SSD-trim deaktivert for kryptert disk

Ei av maskinene mine, ei eldre Lenovo Thinkpad X390, er sett opp med kryptert disk. Eg kom over ein video på Youtube som fortalte om at på ein linux-variant var ryddefunksjonen/trim for SSD deaktivert når ein hadde sett opp kryptert disk. Over tid medfører dette at skrivefarten til SSD blir dramatisk låg sidan rydding vert gjort når ein skriv nye data til SSDen, sidan tidlegare brukte dataceller på SSDen har ikkje blitt klargjort før. Sjå for deg blyantskrivne sider som må viskast før du kan skriv noko nytt. Vanlegvis foregår slik visking i ledige stunder slik at det alltid er reine stadar på SSDen til plassere nye data.

Eg sjekka Ubuntu 24.04-installasjon, også her var trim deaktivert. Sidan eg har reagert på at ting har lugga litt ei stund, var det verd å aktivere trim og sjå om responsen på maskina vert betre. Eit lite søk fann eg fram korleis eg kunne slå det på. Ein må redigere eit par filer:

  • /etc/fstab
  • /etc/crypttab

ved hjelp av sudo gnome-text-editor <fil> og du må legge til discard på nokre stadar. Eg legg ved utdrag frå filene på maskina mi for å vise kvar du må få ting på plass:

/etc/fstab

# <file system> <mount point>   <type>  <options>       <dump>  <pass>
# / was on /dev/ubuntu-vg/ubuntu-lv during curtin installation
/dev/disk/by-id/dm-uuid-LVM-rfM8EjE4Jn8eSmZuDfFjDhTwoi1A4Er7DLEkyyLSYsZ0znrvrCsySBCE9JUSj1oL / ext4 defaults,discard 0 1
# /boot was on /dev/nvme0n1p2 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/dd5aadf2-bb87-4b4b-829f-489a0c2b7ce5 /boot ext4 defaults,discard 0 1
# /boot/efi was on /dev/nvme0n1p1 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/9D63-50B4 /boot/efi vfat defaults,discard 0 1
/swap.img	none	swap	sw	0	0

/etc/crypttab

dm_crypt-0 UUID=32428e89-87ee-4532-aa18-e9a32c8798ab none luks,discard

Deretter må du slå på trim for det krypterte område med cryptsetup. Legg merke til at du må referer til namnet det krypterte område som i mitt tilfelle er dm_crypt-0:

sudo cryptsetup --allow-discards --persistent refresh dm_crypt-0

Sørg for å oppdatere oppstartskonfigurasjonen med:

sudo update-initramfs -k all -u

Til slutt er det restartar du maskina.

Når maskina er omstarta, kan du opne ein terminal og skrive

sudo fstrim -v /

Det er manuell trim av SSD som rapporterer kor mykje som har vorte nulla og klargjort for skriving igjen.

OneDrive-integrasjon i Ubuntu 24.04

Sidan lanseringa har integrasjonen med OneDrive feila. Først var det konfigurasjonsfila som vart feil sett opp. No er det fiksa, men eg greide framleis ikkje å få tilgang til OneDrive. Klikka eg på My files fekk eg melding om at Nautilus/utforskar ikkje kunne vise innhaldet.

For å få integrert med OneDrive har løysinga mi hittil vore å sett opp ei systemd-teneste som nyttar rclone til å kople maskinene til OneDrive-kontoen. Eg gjorde nokre søk på Startpage no og innimellom dei gamle råda frå i vår/sommar, fann eg løysinga:

Når eg installerte, la meg merke til at libmsgraph var ein eldre versjon 0.2.1. Tippar det er ikkje så veldig lenge før Ubuntu blir oppdatert, men kan du ikkje vente er det berre å følgje trinna over.

Retur til Spotify

For eit knapt år sidan valde eg å gå over til Youtube Music. Tidlegare betalte eg både for Youtube (berre videoar) og Spotify, men Youtube kutta det rimelegaste abonnementet og pakka det saman med Youtube Music. Prisen var grei samstundes som det var flott at eg kunne halde fram og støtte dei som laga videoar på Youtube. No når prisen vart auka frå kr 119 til kr 169, valde eg å prøve Spotify igjen.

Youtube Music er kaos, her får du rått og rote

Ta for eksempel Elvis Presley og samanlikn Youtube Music og Spotify:

Youtube Music er eit komplett kaos av ulike «ompakka» versjonar, medan Spotify er reinare med det eg oppfattar som offisielle utgivingar. Test ut Youtube Music, sorter frå nyaste til eldst, og sjå kor langt du må bla før du kjem til Moody Blue-albumet frå 1977. Kaoset er ikkje det som gjer at eg går tilbake til Spotify.

Normalisering av volum er juvelen til Spotify!

Legg merke til den nederste lina i bilete på toppen. Spotify kan normalisere volum mellom spor. Eit spor som er miksa med lågt volum blir justert opp, medan eit spor som er miksa med eit høgt volum blir justert ned. Youtube Music tilbyr ikkje dette.

Det er ikkje få gonger eg har lytta til eit lågt miksa spor/album i Youtube Music og bytt til eit nyare album som er miksa med kraftig volum. Til tider har eg lurt på om øyrevoksen har losna og hjarta har hoppa over eit slag. Nokre gonger har eg titta over på passasjeren for å sjå om han/ho framleis er i live….

Redusere fotavtrykk

Som følgje av det politiske kaoset i USA det siste tiåret, har eg over tid vorte uroa over bruken av amerikanske tenester. Avsløringane av Snowden og påfølgjande Schrems-dommar viser kor djupt fingrane til etterretninga stikk. Eg er meir uroa i dag for kva eit autoritært USA kan finne på å gjere. Styresmaktene, med rette personen ved roret, kan enkelt skaffe seg tilgang til dine data.

Dei siste åra har eg flytt mest mogleg av mine personlege data ut frå amerikanske tenester. WordPress blir eg på inntil vidare. Sidan alle skal kunne lese det eg skriv, betyr det ikkje noko at det ligg på ei amerikansk teneste.

Kva har eg gjort så langt?

Personleg e-post er flytta til norsk leverandør for lenge sidan. Både kontaktar og kalendar ligg der. For å unngå at Android/telefon kjenner e-postpassordet, ligg kontaktar og kalendar i ein sekundær konto. Primær e-postkonto er ikkje sett opp på telefonen, han kan eg heller sjekke gjennom nettlesar og sleppe plingane når det kjem inn ny e-post. Passordet til e-postkontoen skifta eg etter eg fjerna kontoen frå telefonen. Passordstyring vert gjort via tyske Heylogin og lokal KeepassXC.

Microsoft har eg slutta bruke til anna enn lagring av kryptert backup. Eg kan ikkje la 6 TB med lagringsplass stå tom til Microsoft 365-abonnementet går ut hausten 2025. Alle maskiner er flytta over på Ubuntu 24.04 med LibreOffice.

Google kalendar er tom. Det tok litt tid å få sletta avtalar heilt tilbake til 2006. Kontaktar er tom. Alt av logging er gått gjennom og mykje har vore av lenge og sletta. Standard søkemotor dei siste fire åra er Startpage. Eg finn det eg leitar etter og saknar ikkje Google sin søkemotor.

Filsynkronisering tek ein liten server seg av ved hjelp av Syncthing. Kvar PC og telefonen har ein klient installert som gjer at eg kan synkronisere ulike type filer og bilder mellom dei. Det gjer det enkelt å få dei siste fotoa frå telefonen over til PCane utan å gå om andre sine tenester. Nett som med Dropbox og OneDrive, kan eg halde fram arbeidet på ein anna PC. Mini-serveren køyrer OpenMediaVault og er i tillegg filserver for alt eg vel å ta vare på.

Firefox er min ordinære nettlesar, men eg ser etter arvtakar. Vivaldi, frå tidlegare norske grunder av Opera, er eit alternativ. Brave kan vere eit alternativ, men eg likar ikkje knytinga til kryptovaluta. Slikt meiner eg er unødvendig i ein nettlesar. Opera vart kjøpt av kinesarar i forrige tiår, men det ser ut til at det har endra seg. Inntil vidare er Opera sett til side. Vivaldi skil seg ut som beste kandidat til å ta over for Firefox. Ulempa er at Google har gjort endringar i Chromium-basen, som VivaldiBraveChrome er basert på, for å gjere det vanskelegare å blokkere annonser og reklame. Firefox med Ublock Orgin langt å føretrekke.

Youtube er mi største utfordringa å fri seg frå. I mitt arbeid og privat er Youtube ei stor kjelde til informasjon, både om den globale situasjonen og ulike teknologiske fagfelt. Eg har tallause timar her og har vorte ein røvar til å lytte til vidoeane på dobbel fart. I praksis er Youtube ein «radiokanal» for meg. Eg har titta litt på programmet Freetube, men det har sine ulemper. Eg kan ikkje synkronisere loggar og innstillingar mellom maskiner. Spørsmålet er om ulempa kan oppvegast av andre fordeler. Tida vil vise. Videoane på Yotube-kanalen min skal du framleis kunne titte på.

Ei nøtt

Uansett kva ein vel, Android/Google eller iOS/Apple, er programvara og tenesta levert av amerikanske selskap. Ulike appar på telefonane våre gjer det daglege livet lettare. Eg kan berre nemne bank, parkering, lading, betaling, samarbeid med meir. Å vere utan min Google Pixel 8 er uaktuelt.

Det eksisterer andre operativsystem for Android-telefonar, men å teste dette ligg lenger fram i tid. For det første må eg ha ein ekstra og rett telefon. Det er ikkje alle produsentar som legg til rette for å kunne køyre alternativ oppstart. Som ved overgangen til Linux for alle PCar, er det lurast å prøve seg fram enn å satse alt og sitje att med mykje frustrasjon fordi eg ikkje får ting til å fungere.

Inntil vidare reduserer eg bruk av funksjonalitet frå Google. Der det er mogleg nyttar eg primært europeisk baserte alternativ. F.eks. har eg starta å bruke TomTom AmiGo som erstatning for Google Maps til navigasjon i bil. Google Maps har eg deaktivert heilt.

Fri Microsoft privat

Dei siste månadane har eg jobba med å flytte over frå Microsoft til Linux. Det utløysande eller dråpen som fekk begeret til å renne over, var Windows Recall for dei nye Copilot+ PCane. Her er litt utdjupande forhistorie:

For den kraftigare videoredigeringsmaskin, traff eg på eit lite problem. Eg fekk ikkje utnytta kreftene i Intel Arc A730M til konvertering av video til det lisensfrie format som AV1 med Opus-lydspor. I innlegget utgong bestemmer grafikkort har eg skildra det eg trudde kunne vere svaret. Eg har søkt råd på produsenten sine brukarforum, men har konkludert med at eg er unik. Det er taust som i graven.

Ubuntu 24.04 har kome i punktversjon 1 slik at det meste av småfeil i starten skal vere rydda or vegen. Eg valde difor å gjere eit nytt forsøk og no fungerer alt som det skal. Arbeidsflyten min blir som i Windows.

Å installere Ubuntu er enkelt frå ein minnepinne. Eg er rimeleg nøgd med standard oppsett av Ubuntu 24.04, men har gjort nokre tilpassingar:

  • «Dock» eller «apphylle» har eg flytta frå venstre side til midten, nede på skjermen som i MacOS.
  • Gnome Extensions sørger for:
    • alfabetisk sortering av appane i totaloversikta samt
    • skjuling av topplina når eg maksimerer program.

Ubuntu satsar på app-distribusjon gjennom Snap. Appane køyrer i eit sandkassemiljø som eg opplevde så strengt at appar eg nyttar i videoredigeringa ikkje fekk dra nytte av maskinvarekoding. Eg la heller til rette for Flatpak, som blir nytta av mange andre distrusjonar. Utvalet er større, appar var i nyare versjonar og ting fungerte som det skulle, inkludert maskinvarekoding av video.

  • LibreOffice erstattar Microsoft Office.
  • Evolution erstattar Outlook.
  • Krita erstattar Paint.net og Photofiltre i Windows.
  • Syncthing erstattar Microsoft OneDrive med synkronisering på tvers av einingar, inkludert telefon og nettbrett.
  • Microsoft OneDrive koplar eg til automatisk ved hjelp av rclone.
  • Cryptomator sørger for å kryptere alt eg lagrar i OneDrive som backup. Microsoft har ingen tilgang til innhaldet.
  • Shotcut redigerer eg video med.
  • Handbrake konverterer video til endeleg arkiveringsformat AV1/Opus ved hjelp av Intel Quick Sync i Intel Arc A730M.
  • VLC taklar alle videoformat.
  • KeepassXC held styr på passorda mine.
  • Firefox er nettlesar.
  • OBS Studio vert sporadisk nytta til opptak av skrivebord.
  • Skulle eg få lyst til å spele, har eg erfaring med at Steam og Proton fungerer godt på mine eldre spel.

Unngå OpenWrt med Netgear R6250

Har tidlegare hatt god erfaring med å halde liv i routerar. D-link DIR-880L har fått nytt liv med DD-Wrt. Dessverre ser eg at det er lenge sidan det har vore noko oppdatering i det prosjektet.

Netgear R6250 fekk si sist oppdatering frå produsent i 2021 og eg reknar med at no er det slutt. Kika på OpenWrt og fann ut at siste versjon var tilgjengeleg for Netgear R6250. Eg oppdatert routeren og starta å konfigurere han.

Når eg skulle setje opp det trådlause nettverket, oppdaga eg at OpenWrt ikkje såg anna enn det trege 2,4 ghz-bandet på routeren. Det raske 5 ghz-bandet dukka ikkje opp i konfigureringa. Det er lagt opp ei side om routeren hos OpenWrt, som nemner problem med Broadcom-brikkesett. Men sidan OpenWrt tilbydde ei oppdateringfil for routeren, var eg sikker på at alt skulle fungere.

Konklusjonen: OpenWRT 23.05.4 ikkje er brukandes på Netgear R6250.

Utgong bestemmer grafikkort?

Som følgje av utfordringane med overgangen til Ubuntu 24.04 på videoredigeringsmaskina mi, Medion Erazer X10, valde eg å legge inn att siste diskbilete av Windows 11 før installasjon av Ubuntu 24.04. Til det nyttar eg Clonezilla og etter berre nokre minutt er Windows gjenoppretta.

Eg tok ein pause frå Linux og hadde lyst til å gjere eit nytt forsøk på å få Need for Speed: Hot Pursuit (2010) til å virke på maskina. Gamle spel likar ikkje nye maskiner med mange prosessorkjerner. Det blir for mykje av det gode. Eg forsøkte forskjellig, men fekk det ikkje stabilt nok.

I dag starta eg att på å kome ajour med bilturane mine i vinter og vår. Det er litt råmateriale att til å redigere ned. Eg la merke til at Shotcut ikkje fann all maskinvarestøtta for video i Intel Arc. Det hadde Shotcut gjort før eg installerte Ubuntu 24.04. Handbrake hadde ikkje noko problem med å bruke AV1-støtta i Intel Arc.

Eg tenkte først eg hadde endra innstillingar i Windows som følgje at testinga rundt Need for Speed: Hot Pursuit (2010). Mellom anna hadde eg testa spelet med prosessoren sitt grafikkort (Intel Iris Xe Graphics) for å sjå om det var Intel Arc-kortet som skapte problema. Eg gjekk over alle innstillingar i Windows for spel og skjermkort. Dei eg meinte kunne ha påverknad vart justert. Alt såg korrekt ut, men det fungerte ikkje. Etter ein kik på avanserte skjerminnstillingar slo det meg.

Før eg innstallerte Ubuntu 24.04 nytta eg HDMI-utgongen bak på maskina, sjølv om maskina støttar video over USB-C. Årsaka var enkel: USB-C-kabelen til skjermen er kort og eg hadde lagt han slik at han ikkje rokk over til høgre sida av maskina. Ubuntu 24.04 var meir sensitiv på HDMI-kabelen og ville ikkje gi meir enn 1920×1080 på ein vid skjerm som støttar 3440×1440. Eg bytte kabel til ein eg visste støtta 4K, men då vart det brått til at eg vekk 3840×2160 i oppløysing på den vide skjermen. Noko alternativ med 3440×1440 eksisterte ikkje i skjerminnstillingane. Eg fann ei rettleiing på korleis eg kunne legge konfigurering på skjerm i grub/oppstart, men fekk det ikkje til. Etter all prøving og feiling kom eg på at maskina støtta video over USB-C. Eg la om kabelen og skjermbilete i rett format med USB-C. Når eg la inn att Windows 11, nytta eg framleis USB-C mot skjermen. Her er det eg såg:

Under LG HDR WQHD står det at skjerm 1 er kopla til Intel Iris Xe Graphics, skjermkortet integrert i prosessoren. Om eg koblar maskina til skjermen via HDMI-porten blir det slik:

Under LG HDR WQHD står det no at skjerm 1 er kopla til Intel Arc A730M, det sjølvstendige skjermkortet i maskina. Ber eg Shotcut leita etter maskinvarestøtte for video finn programmet støtta til Intel Arc:

Nyttar eg USB-C , finn Shotcut berre støtta Intel Iris Xe Graphics har. Her manglar av1_qsv (Intel AV1 QuickSync).

Ei over, ei att

Lenovo IdeaPad 5 Pro med AMD Ryzen 7 5800U er over på Ubuntu 24.04. Til vanleg arbeid er ho still med lang batteritid. Om eg vil kan eg redigere video med ho på same måte som under Windows. Det integrerte grafikkortet i prosessoren har maskinvarestøtte til koding av H.264- og H.265-video. Shotcut kan nytte denne støtta til raskare å eksportere video samt at det flyt betre når du redigerer. CPUen slepp å stå for all «løftinga».

Eg starta i går ettermiddag med å få over på Ubuntu 24.04 den nye og kraftigare berbare maskina mi. Ho har ein Intel i7-12700H samt eit kraftig Intel Arc-grafikkort. Intel, som AMD, skal vere det beste valet under Linux, men eg har støtt på ei utfordring. Shotcut ser berre det integrerte skjermkortet i prosessoren, Intel Xe Graphics. Eg oppdaga det i dag, midt på dagen, etter at eg hadde sett opp alt anna. Vel, vel arbeidet er ikkje bortkasta, men eg må løyse denne nøtta først.

Maskina er kjøpt med bakgrunn i at ho har eit dedikert Intel Arc-grafikkort, som gir maskinvarestøtte til den nye, frie og opne videostandarden AV1. Ingen må betale lisens for å bruke AV1. For H.264/5-video må ein betale lisens til dei som sit på rettane. AV1 er moderne og avansert, som gir betre bilete og mindre filer enn H.264/5-variantane. Baksida er at AV1 er langt tyngre. Utan maskinvarestøtte, som Intel Arc har, må du «ta kalendaren i bruk» om du skal kode om video med berre prosessoren.

Over tid vil H.264/5-støtta bli fjerna frå TV, operativsystem osv. Det skjer ikkje i dag eller morgon, men det er eit spørsmål om det forsvinn i løpet av neste tiåret. Eg har langt over 1000 videoar frå før ungane og fram til i dag. Alt skal omkodast til AV1 (fri videokodek) og Opus (fri lydkodek) for å sikre at om eg nærmar meg 80, kan eg framleis kunne sjå tilbake på minna frå 90-talet og tusenårsskiftet med eit smil.

Nærare adjø til Windows

Som mange andre private og ikkje minst verksemder, offentlege og privat, abonnerer eg på Microsoft 365. Knappe kr 1 200 er rimeleg med 6 TB med lagring. På «papiret» ser alt gulle godt ut og mine data skal vere godt ivaretekne samt sikra mot uvedkommande, inkludert dei som driftar løysinga. Noko har eg sikra ved hjelp av Cryptomator.

Problemet over tid er at separasjon mellom Windows-maskin og sky blir viska vekk. Du kan ikkje, utan vesentlege utfordringar, installere Windows utan samstundes å logge på med eller opprette ein Microsoft-konto. Vanlege brukarar følgjer standard oppsett slavisk og endar opp med ein Microsoft-konto knytt til maskina. Ein Windows-PC er no like knytt til skya som ei Chromebook til Google.

Sett i lys av komande val i USA og spesielt ein kandidat med prosjekt 2025, står vi no ved eit vegskilje. Går det i retning av eit autoritært USA, kan vi ikkje lenger ha tillit til selskap i USA som Google og Microsoft. Brått er USA i same klasse som Kina.

Linux har eg leikt med heilt frå før tusenårsskiftet. Eg minnes godt RedHat Linux-CD på omslaget til eit PC-blad, meiner det var rundt 1998. I forhold til Windows 98SE, var det eit steg opp og utfordrande. Utover dei siste 20 åra har eg blitt godt kjent med Ubuntu, som baserer seg på Debian. Fordelen med Ubuntu er eit stort miljø som nyttar denne distribusjonen. Det er enkelt å finne eller få hjelp når ein «stangar hovudet i veggen».

Den siste månaden har eg testa ut fleire variantar av Linux. OpenSuse Tumbleweed fatta interessa sidan det er ein versjon som tek med det nye veldig raskt. Har du nyare utstyr, er det som ofta støtta. Konfigurasjonssystemet vart for framandt for meg. Det vart komplisert å få på plass skrivaren. OpenSuse Tumbleweed blir det ikkje.

Eg vende tilbake til Debian-universet og har testa ut Linux Mint Debian Edition 6 (LMDE). Her finn du det beste grensesnittet for den som vil ta steget frå Windows. Basen, Debian, er ansett til å vere noko av det mest stabile. Her skundar ein seg ikkje fram med det aller siste, sakte men sikkert er mantra. Eg fekk testa ut det meste og fann all programvare til å erstatte mine Windows-program.

Steam og Proton var installert for å kunne spele Windows-spel. Quake II i oppussa versjon fungerte upåklageleg, skulle tru eg køyrde det på Windows. Den store ulempa med LMDE var at batteritida var dårleg. Eg testa med ulike straumprofiler, utan at det var til vesentleg hjelp. Eg bytte ut 6.1-kjernen med den nyare 6.8-kjernen, men heller ikkje det gav nokon markant betring. Skal eg ha Linux på berbar, er førsteprioritet god batteritid.

Eg vende tilbake til Ubuntu 24.04. Grensesnittet er meir tradisjonelt Gnome, men ikkje framandt for meg. Ei lita justering og no liknar det på MacOS, som eg er kjent med. Battertida er som dag og natt i høve LMDE. I skrivande stund er betteriet på 93% med 10 timar til tomt. Maskina er stille, som er slik det skal vere når ein skriv.

Årsaka til at eg gav LMDE eit forsøk, var valet Canonical har gjort med tanke på levering av programvare. Dei har etablert Snap til distrubering av programvare, medan mange andre satsar på Flatpak. I mine første spede forsøk med Ubuntu 24.04, la eg merke til at Snap hadde utdatert versjonar av flere program eg nyttar. Siste offisielle versjonar var på plass i Flatpak. Løysinga er likevel enkel for Ubuntu 24.04. Det er berre å installere Flatpak og eg kan no fritt velje mellom installere frå Snap eller Flatpak. Så lenge batteritida er god, kan eg leve med andre «skavankar». At Ubuntu 24.04 er sikra støtte i 12 år er heller ikkje noko å kimse av.

Straumstyring er eit kaos i Windows

Som vist i forrige artikkel fekk eg ikkje Handbrake til å utnytte krafta til prosessoren, sjølv om eg valde «Max ytelse» i Windows 11 si straumstyring. Windows fordelte alt arbeid frå Handbrake til prosessorkjernene med låg effekt. Dette er kjerner som skal ta lettare oppgåver slik ha kjernene med høg effekt kan ta seg av dei tunge løfta, som omkoding av video.

Ved å starte Handbrake med /affinity kunne eg styre Windows til å gi Handbrake kjernene med høg effekt. Dei 8 kjernene med låg effekt vart då ikkje nytta. Uansett korleis eg gjorde det kunne eg ikkje dra nytte av heile kapasiteten til prosessoren.

Hovudet mitt har putla med nøtta dei siste 18 timane. Eg kom på at det framleis er gamle deler under det pene skallet til Windows 11. Kontrollpanelet har over tid blitt strippa for mykje, men du finn framleis straumstyring der. Her var ho sett til Balansert, det einaste alternativet. Kanskje det var problemet, ei slags grunnkonfigurasjon som trumfar alt og held att prosessoren. Eit kjapt søk på nettet og eg fann korleis eg kan hente fram att straumstyringsplanar som ikkje var lista i Kontrollpanelet.

Eg henta fram profilen «High Performance», passa på at eg endra frå Balansert til Høy ytelse i Strømalternativer i Kontrollpanelet og restarta PCen. Det ser ut til å vere løysinga, no let Windows Handbrake nytte all kapasitet til prosessoren.