Vart merksam på utfordringa rundt LG-TVar før sommaren. Såg over avtalar LG bad meg akseptere i innstilligane til TVen og vart uroa. Eg har ikkje den mest avanserte LG-TVen, men han kan brukast til å sjekke kva eg ser på ved gjenkjenning av det som blir vist. Dei meir avanserte har mikrofon som gjer at TVen kan kome til å lytte til deg lenge.
Etter å ha gått gjennom avtalane i bilete over har eg valt å berre akseptere berre ein avtale som må til for å bruke TVen. Alt anna har eg ikkje godkjent. Er du meir skeptisk enn meg, kan det vere lurt å ikkje kople LG-TVen til internett og heller bruke ein anna TV-boks som mediasenter. Berre kople til TVen sporadisk til internett for å oppdatere programvaren. Aller helst gjer det med kabel slik at TVen ikkje tek vare på passordet til eit trådlaust nettverk. Alternativ kan det vere eit separat trådlaust nettverk som er slege av før og etter oppdateringa slik at TVen aldri kan nå noko eksternt.
Gamer Nexus og Level1Techs, to ekstremt dyktige og tekniske kyndige kanalar, har gått djupna på LG sine TVar. Her kan du få med deg 2 timar og 15 minutt med grundig detektivarbeid.
Om 2 timar og 15 minutt med mykje teknisk engelsk blir for mykje av det gode, kan du heller ta ei kort oppsummeringa frå Nikka Systems Sverige (på svensk):
Om du trur berre LG spionerer på deg, tenk om. Nei, det virkar som om det er eit opplegg for å kunne levere ein rimeleg TV som nett som gratis-tenester på nettet kartlegger deg for mellom anna servere deg relevante annonser. Når du kjøper ein billig TV, er du produktet.
Tilbake til Gamer Nexus og Level1Techs og LG sin tilbakemelding på deira undersøking. Kort og godt er dette ikkje eit tillitsvekkande svar frå LG. Når dei vert tekne med buksa nede, seier dei at det ikkje er sant. Liknar mistenkjeleg på kva andre gjer i dag, men Gamer Nexus og Level1Techs er klare i sitt svar.