Sjeldan må eg handtere større rekneark enn Microsoft Excel 2003 greier. Eg har ikkje tilgang til nyare versjon av Excel så eg har enda opp med å bruke OpenOffice eller etter at Oracle tok over: LibreOffice. Til den generelle bruk fungerer det heilt greitt, men i visse samanhengar kjem det til kort.
Eg har tidlegare testa OpenOffice 2.4 med eit rekneark som set opp mange reknestykker ved hjelp av tilfeldige tal. Med ei nyare Elitebook 8730w med Core 2 Duo T9800 på 2,93 ghz så opnar fila på:
OpenOffice ods-format: 30 sek
Excel 2003-format: Umiddelbart / 1 sek
Excel 2003 med plugin for konvertering av Excel 2007-format: 20 sek
Eg fekk tak i ei fil med tett opp under 300.000 rader og 31 kolonner. Excel 2003 taklar berre 65.535 rader pr ark, så den versjonen er spelt ut over sidelina. I reknearket er det ikkje ein einaste formel, berre data. Ideelt sett er det langt lurare å handtere slikt i ein database, men det er tilfeller der eit rekneark har betre reknesfunksjonar og vedkomande som skal bruke dataene ikkje kan bruke databasar. Opplevinga eg hadde av fila når ho vart jobba med av andre i Excel 2007/2010 syntes å vere rask. Eg la ikkje merke til lange ventetider for å opne fila og eg tenkte at LibreOffice kunne greie det like godt som Excel, men der tok eg skammeleg feil.
Under LibreOffice 3.3.2 tek det 3 minutt og 25 sekund frå du dobbeltklikkar på fila i OpenDocument-format til ho vert vist i Calc. For moro skuld testa eg også LibreOffice 3.4.0, men opplevde ikkje denne versjonen som noko raskare.
Når det er sagt, så ser det ut til å gå greitt å jobbe med ho i LibreOffice 3.3.2.













































Når du først er komen til
Raumålsgrinda ligg i aust/nord-austleg retning frå parkeringsplassen på Kleppa. Du går mot klubbuset og leirduebana til Jakt og Fiskelaget før du går inn i skogen. Ved hytta til Jakt og Fiskelaget har stien vorte lagt om slik at ein no slepp å gå gjennom leirduefeltet og kan gå turen uavhengig om det er skyting. Biletserie min er frå 2009 og viser stien som startar i utkanten av leirduefeltet. Etter det eg hugsar kjem den omlagde stien, som startar sør om hytta, samen med den gamle omlag på bilete 11 og 12 i min serie.
Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eg hugsar når traktorvegen gjekk fram til snuplassen, ca 400 meter framom Dalsete. Kort sagt var det veg halvveges fram til brua over elva på vegen opp til
Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eit friskare alternativ for fottur er å parkere bilen på Kvålen og gå til Tuftahaug via Fadnastølen. Frå Kvålen har du fleire val for å koma til Fadnastølen. Første alterntivet er å ta av i Vetlagjerdet, like etter at du har kryssa Njøsaelva, og


