Ifjor haust merka eg at min gamle berbare med ein Celeron M på 1,5 ghz kom til kort ved avspeling av HD-materiale. På den tiden gjekk det helst i HD-filmar i Windows Media-filer frå CDon. Celeronen spelte det rimeleg flytande, men innimellom såg eg rykk i bilete. Prosessorforbruket var i taket. Det var på tide å sjå etter ei ny maskin. Sidan den gamle travaren greidde seg så pass bra, sette eg ikkje høge krav. I dag har dei fleste prosessorane hjelp til å dekode HD-videoar i grafikkortet, som gjer arbeidet vesentleg lettare for prosesoren. Eg rekna med at det meste av dagens produkt skulle takle video.
Windows Media-filer frå CDon fungerte upåklageleg og silkemjukt med ein AMD E2-1800. Så kom Netflix som brukar Silverlight i strauminga av video. CDon har byrja å bruke Silverlight i si teneste i ny avspelar. Viaplay nyttar òg Silverlight. Det er her problem ligg, video over internett. Eit paradoks når AMD har sikta seg inn på mediasentermarknaden med desse prosessarane.
AMD har deaktivert støtte for maskinvareaksellerasjon av internettvideoar i kontrollpanelet til drivaren til grafikkortdelen av prosessoren. Sjølv om eg aktiverer maskinvareaksellerasjon, skapar det berre problem i Netflix. Bilde slår om til HD, men hakkar kraftig og lyden er ikkje i sync med bilete. Eg har sett nedlasta film frå CDon i den nye avspelaren basert på Silverlight. Det var meir rykk og napp enn det eg opplevde med gamlemaskina og Windows Media-filer. For Netflix har eg eit alternativ via min Sony BluRay-spelar. Filmane blir spelt av flytande i ordinær HD med eit bilete betre enn DVD.
Eg har forsøkt videoar i HD på Youtube som blir spelt av i Flash og det er like gale. Eg kan med rimleg tryggleik hevde at AMD sin Catalyst-drivar, noverande 13.1, i det minste støttar ikkje maskinvareaksellerasjon via Silverlight og mest sannsynleg Flash. Prosessor-delen må ta seg av alt og er for svak til det. Som avspelar av internettvideoar i HD er AMD E-prosessorar totalt ubrukelege.
No sist har eg leigd HD-film hjå iTunes. Filmane blir ikkje strauma, men lasta ned før avspeling. Eg var spent på om det gjekk like silkemjukt som med Windows Media-filer. iTunes kunne vere ein siste skanse der eg kunne leige nyare filmar. Sjølv om avspelinga er betre enn videoar strauma via Flash og Silverlight, er det hakkete og ikkje brukandes.
Mitt råd: AMD E- eller C-prosessorar er for svake til mediasenter.
Eg har det siste året leigd filmar over internett. Hittil har eg brukt ein gamaldags 15-pins VGA. Filmar i HD-kvalitet har det ikkje vore problem å fått sett frå andre enn iTunes. Første filmen eg prøvde å leige i HD-kvalitet fekk eg ei kryptisk feilmelding. Eg ønskte å sjå filmen og valde å sjå han i vanleg kvalitet.
Eg skifta ut platelageret med fastminne på min Lenovo Ideapad Z380. Etter ein kort periode med Windows, for å teste SSDen, har eg installert Ubuntu 12.04. Installasjon gjekk utan problem, men tek ikkje omsyn til SSD. Trim blir ikkje sett opp. Dette kan føre til at ein over tid får ein tregare skrivefart sidan ledige blokker på SSDen ikkje er klargjort for skriving. Heldigvis fins det oppskrifter på dette og eg har plukka litt frå bloggen for å redusere skriving til SSDen.










