Ubuntu eller Xubuntu ved hjelp av alternativ cd eller installering frå internett har eit enkelt val utan alternativ. Etter å ha studert litt på oppsettet meinte eg at krypteringa og metoden som var valt var for ressurskrevjande.

Som standard foreslår Ubuntu bruk av AES (Advanced Encryption Standard) med 256 bits nøkkel. Metoden cbc-essiv med sha256 blir brukt. Minimum AES brukar 128 bits nøkkel som ifølgje Wikipedia er nok for å sikre informasjon gradert som secret i USA.

Eg valde å setje opp maskina med AES med 128 bits nøkkel i ECB. Kvar blokk er kryptert uavhengig som kan senke tryggleiken eit lite hakk ifølgje Wikipedia. Illustrasjonen som vert vist er ei kraftig forenkling problemet/utfordringa.

Her er skriptet eg nytta for å vurdere skilnad i hastigheit:

rm *.txt
dd if=/dev/zero of=kort.txt  bs=1M  count=500
dd if=/dev/zero of=lang.txt  bs=1M  count=2000

Den første lina fjernar eventuelle txt-filer i mappa skriptet køyrer i. Den andre lina lagar ei fil med namnet kort.txt med nullar på ca 500 MB. Den siste lina lagar ei fil med namnet lang.txt på ca 2 GB.

Ukryptert disk
524288000 byte (524 MB) kopiert, 11,0566 s, 47,4 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,5938 s, 34,6 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 10,5128 s, 49,9 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 58,0929 s, 36,1 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 9,88656 s, 53,0 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 60,076 s, 34,9 MB/s

Kryptert disk med AES 256 bit nøkkel i cbc-essiv sha256
524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,5097 s, 22,3 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,156 s, 16,2 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 27,1944 s, 19,3 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 127,024 s, 16,5 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 23,0415 s, 22,8 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 129,141 s, 16,2 MB/s

Kryptert disk med AES 128-bit nøkkel i ECB
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,5336 s, 36,1 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 92,2066 s, 22,7 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,7233 s, 35,6 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 91,0558 s, 23,0 MB/s
524288000 byte (524 MB) kopiert, 14,8205 s, 35,4 MB/s
2097152000 byte (2,1 GB) kopiert, 89,756 s, 23,4 MB/s

Oppsummering
Med ei lita justering av krypteringsmetoden er disken framleis sikra mot innsyn, men hastigheita er vesentleg auka.

Skikarusell 2011

Deltakarar
Deltakarar (foto: Ørjan Talle)

Barneskigruppa i Syril vil arrangere skikarusell for dei minste, til og med fødselsår 2002, på Kleppa desse dagane i 2011:

  • 15. januar – Langrenn
  • 29. januar – Langrenn
  • 12. februar – Langrenn og alpin/telemark i bakken
  • 5. mars – Langrenn
  • 12. mars – Sognefjordrennet kombinert med crossløype for barn i Orraveitane
  • 2. april – Langrenn og avslutning med premieutdeling.

iPad

ipad

No har eg fått testa nettbrettet. Mitt første inntrykk er at det ser svært bra ut i metall og svart, men der er det jamnt slutt. Som når eg testa iPhone 4 blir kombinasjonen for glatt å halde. iPad har ingen ergonomiske tilpassingar som gjer det godt å halde. Min gamle Nokia E60, forma som ein tynn murstein i glatt plast og metall, har fleire gonger forlete handa mi i eit vilt forsøk på å kome seg fri frå mitt klamme grep.

Akilleshælen til iPad er vekta. 700 gram er for tungt til å halde som eit tjukt papir i ein kant. Etter ca 5 minutt merka eg det i musklane i fingrane og handleddet. Ikkje går det an å byte grep heller. Designet har ikkje groper eller tilpassingar slik at iPaden ligg i handa som eit serveringsbrett samtidig som du at du har eit fast grep om han. Du har tre val:

  • legge iPaden på bordet/underlag (som ikkje er for glatt slik at han snurrar heile tida),
  • halde den i eit «krokgrep» i armen eller
  • kvile den mot låra.

Om eg vurderer iPad som lesebrett, er eg skeptisk til baklyset. Eg synes det ikkje er godt å lese på ein skjerm med lys i lengre tid. Det kan godt vere at ein vert van til det, men som lesebrett for bøker du lastar ned trur eg meir på eit lesebrett med «elektronisk papir» utan lys.

Konklusjonen min på iPad:
Eg kan like gjerne kjøpe meg ein liten 11,6″ berbar og bruke han til noko meir enn berre surfe på nettet.

Antivirus ved eit skilje, eller allereie forbi?

Eg høyrer til ei tid der virus kom snikande via fysiske medium. Internett eller bulletin boards med gode liner var forbeholdt dei få.

Over tid har ulik antivirusprogramvare, som t.d. Norman, Microsoft Security Essentials og AVG, fått pcen til å gå merkbart saktare. Det er lett å merke på eldre maskiner eller små, populære netbooks med svake prosessorar. Og så har vi dei tilfella der der menneskefeil har ført til at tyggleikspakken anser brukaren som ein trussel.

Dei siste åra har det meste av det eg treng kome via internett. Eg har spurt meg: Kvifor skal det ligge millionvis av virussignaturar og kode i minne som syg til seg ressursar?

I det siste året har eg lagt merke til antivirus basert i nettskya:

  1. Immunet Antivirus
  2. Panda Cloud Antivirus
  3. Kingsoft Cloud Antivirus

Antivirus basert i nettskya skil seg frå tradisjonell antivirus ved at hovuddelen av programvara køyrer på server(ar) i nettskya. Ved hjelp av desse vil klientprogramvara på din pc kunne skanne filer og køyre testar på dei mistenkjelege filene. Resultatet er at det programvare installert på din pc blir mindre ressurskrevjande. Ein anna fordel er at du slepp dei tradisjonelle nedlastingane av virusdefinisjonar.

Ein god og tilnærma fast tilkopling til internett er nødvendig for å dra best mogleg av tilbodet. Det betyr ikkje at du ikkje er sikra når pcen ikkje har tilgang til internett. Til dømes lagrar Panda Cloud Antivirus informasjon og signaturar for virus i eit lokalt lager for når du ikkje har tilgang til nettet.

Eg har testa Panda og Immunet sine gratis tilbod, men ser at Kingsoft tilbyr mest funksjonalitet. Ein «risikosurfar» kan eg nok ikkje sei eg er. Som med kjøpt antivirusprogramvare, har det ikkje dukka opp meldingar om infeksjonar eller advarslar. Hittil synes eg det har fungert veldig bra. PCar virkar raskare i oppstart, pålogging og generelt meir responsive.

Hindre Ubuntu 10.04 LTS laste diskar automatisk

Å hindre Ubuntu å automatisk laste diskar, minnekort og minnepinnar for lesing og skriving kan vere nyttig dersom du må handtere slike med feil slik at filene ikkje lenger er tilgjengelege i innhaldslista til mediet. I ein slik situasjon er det viktig å sikre seg mot at operativsystemet prøver å fikse feilen før du får kopiert ut eit fullstendig image/bilete av heile minnekortet eller disken for å prøve å hente ut filene som ligg der med dei rette vertkøya.

I den gamle Ubuntu 8.04 LTS-versjonen var det enkelt å justere dette via eit grafisk grensesnitt, men denne måten fungerer ikkje i Ubuntu 10.04 LTS. Etter litt søking på internett kom eg over løysinga her.

  1. Opne ein terminal og skriv
  2. gksu gedit /var/lib/polkit-1/localauthority/10-vendor.d/com.ubuntu.desktop.pkla
  3. I seksjonen [Mounting, checking, etc. of internal drives] skal du endre siste lina til auth_admin
[Mounting, checking, etc. of internal drives]
Identity=unix-group:admin
Action=org.freedesktop.udisks.filesystem-*;org.freedesktop.udisks.drive-ata-smart*
ResultActive=auth_admin
......

Til slutt lagrar du fila. For å vere sikker på at alt er på plass gjer du ein omstart av maskina for å teste om du blir bedt om passordet ditt når du koplar til ein ekstern disk, minnepinne eller minnekort.