I samband med skifte frå platelager til SSD installerte eg Ubuntu 12.04 på nytt. Ubuntu er komen i punktversjon 12.04.2 som går over frå kjerne versjon 3.2 til 3.5. Med min Lenovo Ideapad Z380 har kjerne 3.5 ein fordel, ved at han støttar trackpaden slik at høgreklikk fungerer utan at ein må kompilere inn støtte for det.
Dessverre introduserer kjerne versjon 3.5 eit problem med blåtann. Sporadisk mister Ubuntu kontakten med den eksterne musa. Eg ser at det i lusbasen til Ubuntu er rapportert tilsvarande problem, som eg ikkje kan sjå er fiksa. Den einaste løysinga er å nedgradere til kjerne versjon 3.2 og kompilere inn støtte for den innebygde trackpaden.
Det er andre problem med kjerne versjon 3.5 og programvare, så eg fann ei oppkrift på korleis eg kunne nedgradere til versjon 3.2. For min del måtte eg fjerne både 3.5.0-25 og 3.5.0-26 slik:
sudo apt-get purge linux-generic-lts-quantal xserver-xorg-lts-quantal linux-headers-generic-lts-quantal linux-image-generic-lts-quantal linux-image-3.5.0-25-generic linux-headers-3.5.0-25 linux-image-3.5.0-26-generic linux-headers-3.5.0-26
Sidan xserver òg blir nedgradert, må xserver som ein bruker til versjon 3.2 av kjernen på plass:
sudo apt-get install xserver-xorg
Oppdatering 25.03.2013
Etter å ha brukt Ubuntu etter nedgradering av kjerne, viste det seg at Unity berre kunne køyrast i 2D. Standard Unity med 3D-funksjonalitet var borte. Det medførte at ein mellom anna ikkje kunne justere storleiken til ikona i venstra knapperad (launcher). Eg valde å oppgradere kjernen og xserver igjen og heller skifte ut blåtann-musa for ei tid.