Siste dag med base i Bardufoss tok vi turen til Tromsø. Gjorde unna det obligatoriske besøket ved Ishavskatedralen før vi drog og brua og gjekk rundt i Tromsø sentrum. Når vi hadde sett oss om nok, var det å finne seg ein plass for matbit og bilen fekk fyllt på batteriet før returen. Når vi nærma oss Bardufoss, omlag ved Bjørkeli, var det kø. Det hadde vore ei trafikkulukke. Usikker på kor lenge vi ville kome til å stå der, valde vi å snu og køyre tilbake litt slik at vi kunne ta turen innom Skjold og kome oss til Bardufoss den vegen. Bonusen var at eg fekk sett meir av området som mange oppheld seg under si førstegongsteneste. Resten av dagen tok eg det med ro og førebudde kor turen skulle gå vidare dei neste dagane.
Denne dagen og neste vart rolegare dagar. Eit delmål var å vitje sonen min på Setermoen, som snart var ferdig med førstegongstenesta. Første etappe var då å kome seg til Setermoen frå Narvik. I løpet av gårsdagen hadde eg sett att det var eit enkelt hotell på Setermoen. Hadde forsøkt å ringe utan å få kontakt kvelden før. Medan bilen lada gjekk eg til hotellet som viste seg var utan bemanning i helga. Det framstod ikkje som veldig gjestfritt. Prøvde å ringe telefonnummeret men fekk telefonsvarar, som kvelden før. Eg gjekk ein tur i sentrum og spurde meg fram. Det var ikkje noko å legge mellom kva dei lokale meinte om hotellet. Eg fekk beskjed om overnatte på Bardufoss.
Plukka opp sonen og vi tok ein tur rundt Senja for å oppleve naturen der. Køyrde frå Bardufoss mot Gryllefjord. Stoppa i Hamn og undersøkte kika på leiligheiter og området der. Snudde tilbake og køyrde rundt Senja og tilbake til Bardufoss. Spisse toppar og vill natur ispedd strender bada i solskin gjer seg. Heilt noko anna enn bitande vinter eg hadde høyrt om tidlegare i 2023.
Etter ein tidleg og solid frukost på hotellet, heldt reise vidare nordover. Kor langt eg kom var eg usikker på når dagen starta. Ein god halvtime ut i reisa vandra ein elg ut i vegen framfor bilen. Ein motkomane trailer varsla meg ivrig med å blinke med lysa. Etter å ha køyrt ei stund valde eg å stoppe på Namsskogan. Heldt fram turen til Mo i Rana der eg valde å lade på Tesla medan eg åt lunsj. Ladinga noko meir tid når ein må bruke 400 volt-ladarar med ein Byd Tang. Lunsjen gjekk unna raskare enn forventa og eg forlot Mo i Rana med mindre enn 80% på batteriet.
Neste etappe går over Saltfjellet med eit obligatorisk stopp ved Polarsirkelsenteret. Gjekk rundt ute i det fine veret og såg på det utstilte før eg heldt fram til Rognan for ny pause og lading. Vandra litt rundt i tettstaden medan bilen fekk påfyll. Budde meg på nesten 300 km til Narvik. Eg var rimeleg utkvilt og klar for eit nytt lengre strekk frå Rognan til Bognes ferjekai. Strekket etter Fauske til kaien er mykje opp og ned og att og fram med mange tunellar. Minner meg om vestlandsvegene eg er van med. Sidan eg bomma med nokre minutt på ferja, vart det eit lite stopp på Joker i Storjord for både meg og bilen.
På ferja over til Skarberget hadde eg utsikt mot Lofoten og kunne studera fjella i synigom. Inn frå Skarberget ferjekai til Narvik var det rimeleg greitt. Høge fjell på austsida. Valde å ta natta på Thon-hotellet i botnen av skianlegget.
Eg har alltid hatt lyst til å sjå resten av Noreg, nord om Trondheim. Eg har vore i Bodø og Brønnøysund ved hjelp av fly, men det er noko anna å sjå Noreg frå landevegen. Etter lengre tid vurdering kom dagen. Målet var Nordkapp, men var usikker på om eg greidde det. Mykje spaning gjorde at eg stod opp før hanen gol. Tidlegare oppdaga eg at eg kunne nytte bilkamera i min 2022 Byd Tang til å ta vare på minnene. Som du ser av videoane er kvaliteten under pari, men for meg friskar videoane opp minnet. Eg ser noko heilt anna for meg enn det du vil gjere. Kan til tider minnast det eg lytta på einskilde stadar.
Over Sognefjellet var det roleg med ein liten stopp på Lom for handle proviant. Sidan eg ikkje hadde vore over Ringebufjellet før, valde eg å legge turen om Ringebufjellet og Koppang før Røros. Det blei ein liten pause på Ringebufjellet for å ta inn utsikta. Her er det eit anna landskap enn eg er vant med. I Koppang vart det ein litt lengre ladestopp og vandring i sentrum. Veret var upåklageleg, sol og blå himmel. Opp over Rendalen til Røros for nok ei lading og planlegging. Valde å ta turen om Tydal, forbi Selbu og ut på E6 ved Hell for å følgje vegen nordover til Steinkjer. Det vart ein lang dag bak rattet til min 2022 Byd Tang. Takka vere flott ver, flott natur saman med jamne pausar og vandring medan bilen lada, vart belastinga minska. Eg saknar ikkje fosilbilane, med dei vart det for lite stopp og for korte pausar.
I månadsskifte mai/juni var eg sørover til Normandie og besøkte mellom anna landgangstrendene under andre verdskrig. Tidleg i august sette eg avgårde på mi andre reise denne sommaren for å gjere meg kjent med deler av Norden eg ikkje har vitja før. Turen gjekk nordover gjennom senter av Nord-Sverige (E45) med ein svipptur innom Kiruna før eg kryssa over til Finland og Inari, nordaustlege hjørne av Finland. Køyrde nedover austsida av Finland med stopp innom skistadar som Rovaniemi, Ruka og Kuusamo. Komen ned til Finskebukta snudde eg vestover til Helsinki og oppover vestkysten tilbake til Botnvika før turen gjekk heim via skogane i Sverige og Härjedalen, Røros og over Sognefjellet.
Om det er to ting som kan oppsummere turen er det skog og reinsdyr. Vær budd på lange strekker med skog. I Nord-Sverige er det litt kuppert slik at du til tider kan sjå lengre enn veggen av tre langs vegen. I Finland er det flatare. Avbrota frå veggen av tre langs vegen er sjeldnare. Ver budd på at «Rudolf» vandrar i vegen og grøftene i dei Nord-Sverige og -Finland. Det beste med å køyre i Sverige og Finland er at vegane er mykje betre enn i Noreg med mindre trafikk. Skal du til Finnmark er E45 vegen å køyre. Bubilar er det lite av, men det er enkelt å passere dei takka vere dei gode vegene. I Noreg er det langt verre, Sognefjellet og Lustrafjorden er eit mareritt om sommaren.
Lading: Som under forrige reise valde eg å basere meg på Tesla og Ionity-abonnement. Dei er klart rimelegast, omlag halv pris med kr 3 – 4 per kwh. Ionity hadde førsteprioritet sidan dei støttar 800 volt-arkitekturen i bilen. Vanlegvis kjem eg til ladarane med 15-20% igjen på batteriet. Eg køyrer ikkje batteriet i botn sidan eg likar å vere budd på det uforutsette. Alt fungerte og eg var ofte einaste bilen som lada. Med maks ladefart på 240 kw og ei rimeleg flat, trinnvis kurve er eg med ein 350 kw Ionity-ladar vidare på mellom 15 og 20 minutt. Etter 3-4 timar i bilen er det godt å bruke minuttane til å gjere nødvendige ærend og gå litt rundt før neste økt bak rattet. Med ein Tesla-ladar, som i dag berre leverer 400 volt, er maks ladefart rett under 100 kw og ladestoppet vert i overkant av 30 minutt.
Førarstøtte: Er veldig nøgd med førarstøtta, ho skuffar ikkje. Bilen har full oversikt over det som skjer rundt han som gjer det veldig avslappende å køyre. Det einaste kjedeleg er at eg ofte må svakt røske i rattet når bilen kjeftar på meg fordi han meiner eg ikkje har hendene på rattet på dei laaaaange, rette strekkene.
Med litt aktiv køyring på vestlandsvegar som inkluderer kapping av svingar og å legge seg ut på eller over kvitestripa for å passere møtande bilar, får eg ofte opp «Ta deg ein pause»-varslet. Må trekke på smilebandet når det kjem opp 5 minuttar etter min siste stopp, men ein lita berøring av bremsen fjernar som oftast varslet. Skulle gjerne hatt moglegheit å slå det heilt av, men den innstillinga er ikkje tilgjengeleg.
Navigasjon: Det er framleis lite tilfredsstillande at Tesla-ladarene ikkje er med i navigasjonen til Hyundai. Eg må nytte Chargefinder for å sjå om det er Tesla-ladarar på neste strekket om det er for langt mellom Ionity-ladarane. Lista over dei geografisk næraste ladarane, der du er eller ved destinasjon, i bilen sin innebygde navigasjon er smart om ein må gå for ein anna ladeleverandør.
Komfort: Det har teke meg litt tid til å bli komfortabel i førarsete. Setet er ikkje like komfortabelt som i min forrige bil, Byd Tang. Eg må passe på å variere sitjestillinga meir. Skulle gjerne hatt meir støtte under låra, men i Ioniq 6 kan du ikkje trekke ut framdelen av seteputa.
Underhaldning: Med Android Auto har eg naturlegvis musikk og bøker via strauming, men det eg lyttar mest på under turane mine er NRK som radio-app. Alltid kjekt å få med seg nyhende, Reiseradioen og anna underhaldning på turen.
Eg har køyrt litt rundt no i fellesferien og kjenner meg att i trafikkbilete. Det har vorte vesentleg meir utfordrande opp gjennom året. Det er uhorveleg mange bubilar, nokre personbilar dreg campingvogner og det er mange leigebilar på vegene. Med andre ord det er mange ulike type turistar på vegene. Nokre køyrer for første gong eller ein av dei få gongene i året ein større bil.
I går var eg på retur frå ein lengre tur. Ca 5 mil heimefrå kom eg bak ein bubil som femte bil. Bubilen holdt 50-60 km/t i 80-sona. Her på Vestlandet er strake strekker sjeldan og vegane er ofte smale. Etter ei rask visualisering av den næraste mila konkluderte eg med at her ville det vere vanskeleg å arbeide seg fram i køen for å forsere hindringa. Bubilen viste ikkje teikn til å ville køyre ut og sleppe personbilane som følgde forbi. Eg valde å ta av og køyre «gamlevegen» for å sleppe køen frå meg. Orkar ikkje å ligge bak i rykk og napp, langt under fartsgrensa fordi den/dei framfor ikkje taklar svingete veger.
Etter avstikkaren kom eg ut att på hovudvegen og jaggu kom eg bak nok ein bubil, denne gong som fjerde bilen. Same erfaring som bubilen og køen eg valde å sleppe frå meg, det gjekk i 50 – 60 km/t i 80-sona. Når vi kom til ei 70-sone med rettare veg, forsvann han i 80 km/t. Nærma vi oss svingar, minka farten att. Bilane som hadde lege mellom bubilen og meg, hadde teke av frå vegen dei siste kilometerane og eg var no rett bak. Sidan vi ville kome til eit parti med mange svingar, gav eg teikn til at eg ville forbi med lyshornet. Bubilføraren viste ingen teikn. Litt etter brukte eg lydhornet, men ingen reaksjon. Føraren passerte fleire stadar han kunne køyre ut og virka heller å forsøke å auke farten. Vi kom til partiet med svingar og der starta bubilen å kappe svingane. Etter eit par svingar blinka eg godt med lysa, bubilen sakka av farten slik at eg kom meg forbi.
Når eg køyrer bil, held eg alltid full kontroll med det som kjem bak meg. Dersom det er køyretøy som tek meg att, gjer eg alltid mitt for å sleppe dei forbi så raskt som mogleg. Eg vel å gjere for andre det eg vil at andre skal gjere for meg. Er det å vise omsyn for mykje å forlange?
Dei japanske bilmerka har slite med omstillinga til elektriske køyretøy. Nissan var først ute, men «somna ved rattet». Mazda har rota på med ein MX-30 med 200 km rekkevidde, men lanserer no Mazda 6e, ein kinesisk bil med Mazda-logo. Bilen ser pen og tiltalande ut, ein bil som har fanga min interesse. Alt fell i hop når eg ser på detaljane.
Bilen kan leverast med eit batteri på nesten 69 kwt eller eit på 80 kwt. Det minste batteriet kan lade med maksimalt 165 kw. Det store batteriet kan berre lade med maksimalt 90 kw.
Lite batteri
Stort batteri
Det burde ikkje vore lov å selje bilar med stort batteri og ein maksimal ladefart på 90 kw i 2025. Slik ladefart var bra for 10 år sidan, ikkje i dag. For dykk som ønskjer ein Mazda 6e, styr unna det store batteriet. På hurtigladar vil ei lading frå 10 – 80% ta dobbel så lang tid i høve det små batteriet. Du kan lade det små batteriet to ganger før du har lada det store batteriet ein gong frå 10-80%! Valet er enkelt.
Vi tok ein tidleg ferietur i år og køyrde ned Sverige over Storebelt via Kolding og Tyskland. Autopass-brikken fungerer på Storebelt-brua, men på Lillebelt må du fram med kredittkortet. Andre overnatting vart i Büsum for deretter å følgje kysten av Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike nedover til Carentan. Vi var innom tallause landsbyar langs landevegen på turen ned og heim. Det gir eit heilt anna inntrykk enn å følgje dei store motorvegane.
På turen ned var vi innom området der slaga om Ypres stod. Vi besøkte museet i Zonnebekke og fekk formidla grusomheitene i perioden 1914-1918. Ein halvmillion drept og skada langs ei frontlinje som flytta seg att og fram 5-8 km i løpet av åra.
Vi vandra på stranda i Dunkirk, der engelskmennene hadde ryggen mot havet i starten av andre verdskrig. Nede i Carentan nytta vi tida til å vitja strendene for D-dagen i 1944, frå Utah Beach i vest til Sword Beach i aust, nær Ouistreham.
Returen heim gjekk via Paris, Verdun, Ardennes og motorvegane i Belgia og Tyskland tilbake til Danmark og over Storebelt igjen. Ikkje overraskande stoppa vi ved minnesmerka i Verdun til minne om slaga under første verdskrig. Nok ein stad med opp mot ein halv million døde og skada. Vi opplevde området der tyskarane hadde ein siste motoffensiv i slutten av andre verdskrig. Men kva med bilen, spør du?
Lading: Eg valde å basere meg på Tesla og Ionity-abonnement. Dei er klart rimelegast, omlag halv pris i høve andre. Sidan eg køyrde mykje utanfor dei store transportårene, måtte eg også nytte andre ladenettverk. Sidan Tesla ikkje tilbyr 800 volt lading, maksar ladinga med 97 kw. Det er fint når du treng ein matbit og ein tur på «det lille kontoret». Ein slepp å svelge maten heil medan ein «gjer sine forretningar». Pausar er gull etter 3-4 timer på motorvegen i til tider tett trafikk i opp til seks felt. Sidan eg har hatt to ICCUar som har teke kvelden, valde eg å ikkje ta med ladekablar for vekselstraum/AC. Det var like greitt sidan hotella vi overnatta på ikkje tilbaud lading.
Førarstøtte: Om det er noko som overraska meg stort er det førerstøtta til bilen. Tillit er noko man byggjer, ikkje noko man har. Her må eg sei at eg aldri har opplevd at førerstøtta feila. Bilen har full oversikt over det som skjer rundt han. Veldig avslappende å la bilen køyre seg sjølv. Kunne tenkt meg at bilen kunne kjenne at eg holdt i rattet, ikkje at det var motstand i styringen. Kjedeleg å ofte svakt røske i rattet når bilen kjeftar på meg fordi han meiner eg ikkje har hendene på rattet på dei laaaaange, rette strekkene.
Navigasjon: Det er lite tilfredsstillande at Tesla Superchargers ikkje er inkludert i navigasjonen til Hyundai. Det andre er at stemmestyring ikkje er tilgjengeleg på norsk språk. Du må skrive med tastatur og det er ikkje smart når du køyrer. Eg testa engelsk språk på navigasjonen i 2024, men bilen forstod ikkje mi uttale av namna på dei norske stadane. Orka ikkje å teste uttala mi av flamske og franske stadar. Lista over dei geografisk næraste ladarane i bilen sin innebygde navigasjon er smart når det nærmar seg lading. Opplevde at Ionity til tider var full med ladekø og plan B må ein alltid ha om ikkje Tesla er i nærleiken.
På sommaren er ikkje trongen til å forvarme batteriet før lading stor. Bruk av innebygd navigasjon er ikkje nødvendig. Du kan bruke Android Auto eller Apple Carplay. Google Maps har ingen problem å forstå meg, sjølv om mi uttale av franske og flamske stadnamn til tider kan bli feiltolka.
Motorveg i høg fart: På Autobahn med fri fart var det heilt greitt å legge cruisekontrollen på 140 eller 150 km/t. Eg testa ein periode i 175 km/t, men det vart litt for fort i mengda med trafikk på turen. Forbruket aukar vesentleg med høgare fart. Det kan vere like greitt å legge bilen på det som blir tilrådd, 130 km/t. Berre hugs å følgje godt med i spegelen når du skal køyre forbi. Det hender at bilar med god fart nærmar seg fort. Minst to blikk må til for å bedømme farten på slike.
I dag var avtalen med forhandlar å hente ut lånebil i 14-tida for ei lengre feriereise. Like før kl 9 ringde telefonen min. Forhandlar lurte på om eg kunne kome til kl 11. Dei hadde fått inn ny ICCU/ladestyringseining til bilen min og ville montere den. Heldigvis har eg ein slik jobb som gjer at eg kan kaste meg rundt, køyre knappe 2 timar og plukke opp att der eg slapp. No kryssar eg fingrane for at den tredje ICCUen bilen har hatt aldri utviklar ein defekt. Eg er lei.
Medan eg sat der oppe tikka det inn ei melding frå Hyundai Motor Norway om eg kunne vurdere det siste verkstadbesøket mitt. Det var servicen 9. mai, gjekk eg ut ifrå. Når dei vel å pirke i ein gretten bjørn/kunde, skal eg jammen klore frå meg. Dei fekk ein kort versjon av det under.
Forhandlar gjer som godt han kan, og er fanga mellom borken og veden. Mi harme er retta mot Hyundai Norge, som ikkje vil ta ansvar for noko knytt til problema med ICCU. No har det kosta meg 1500 km ekstra køyring som utgjer gode 22 timar i bil att og fram. Og det er ikkje slik at reparasjonar kan takast utanom mi arbeidstid.
Hyundai er vel kjent med problemet, men har ikkje rekt ut ei hand til kundane. Dei let forhandlarane ta støyten. Nei, Hyundai, har de levert langt under pari kvalitet, må de stå rakrygga og ordne opp. Slik det er no står kundehandsaminga til stryk. Som kunde er eg IKKJE NØGD, for å stave det ut med store bokstavar. Eg veit ikkje om eg kan eller vil tilrå folk å kjøpe Hyundai i dag. Alt ekstra trøbbel og bortkasta fritid slit på humøret og ikkje minst tilliten til bilen. Eg forventa meg eit problemfritt bilhald med service kvart andre år eller 30 000 km.
Til og med ein 1984 Skoda 120 GLS eg «piska» att og fram til Oslo i studietida, for snart 40 år sidan, var langt meir driftssikker enn Ioniq 6en min. Skodaen kasta aldri inn handklede, sjølv om han ofte låg opp mot turtallsperra.
Hyundai kan hente inn att situasjonen ved å vise at dei set pris på kundane sine. Eg meinar at alle vi som har vore utsett for vanskane burde fått «eit plaster på såret» for ulempene og irritasjonen defekte ICCU(ar) har skapt. For min del kunne eg sett føre meg kompenasjon av denne typen:
3 servicar kostnadsfrie for kunden
3 år gratis lading på Charge MyHyundai
Hyundai, ikkje la ideane mine vere avgrensande og gjerne kombiner. Overrask oss kundar med noko postitivt. Som sagt kundehandsaminga hittil står til stryk. Frå botn kan det berre gå oppover.
I dag var bilen 30 000 km service. Ny ICCU vart av forhandlar tinga 23. april, i håp om at han kom fram til servicen og kunne skiftast same dagen. Det gjekk ikkje, alle restordrar på ICCUar av typen til Ioniq 6 har ingen estimert leveransedato. Her kan det bli snakk om at det er «høgt opp og langt fram» til bilen blir reparert. For min del nærmar det seg ein lang bilferie. Forhandlar jobbar med å gi meg ein lånebil turen, men når ein kjøper ny bil var det ikkje dette eg forventa. To havari av ICCU, kva er sannsynet?