Tur: Hottadalen frå enden av vegen i Njøsadalen

hottadalVed å følgja traktorvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, vil du koma til ein parkeringsplass som ligg mellom Hottadalen og Tuftahaug. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flyane i Henjadalen, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Med andre ord eit altnerativ dersom du synes Henjadalen blir for lett.

Vegen er i dag open for ferdsle, med unntak under sauesankinga. Har du ein bil, som ikkje er for låg, kan du køyre dalen fram på første gir.

Hottadalen ligg på vestsida av enden av Njøsadalen. Du følgjer den grovare traktorvegen opp frå parkeringsplassen eit par hundre meter før du går ut på stien og går opp gjennom Strupen. Stien er tydeleg i terrenget og lett å følgje. Ver merksam på at det er litt fuktig mellom hyttene/sæla. Du bør heller ikkje vandre for mykje til aust/høgre for stien du kjem inn. Der er det ei svært våt myr eller krysning mellom myr og tjønn.

Framover Hottadalen, i nord-austleg retning, kan du gå over Skitbrekkene til Fjærlandsete. Vil du ikkje til Fjærlandsete kan du på Skitbrekkene svinge tilbake forbi Hottanosi og gå mot til Lusaskard. Det enklaste er å gå i nordleg retning slik at du ser ned mot Sumhaug. Slik vil du kunne følgje øvre del av stien som kjem opp til Lusaskard frå Fjærlandsete.  Du kan gå rett opp på Lusaskard ved stien som startar like nedom det heimste raude sælet eller du kan ta turen tilbake til Skagasete via stien gjennom skogen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.