Nei takk til 11 millionar

Det ser ut som om saka om kraftverk i Leikanger kjem opp att no. Fleirtalet går framleis i mot.

Det er mogleg at eg har vanskeleg for å forstå, men slik eg skjønar saka så vart det framforhandla ein avtale av velvilje frå Sognekraft. Her ligg det inne 10 millionar og 1 million til barne- og ungdomsidrett. Skulle ein ha følgt minimumsreglane hadde det vore lommerusk Leikanger kommune ville fått. Prioritet av vasstilførsel er/var òg sikra i avtalen. Avtalen var på plass og godkjent av kommunestyret før nokon av ein eller anna grunn fekk kalde føter eller idear om at ein kunne greie noko betre. Vi snakkar om eit soleklart avtalebrot. Slike har som oftast  konsekvensar. Sognekraft var ikkje verre på det enn at dei gjekk i nye forhandlingar.

Det er greitt å spele høgt når ein veit at ein har trumfkortet, men i denne saka har Leikanger kommune ingen ting. Eg er rimeleg sikker på at utbygging blir det uavhengig av kva som måtte skje i kommunestyret. Det vil vere synd om Leikanger kommune kjem til å sitje att med småpengar. 10 mill kjem godt med i ein anstrengt økonomi, men det ser ut som om dei folkevalde meinar at innbyggjarane har evne til å akseptere auka (eigedoms)skattar, avgifter. Ein kan vel heller ikkje sjå bortifrå at vederlag for bruk av kommunen sine lokaler, t.d. idrettshallen og skulen, gjer eit byks. Dei folkevalde får òg ta høgde for eit erstatningssøksmål frå Sognekraft samt betale for kunstgrasbana som ein ikkje lenger vil ha midlar til.

Eg reknar med at framtidige aktørar bit seg merke i korleis politikarane har handtert saka. Eg er ikkje sikker på at andre vil vere like velvillige dersom ein kan sleppe unna med å følgje eit eller anna lovpålagt minimum. Eg veit kva eg ville ha valt…

Unison fungerer nesten som SyncBack

Det var ikkje mykje som skulle til for å få Unison til å fungere med nettverksdisken. Eg søkte på unison først og deler av feilmelding. Løysinga låg i første treff frå Google.

Problemet eg hadde var at Unison prøvde å justere rettar for filer kopiert frå maskina til nettverksdisken på nettverksdisken. Det ville ikkje han ha noko av. Eg må difor passe på å legge inn perms = 0 i kvar profil som eg brukar opp mot disken.

Unison har ein grundig metode for å sjekke endringar av filer som meir tidkrevjande enn SyncBack freeware sin måte. Ved å setje fastcheck = true i kvar profil vil Unison gjennomføre ein meir overflatisk sjekk basert dato og tid på filer. Unison vert meir jambyrdig med SyncBack freeware. Unison viser ei liste over filer og mapper der du kan legge inn unntak på dei filer og mappene som du aldri vil synkronisere eller vil hoppe over for denne gong. Dessverre går det ikkje å be om at ei fil skal slettast. Du må bruke utforskaren for å finne og slette ho. Eg skal alltid kunne leve med å legge inn innstillingane i filene til dei ulike profilane eg set opp.

Program for Windows i Linux kan vere til stor hjelp

Syncback i LinuxEg har enno ikkje greidd å finne eit godt alternativ for SyncBack freeware for Windows frå 2brightsparks.com i Linux som fungerer utan feilmeldingar med min nettverksdisk.

Unison synkronisering gir feilmeldingar og får ikkje overført nye filer til boksen. LuckyBackup, som er eit enkelt grafisk grensesnitt for rsync-kommandoen, har eg fått til å fungere akseptabelt. Eg måtte berre passe på å legge inn innstillinga «–temp-dir=/var/tmp» i profilane. No gir LuckyBackup ei ufarleg feilmelding om at rsync ikkje har greidd å setje dei korrekte rettane på filer som blir overført til nettverksdisk. Synkroniserer eg ein gong til vil eg sjå at fila er overført. Motsett veg er det ikkje problem. Ulempa med LuckyBackup er at det ikkje presenterer ei liste over filer som skal synkroniserast slik som SyncBack og Unison. Dette gjer det vanskelegare å fjerne filer eg ikkje lenger vil ta vare på sidan eg må slette dei på nettverksdisken før synkronisering.

Masse Windows-programvare fungerer under Linux, men du må installere Wine for å køyre han. Wine er enkelt å installere frå Ubuntu programvaresenter. Deretter er det berre å laste ned programmet, dobbelklikke på exe-fila og programmet blir installert og lagt i startmenyen eller du kan be om å få eit ikon på skrivebordet.

Tur: Fjærlandssete over Lusaskard


Fjærlandssete er ein støl som ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen.

Men vil du gå den finaste ruta, legg du turen om Skagasete og Lusaskard. Du kan køyre til Skagasete med bil om du ikkje ønskjer å gå opp skogen frå Kvålen eller Dalenfeltet. Fordelen med å ikkje ta bilen til Skagasete er at du kan bruke turen som del av ein rundtur der du går til Fjærlandssete over Lusaskard for så å gå til vestsida av vatnet til Sumhaug og ta turen ned Reiseta til Flya og gå heim Henjadalen. Det er berre ein kort tur over elva frå barneskulen for å hente bilen på Kvålen.

Turen frå Lusaskard går ned Skitbrekkene og du har god oversikt i alle himmelretningar. Ein fin dag vil du sjå Jotunheimen med Skagastølstindane i horisonten. Turen går i lyng og graskledde skråningar mot aust. Du vil tidleg få auge på Fjærlandssetevatnet og Sumhaug. Om du ikkje vil heilt til Fjærlandssete, kan du ta av i nordleg retning og gå mot Sumhaug. Når du er komen omtrent halvveges på turen frå Lusaskard til Fjærlandssete, vil du sjå stølsområdet. Det er berre å halde fram nedover mot stølen. Om litt vil du få auge på Kalvevatnet. Nede ved vatnet kjem du inn på stiar du kan følgje mot stølsområdet eller du kan svinge vestover og følgje sti mot Sumhaug.

Turen til Fjærlandssete over Lusaskard er delt opp i fire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard
  4. Lusaskard til Fjærlandssete

Alternativ sti som tek deg ned mot Sumhaug før du går mot Fjærlandssete:

Fujitsu Siemens Amilo Si3655 gir ein del utfordringar

FSAmiloSi3655Dette er ein modell som skapar ein del hovudbry. Maskina spelar ikkje på lag med fullstendig diskkryptering som Truecrypt 6.x eller Compusec 5.2. For begge desse fungerer testprosedyra, men når disken er kryptert så kjem meldinga Operating System Not Found ved oppstart og der vert maskina ståande. “Fordelen” med problemet er at du kan bruke redningscden Truecrypt genererer eller lage ein USB “oppstartsnøkkel” av han på ein minnepinne med Unetbootin. Maskina vil berre starte dersom cd/"nøkkelen" blir brukt.

Med Ubuntu eller Debian aleine installert på maskina får ein same meldinga etter installasjonen. Eg valde å teste OpenSuse 11.3. Han er ikkje er basert på Debian, men utvikla av Novell. Under oppsettet av OpenSuse oppdaga eg at han brukte eit spesielt diskoppsett der eg la merke til at OpenSuse vart sett opp til å starte frå ein utvida partisjon og ikkje frå Master Boot Record. I motsetning til Ubuntu starta OpenSuse utan problem.

Sidan eg er van med Ubuntu-variantar, vart OpenSuse 11.3 litt for framand for meg. Eg måtte berre prøve å installere Ubuntu 10.04 med tilnærma lik partisjonering. Det vart gjort, men etter restart kom den velkjente meldinga Operating System Not Found opp. Eg starta maskina igjen med Ubuntu-cden og starta gparted, ein partisjonseditor. Her såg eg at oppstartspartisjonen ikkje var flagga med boot-flagget og eg sette det. Etter dette starta Ubuntu 10.04.

Ein kollega studerte på problemet. Han flytte disken til ei anna maskin og kunne konkludere med at Amilioen gav blanke i det som låg i Master Boot Record. Han hadde installert Ubuntu med standard installasjonsprosedyre og i motsetning til mi løysing, må ein faktisk fjerne boot-flagget på første partisjonen for at maskina skal starte Ubuntu.

I dag installerte eg den alternative versjonen med Xubuntu med full diskkryptering med standard oppsett. Ved restart proklamerte Amiloen som forventa Operating System Not Found. Eg starta maskina med cden Parted Magic og fjerna boot-flagget frå /boot-partisjonen. No starta Xubuntu utan problem.

For meg kan det sjå ut som om Fujitsu Siemens har modifisert BIOS slik at ein skal hindre at eit virus i Master Boot Record skal skape problem for Windows.

Medfølgjande programvare er ikkje alltid oppdatert

win7bundling inkompatibelNår eg set opp eigne eller andre sine maskiner, går eg alltid gjennom for å fjerne programvare eg meiner er unødvendig. HP er ikkje dei verste med å leggje med masse. Corel PaintShop Photo Pro X2 var med. PaintShop var noko eg brukte før tusenårsskiftet i gratisversjon 4.15SE. Eg trur det var 1995 eller 1996. Det vart interessant å sjå om det hadde vore noko utvikling dei siste 15 åra, men det første eg la merke til når eg starta programmet var ein advarsel nede til høgre: “Fargeoppsettet har blitt endret til Windows 7 Basic”.

Det viser seg at Corel PaintShop Photo Pro X2 ikkje er kompatibelt med standard Windows Aero grensesnitt og må slå dette av. Corel burde nok lagt med ein nyare versjon. Det var synd, men eg har nok programvare til å gjere lettare redigering av bilete, så Corel PaintShop Photo Pro X2 vart umiddelbart avinstallert.

Ikkje bruk Norman Anti Virus / Security Suite

For 2 år sidan advarte eg mot Norman som brukte store mengder ressursar på grunn av lite optimalisert programmering. Eg har tilgong til ei nyare Fujitsu Siemens Amilo med 3 års abonnement på Norman. Maskina er rimeleg sprek, men eg har hatt ei oppleving av at ein del ting har vore tregare enn på svakare maskiner.

nvsesvc - high cpu Eg plukka maskina fram att denne veka. Det var ein del Windowsoppdateringar tilgjengeleg og eg la merke til at Norman Anti Virus vart oppdatert til siste versjon. Etter oppdateringa av Norman fekk eg eit klart inntrykk av at maskina vart tregare. Det tok lang tid å logge seg inn på konto og etter kvart sjekka eg opp i kva for prosessar som køyrde i bakgrunnen ved hjelp av Oppgavebehandling.

Nsesvc.exe eller Norman Scanner Engine Service gjorde krav på inntil 100% av prosessor t.d. i løpet av innlogging på brukarkontoen. I bruk, etter innlogginga, la eg også merke til at Norman var svært ressurskrevjande når eg starta program. Eg sjekka brukarstøtteforumet til Norman og såg at det var rapportert tilsvarande problem når eg søkte etter nsesvc.

Norman Scanner Engine Service la òg beslag på i overkant av 125 MB minne. Greitt nok at maskiner i dag har som standard 3 – 4 GB minne, men det får då vere måte på. Andre produkt eg brukar eller har brukt har ikkje hatt i nærleiken slike krav til minne.

Som eit siste forsøk ville eg teste teorien om at dersom eg tok eit fullstendig virussøk av maskina, ville Norman Scanner Engine Service roe seg. Eg sette på scanninga om kvelden og sjekka Oppgavebehandlingen. Stor var overraskinga at denne prosessen også la beslag på i overkant av 125 MB. Minnebruk var det store problemet med Norman tidlegare. Dårleg programmering gjorde at kvar modul lasta virussignaturar i stadenfor at modulane kunne dele på ei samling. Norman lova å rette på dette for 2,5 år sidan, men det ser ut til at dei ikkje har halde ord enno. Scanninga stod på natta over, men var ikkje ferdig om morgonen etter ca 7 timar. Det var siste dråpen!

Mitt råd er å fjerne Norman dersom du har det på maskina og heller bruke eit gratis alternativ. Sjølv om Norman er “gratis” og følgjer pcen, er det ikkje verd prisen/plagene.

Tur: Bergsete

Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete.

Det er fleire måtar å kome seg dit på. Ein er å gå Njøsadalen til Fadnastølen og opp til fremsta Havravatnet. Du går til enden av vatnet, der det renn ned i Øvstedalen, og kryssar utløpet. Her vil går du bratt opp Moldbakken før du etter litt svingar sørvestover og går på kanten av berget over det fremste Havravatnet. Stien opp Moldbakken og over vatnet er lett å følgje. Du treng å vere litt sterk i høgden. Sjølv føler eg litt ubehag på eit lite stykke av stien over vatnet, men med fokus rett fram går det greitt. Bileta er av typen “hofteskot” akkurat her. Ein kan alltids ta seg ein titt ned når ein står litt mindre utsett til.

Når du er komen over det luftige partiet, kan du velje minst to måtar å gå mot Bergsete. Ein måte er å følgje sauetrakk fram mot myra som endar ut i Kvannskar. Du går ikkje ned på myra, men svingar til venstre inn mot Mjellhaugane. Veggane av det som ein gong skulle verte sæl av stein er lett synlege. Ein anna måte er å gå rett på foten av Mjellhaugane. Når du kjem opp på dit, vil du stå litt nord for Bergsete. Frå Bergsete kan du gå opp på Mjellhaugane og/eller halde fram mot Hangsete.

Turen er splitta i fleire deler og album:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
  2. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  3. Fadnastølen til Havrane
  4. Havrane til Bergsete

Xubuntu-oppdatering stoppa pga feil i filer med informasjon om pakkane

Den automatiske oppdateringa varsla om at det var nokre oppdateringar tilgjengelege. Eg starta oppdateringa og filene vart lasta ned, men under installasjonen stoppa det med ei feilmelding om at ein pakke, open-office.org-common, inneheldt ei fil utan namn. Etter eit søk på nettet fann eg løysinga:

  1. Opne Terminal (kommandolina i linux) som du finn under Tilbehør i Programmer-menyen.
  2. Slett openoffice.org-common-filene i mappa /var/lib/dpkg/info/ med sudo rm /var/lib/dpkg/info/openoffice.org-common*
  3. Reinstallere openoffice.org-common med sudo apt-get install openoffice.org-common –reinstall

Deretter er det berre å køyre oppdateringa og alt fell på plass.