Den automatiske oppdateringa varsla om at det var nokre oppdateringar tilgjengelege. Eg starta oppdateringa og filene vart lasta ned, men under installasjonen stoppa det med ei feilmelding om at ein pakke, open-office.org-common, inneheldt ei fil utan namn. Etter eit søk på nettet fann eg løysinga:
- Opne Terminal (kommandolina i linux) som du finn under Tilbehør i Programmer-menyen.
- Slett openoffice.org-common-filene i mappa /var/lib/dpkg/info/ med sudo rm /var/lib/dpkg/info/openoffice.org-common*
- Reinstallere openoffice.org-common med sudo apt-get install openoffice.org-common –reinstall
Deretter er det berre å køyre oppdateringa og alt fell på plass.