For 2 år sidan advarte eg mot Norman som brukte store mengder ressursar på grunn av lite optimalisert programmering. Eg har tilgong til ei nyare Fujitsu Siemens Amilo med 3 års abonnement på Norman. Maskina er rimeleg sprek, men eg har hatt ei oppleving av at ein del ting har vore tregare enn på svakare maskiner.
Eg plukka maskina fram att denne veka. Det var ein del Windowsoppdateringar tilgjengeleg og eg la merke til at Norman Anti Virus vart oppdatert til siste versjon. Etter oppdateringa av Norman fekk eg eit klart inntrykk av at maskina vart tregare. Det tok lang tid å logge seg inn på konto og etter kvart sjekka eg opp i kva for prosessar som køyrde i bakgrunnen ved hjelp av Oppgavebehandling.
Nsesvc.exe eller Norman Scanner Engine Service gjorde krav på inntil 100% av prosessor t.d. i løpet av innlogging på brukarkontoen. I bruk, etter innlogginga, la eg også merke til at Norman var svært ressurskrevjande når eg starta program. Eg sjekka brukarstøtteforumet til Norman og såg at det var rapportert tilsvarande problem når eg søkte etter nsesvc.
Norman Scanner Engine Service la òg beslag på i overkant av 125 MB minne. Greitt nok at maskiner i dag har som standard 3 – 4 GB minne, men det får då vere måte på. Andre produkt eg brukar eller har brukt har ikkje hatt i nærleiken slike krav til minne.
Som eit siste forsøk ville eg teste teorien om at dersom eg tok eit fullstendig virussøk av maskina, ville Norman Scanner Engine Service roe seg. Eg sette på scanninga om kvelden og sjekka Oppgavebehandlingen. Stor var overraskinga at denne prosessen også la beslag på i overkant av 125 MB. Minnebruk var det store problemet med Norman tidlegare. Dårleg programmering gjorde at kvar modul lasta virussignaturar i stadenfor at modulane kunne dele på ei samling. Norman lova å rette på dette for 2,5 år sidan, men det ser ut til at dei ikkje har halde ord enno. Scanninga stod på natta over, men var ikkje ferdig om morgonen etter ca 7 timar. Det var siste dråpen!
Mitt råd er å fjerne Norman dersom du har det på maskina og heller bruke eit gratis alternativ. Sjølv om Norman er “gratis” og følgjer pcen, er det ikkje verd prisen/plagene.