Skitur: Lusaskard

Er du lei av Kleppa-området, kan du prøve deg på ein tur i Njøsdalen opp til Lusaskard. I motsetning til Kleppa er det lite parkeringsplassar. Med mykje snø blir det mindre. Samle dykk i ein bil og køyr fram så langt de kjem. Har de mykje utstyr, køyr alt utstyr inn først.

Skitur Dalsete-Lusaskard 000

Begge følgja starta på Dalsete, 250 meter etter Bøllamannbrui. Eitt følgje tok turen om Skagasete, medan det andre følgjet følgde trakka løype mot Fjærlandssete. På det høgste punktet, inst i Seltuftebotn, braut dei av opp forbi Geitenipene og opp Skitbrekkene i retning Lusaskard. Turen er 1,3 km lengre enn turen om Skagasete, totalt 7 km. I bytte får du ein slakare tur samt du får gjere deg kjent med føret på Skitbrekkene, i tilfelle du ønskjer å køyre ned der.

Turen via Skagasete bryt av frå vegen i Njøsadalen ca 1,5 km frå Dalsete. Du startar ei brattare oppstigning til Skagasete før du får ei ny kraftig oppstigning til foringsplassen, over Skagasete. Følgjet som gjekk om Skagasete, følgde sommarstien frå Skagasete. Du kan starte oppstigninga mot foringsplassen ved bekken, som kryssar vegen, knappe 100 meter før enden av vegen. Uansett blir det ei hard oppstigning til foringsplassen. Det blir no litt slakare før ei kortare oppstiging til starten på platået der du ser Lusaskard. Her får du ei lengre, veldig slak strekke før siste bakken opp til toppen og varden.

Vel oppe er det berre å nyte utsikta og planlegge nedturen. For oss på fjellski, med laus hel, kan det vere lurt å sigle mot Kalvavatnet ved Fjærlandssete. Alternativt kan du skråe ned mot Kringlevatnet ved Sumhaug og Leite, for å kome inn på løypa rundt Fjærlandssetevatnet. Desse bakkane kan du i 5-10 cm tørr snø enkelt køyre på ordinære fjellski. Frå Kalvavatnet ved Fjærlandssete kan du følgje løype tilbake til Njøsdalen. Har du fast hel, er det fritt val. Køyrer du i retning mot Skriki, kan du køyre ned den bratte lia til Hottadalen, og følgje den gamle stølsstien ned til Njøsadalen. Du kan også køyre aust om Hottadalsnosi og ned Seltuftebotnen til Hottadalen. Om du vil ned Henjadalen, kan du køyre nedover mot utløpet av Fjærlandssetevatnet, ned Reiseta, koma deg til Flya og heim Henjadalen.

Nytt år og nye planar

Året har ikkje starta bra. Vinteren virkar flau og veit ikkje heilt om han skal gjere seg til kjenne. Planane var å få gått opp ein del vinterturar, men ikkje noko av enno sidan dei vil ligne på ein vår- eller hausttur.

Eg har lova å gå opp turen til Kjeringafjell på ski med kamera. Dronevideoar viser berre eit luftperspektiv, det er noko anna å følgje meg i 2-3 timar og få med deg all natur og utsikt. Eg må ha minst 1/2 meter med snø til på Kleppa og over. Det er ikkje vits å presentere skituren til Kjeringafjell med å starte på grus og ta på seg skia på Øvstestølen eller ved damefall. Nedsiglinga blir heller ikkje grasiøs om terrenget ikkje er dekka godt med snø.

For 2020 planlegg eg å filme ein del turar minutt for minutt. I stadenfor at eg «rasar» framover vegar og stiar i alt frå 30 ganger til 10 ganger normal fart, blir du med meg i tilnærma vanleg tempo. Eg må gå turen litt rolegare enn normalt, sidan eg må passe på at kamera skal vere nokolunde roleg. I tillegg må eg stoppe å filme utsikt, elver, bekkar eller andre interessant ting i naturen.

Eg såg over arkivet med råvideo i dag og fann ut at eg hadde liggande minutt for minutt-video av vintertur til Skagasete og Geitadalen etter traktorvegane i Njøsadalen frå mars 2019. Eg merkar at det blir ein del meir arbeid med å redigere videoen når alt er i normal hastigheit. No har eg klokka inn over 5 timar på å turen fram til Geitadalen, så langt som vegen går inn i Njøsadalen. Eksporten av videoen i 4K og fine fargar, som er på over 1 timer, stipulerer maskina til 30 minutt, og maskina er så godt som maksa ut:encoding
5 timar er berre første utkast av videoen. Eg må sjå over, småjustere flyten, fargejustere, vurdere å stabilisere nokre klipp og om eg skal legge på musikk før den kjem ut på Youtube. Å finne musikk til over 1 time film vil ta tid. Eg reknar med å bruke minst 3 ganger så lang tid på det endelege produktet.

Tur: Kleppa til Kallbakk

Kallbakk er ein fin tur ein kan ta både sommar som vinter som tek det nett over skoggrensa med si høgd på 755 moh. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall, ved Skitnehølen. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til bekken og krysset der stien skil seg til Kjeringi/Kjeringafjell og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringafjell. Stien svingar seg opp gjennom lauvskogen til du endar opp like under, og vest om Kallbakk. Samstundes vert du fri skogen. Bryt austover og følg stien skilta i retning Stokksete ca 50 meter. Her tek du dei siste stega opp på Kallbakk for å nyte utsikta.

Alternativ tur der du går etter skiløypa til Stokksete og så til Kallbakk. La det vere ein rundtur, den einevegen opp og den andre ned.

Tur: Vålamyri frå Eggja

VålamyriVålamyri er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Den kortaste turen hit går frå Eggja. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til  stien som går inn i granskogen, bak Høgehaug til Kleppa. Det heng eit skilt med Vålamyri 1 km på ei stor gran ved starten. Du følgjer den blåmerka stien gjennom skogen til du kjem til skiltet som peikar ned i Vålamyri.

Dei siste åra ser det ut som Vålamyri har vorte lite brukt. Frå stien er det berre å gå nedover til det flatar ut. Det er ikkje mange titals meterane, men i skog er det ikkje alltid like enkelt å gå i rett line. Du kjem antagelig ned til vatnet først. Dersom du går litt sørvestover kjem du til restane av ein leirplass.

 

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen etter vegen

Tuftahaug via Fadnastølen 043Eg har tidlegare skrive om turen til Tuftahaug etter gamal sti . Eg gjekk i mai 2019 ned frå 400 meter oppe i Botnabakken til brua i vegen til Skagasete. Konklusjonen min er at stien er på veg til å bli teken tilbake av naturen. Etter at grusvegen vart forlenga til Geitadalen og gir enklare tilkomst til både Hottadalen, Kløvjavegen og Tuftahaug, blir ikkje stien opp Botnabakken brukt lenger.

Skal du fram dalen er det enklast å følgje grusvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, til du kjem til snu- og parkeringsplassen i Geitadalen. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen i lengde, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Flya ligg på ca 370 moh, Tuftahaug ligg 300 høgdemeter høgare. På snuplassen går du ut på svaberget og følgjer sti opp til stien mellom Tuftahaug og Hottadalen. Ta til høgre og følg han stien par hundre meter til Tuftahaug.

Når eg går til Tuftahaug, pleier eg å gå fram via Fadnastølen og Numeskar for å gå/jogge heim Njøsadalen. Eg synes det er ein fin og variert tur. Om du ønskjer utsikt på turen tilbake er det å gå fram dalen etter grusvegen. På turen fram har ein alltid ryggen til utsikta og nede i dalen, etter vegen, er lite å sjå på heimvegen. Går du heimover over Numeskar til Fadnastølen, kan du sjå meir til Sognefjorden og omliggande natur.

Tur: Hamre til Eggja

Hamre-EggjaEin liten tur på 1,3 km frå siste garden i Hamrevegen. Om du tek bilen for å kome deg til starte, parker på fruktlageret. Det er ikkje plass til å parkere i Hamrevegen.

Du følgjer traktorvegen på Hamre opp gjennom frukttrefelta og over Ytre Hamre til du kjem inn på stien, som vil ta deg gjennom skogen og opp til innmarka, under Haugane på Eggja. Her vil du kome inn på ein traktorveg som tek deg opp til Haugane, benken og utsikt over fjorden. Det kan gå dyr i området så det er viktig å late att alle grindene du må gjennom.

Du kan alltids går rett ned att der du kom opp, men eit anna alternativ er å følgje Eggjavegen nedover, forbi Fosse, til krysset på Valbrekka. Her går du austover i retning Hamre, ned Valbrekkevegen og over Fosshagen til du kjem ned til Sognefjordvegen. Følg den nokre hundre meter og du er tilbake på Hamre. Hald godt sida di innover. Om sommaren kan det vere ein del trafikk etter Sognefjordvegen til/frå Hella.

Har du lyst på ein lang tur kan du gå ut på Hamre, opp til Eggja, tilbake til Kleppa langs stiane og heim via sti til Frækaland. sti til Leite (Halvteigen) eller Kleppavegen. Neste gong går du kanskje i motsett retning og ein anna sti frå Kleppa til Eggja.

Alternativ 1 – opp til / ned frå Haugane:

Alternativ 2 – opp til / ned frå litt vest for Haugane i Eggjavegen:

Tur: Korahola

Turen til Korahola startar på Sanden. I staden for å gå opp traktorvegen du følgjer eit stykke mot Bjørgahaug, går du over bøen du kjem inn på. Hald deg i øvre del av bøen og du vil kome inn på ein kjerreveg. Etter eit stykke skiftar det til sti gjennom skog før du endar ut i ei steinur. Den siste halvdelen av turen fram til fjellet, der Fatlaelva renn, er å gå gjennom steinur.

sanden-korahola-001Om du ser på bilete som viser Fatlaelva og Fatlaberget, ser du dei to øvre fossane. Under den nederste av dei følgjer du elva nedover og ser at det er støypt opp kantar rundt elveløpet. Om ikkje eg hugsar feil kom dette på plass som ledd i sikringa for Fatlatunnelen. Korahola ligg like under enden på støypekanten. Når du går gjennom hola, kjem du ut på kanten, og starten, på nederste og siste vassfallet til Fatlaelva. Du skimtar det over trekrunene.

I steinurene er stien merka med små steinvardar. Det er viktig å sjå kvar du set foten. Alltid stopp når du skal sjå på utsikta. Det er fort gjort å trakke feil med risiko for beinbrot om du ikkje er fokusert. Høge sko med ankelstøtte kan vere lurt.

I staden for ein bileteserie av turen, kan du sjå ein video som tek deg med på heile turen gjennom hola og ut ved fossevallet. Under videoen vil du finne bilete frå Korahola og Fatlaelva.