Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.
Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.
For å kome til Stavatjørni, kryssar du den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt dei neste 2 kilometerane. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.
Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni på 960 moh, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.




























