Lus i luckyBackup 0.4.4

Eg har ein nokre år gamal nettverksdisk av typen Maxtor Shared Storage II. Slike er ein slags mini fil- og skrivetenar der ein ved hjelp av brukarar og rettar kan skilje mellom kva den enkelte skal ha tilgang til. For å synkronisere data mellom linux-maskina og nettverksdisken brukar eg luckyBackup.

LuckyBackup er eit grafisk grensesnitt for rsync-kommandoen i Linux. Problemet er at det har ei lita lus i innstillingane for kvar oppgåver som kan inngå i ein profil. Maxtor Shared Storage II vil ikkje ha innstillinga Preserve permissions påslegen. Du får ikkje kopiert over filer til nettverksdisen frå maskina og får følgjande feilmelding:

rsync: mkstemp «/sti/filnamn» failed: Operation not supported (95)

Du kan tilsynelatande klikke vekk innstillinga Preserve permissions. Krysset blir fjerna men etter å ha klikka Okay for å kome tilbake til lista over oppgåver i profilen, kan du opne oppgåva att og konstantere at Preserve Permissions framleis er avkryssa.

Det er berre ein måte å løyse problemet på. Du må redigere tekstfila som inneheld innstillingane for alle oppgåver i ein profil manuelt eller ved hjelp av søk og erstatt. Berre pass på at du har avslutta luckyBackup først. Ein framgangsmåte i Xubuntu 11.04 er som følgjer:

  • Opne Heime-katalogen med utforskaren
  • Slå på vising av skjulte filer
  • Opne katalogen .luckyBackup
  • Opne underkatalogen profiles
  • Høgreklikk på default.profile eller ei anna .profile-fil som du brukar
  • Vel Åpne med «Mousepad»
  • Søk og erstatt OptionsPermissions=1 med OptionsPermissions=0
  • Lagre fila
  • Lukk Mousepad

Ver merksam på at for kvar gong du gjer ei endring på ei oppgåve i profilen, vil du måtte gjere dette på nytt. LuckyBackup set ved ein feil alltid OptionsPermissions=1 på ei oppgåve du redigerer.

Ubuntu og Unity

Ubuntu 11.04 markerte ein overgang til eit anna grafisk grensesnitt ved namn Unity. Framtoninga der er a la Fisher Price-leiker med store knappar kombinert med ei line i toppen som på MacOS. I og med eg er ein veteran i Windows-miljøet så passar denne endringa meg ikkje i det heile. Heldigvis kunne ein med Ubuntu 11.04 logge inn med det gamle, tradisjonelle Gnome-baserte skrivebordet. I Ubuntu 11.10 vil det ikkje vere mogleg etter standard installering. Her er det berre Unity som gjeld. Det er fleire ting som eg ikkje synes er bra. Nokre kan illustrerast på bilete til høgre.

Eg pleier å ha mange program ved side og over/under kvarandre. Me tradisjonell vindauger i Windows eller Linux følgjer menylina vindauge. Men med Unity må du aktivere vindauge du vil ha tak i menyen på og så føre musepeikaren til topplina for å få tak i menyen. Kanskje greitt nok på små netbook-skjermar, men på full hd eller større blir det for mykje bruk av mus for å kome til menyen på eit program.

Ein ser på bilete at det er program som ikkje støttar denne løysinga, t.d. LibreOffice. Løysinga blir då ikkje einsarta slik at ein kan vere 100% sikker på at alle program gjer det same.

Eit anna problem er at når du klikkar oppe på applikasjonsikonet, det store Ubuntuikonet, så kjem du til eit overlappande bilde med 8 store ikon og ikkje ein kjapp meny for å navigere deg til programmet du vil starte. Nei, her endar du nok opp med å skrive nokre bokstavar i ein søkeboks for å finne programmet for så å klikke på ikonet. For meg går det saktare enn startmenyar i Windows eller Linux.

For min del har Ubuntu som distribusjon diskvalifisert seg sjølv. Eg såg fram til Ubuntu 12.04 som skal vere ein langtids-versjon, men blir Unity standard blir han ikkje brukt av meg. Heretter blir det å halde fast på Xubuntu eller Lubuntu med tradisjonelle menyar.

Straumlus i 32-bit kontra 64-bit linux

Eg prøver ut forskjellig distribusjonar av Linux for å finne den mest optimale for min mini-pc, Lenovo Thinkpad Egde 11. Maskina kan køyre både 64-bit eller 32-bit-versjonar av operativsystem. Sidan eg tidlegare testa ein «release candidate» av 32-bit-versjonen av Linux Mint Debian Edition 201109, valde eg no å teste den endelege versjonen for å sjå om problemet med auka straumforbruket hadde vorte ordna. Linux Mint Debian Edition 201109 brukar kjerne 2.6.39-2.

I 32-bit-versjonen av Linux Mint Debian Edition 201109 nyttar dei ein kjerne som òg støttar gamle 486-prosessorar, for oss som hugsar dei i første halvdel av 1990-talet. Alt fungerte greitt ved oppstart via USB. Det trådlause nettverkskortet i maskina, som eldre kjernar ikkje har innebygd, kom på plass. Eg opna straummålaren for å sjå korleis det stod til. Det var tydeleg at ting framleis ikkje var bra. Eg lot maskina stå i ro ei tid utan aktive program. Straumforbruket gjekk aldri under 15 watt:

Eg laga til ein anna usb minnepenn med 64-bit-versjonen og gjorde det same. Her viste det seg å vere ein vesentleg skilnad. Når maskina stod i ro var straumforbruket heilt nede i 8 watt. Det ser du i starten av kurva under. Deretter surfa eg litt rundt på nettsider og logga meg inn på e-post med meir. Straumforbruket varierer, men sjølv med denne lette bruken min kjem det nett opp i 14 watt:

Oppsummering:

Skal du bruke Linux Mint Debian Edition 201109 på ein berbar og ha akseptabel battertid ser det ut til at du må gå for 64-bit-versjonen. Den fordrar at du har nyare prosessor som Intel Core 2 Duo eller AMD som støttar 64-bit.

Valfarsen i Leikanger

Eg les forsvaret til ein tidlegare arbeidarpartiveljar i Sogn Avis den 17.09.11. La oss først gå gjennom artiklane som er publisert på nettet:

Legg merke til datoen i den siste artikkelen. Det som saka står og fell på var oppe i Leikanger AP sitt styre 06.09.2011, i god tid før valet. Leikanger AP sitt styre haldt avstemming over innvendingane frå Tobias Dahle. Han vart nedstemt med fire mot to.

Striden rundt den nedredigerte, meir kompakte foldaren oppstod før 06.09.2011. I den siste lenka med kommentar frå Knut Henning Grepstap oppgir Tobias Dahle at striden oppstod to veker før valet, med andre ord i månadsskiftet august/september.

Den 09.09.2011 har Tobias Dahle eit innlegg i Sogn Avis som arbeidarpartimedlem:

Eg har teke meg den fridom å legge ved eit bilete av innlegget. Det er mogleg at ikkje eg ser det, men ikkje på nokon stad i innlegget gir Tobias Dahle uttrykk for at han meinar at det er vesentlege avvik mellom foldaren og partiprogrammet. Med andre ord, i innlegget som blir publisert 3 dagar etter at avgjerda om å fasthalde foldaren, framstår Tobias Dahle som ein ordinær representant for Leikanger Arbeidarparti.

I mine auge hadde Tobias Dahle meir enn nok tid på seg til å presisere det han meinte var eit avvik mellom foldaren og programmet mellom den 06.09.2011 og 12.09.2011. Han gav ingen signal i sitt innlegg publisert 09.09.2011 og det var heller ingen signal som eg har greidd å plukke opp, før han brått melde seg ut av Leikanger Arbeidarparti, like etter at vallokala stengde.

Reaksjonane lot ikkje vente på seg både frå redaktør i Sogn Avis og politisk kommentator:

Eg har aldri har forstått kva som var det vesentlege avviket som kunne føre til denne drastiske handlinga. Eg har heller ikkje forstått kvifor Tobias ikkje kunne gi klart uttrykk for sine meiningar, presisere avviket eller gjere veljaren merksam på avviket, slik at veljaren kunne vurdere tilhøvet før valdagen. I eit demokrati må det alltid vere opp til veljarane å vurdere om ein kandidat på lista står for noko veljaren står for. Det er difor vi har moglegheita til å kumulere slik at sluttresultatet kan bli annleis. Sett i lys av den tragiske hendinga i juli i år med det påfølgjande unisone oppropet om meir demokrati, virkar Tobias si handling merkeleg og stikk i strid med mantra frå berre ein og ein halv månad før.

Etter mi meining kan Tobias Dahle sin framgangsmåte vanskeleg forsvarast på nokon måte.

Parted Magic – viske disk ved sal eller kasting av datamaskin

Når du skal kvitte deg med ei datamaskin eller eit lagringsmedium, er det sikrast å øydelegge det fysisk ved å skru det ut av maskina, demontere einingen og knuse det skikkeleg. Eit problem er å vite kva du skal øydelegge. Kor mange veit korleis ein lagringseining i ein pc ser ut? Ei maskin sitt design blir meir framtredande i dag. Enkelte maskiner er det umogleg å få ut lagringseininga av. MacBook Air med fastlodda lagringseining er ei slik.

I Parted Magic finn du verktøy for å fjerne data frå lagringseiningar. Før du set i gong er det viktig å vite litt om Linux som Parted Magic brukar. I Linux finn du ikkje stasjonsbokstavar som C, D osv. Filsystemet i Linux startar på / eller den såkalte rota og byggjer ut derifrå.

I Linux er diskar og partisjonar omtala som device og slike er organisert under mappa /dev. For ei maskin med ein intern disk vil disken sitt device bli refert til som sda. Nummereringa for diskar er at ein brukar alfabetet i den siste bokstaven (sd[a-z]) slik at andre diskar vil bli få namn som sdb, sdc eller sdd osv. Ein ekstern usbdisk vil alltid kome blant dei siste.

Vanlegvis har ei datamaskin ein eller to diskar. Du vil kome langt med å slette sda og eventuelt sdb.

Eg har valt å bruke den enklaste og raskaste varianten som fyller verdien null til kvar einaste del på disken.  Nokon vil hevde at det ikkje er godt nok, men slik eg ser det må ein fram med spesialverktøy for å kunne «sniffe fram» data. Ibas har nok utstyr for å sniffe i magnetisk varisjonar, men elles er det nok svært få som har tilgang til slikt. Vil du bruke eit sikrare alternativ enn berre nulling, kan du velje nwipe frå menyen til Erase Disk. Nwipe er sett opp til å gjere 3 overskrivingar med tilfeldige data som til slutt blir avslutta med skriving av verdien null med påfølgjande verifisering på at eininga er nulla.

Under følgjer skjermbilete på korleis du går fram med den enklaste varianten:

This slideshow requires JavaScript.

Det aller siste bilete inngår ikkje i Erase Disk. Her har eg starta ein terminal (kalla Ledetekst i Windows)  frå oppgavelina nederst. Eg har skrive kommandoen fdisk -l /dev/sda for å sjekke om disken har innhald i «innhaldslista» i starten av disken. Klare indikasjonar på at disken er nulla er at Disk identifier står til 0x00000000 og at Disk /dev/sda doesn’t contain a valid partition table.

Tur: Stavsete

Stavsete er den innerste stølen i Huks-/Grindsdalen. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram til området der elva Nyastøla renn ned i Stavseta. Herifrå følgjer du vegen langs elva Stavseta ca 2 km nordover. Turen har slak stigning.

Kik gjerne bortom bekkainntaket på vegen fram. Når du nærmar deg toppen på vegen, vil du sjå Stavsete, framme på høgre side. Gå ut av vegen og sikt deg inn på den vesle brua som let deg tørrskodd kryssa elva Reppa. Stavsete ligg i eit ope området under mellom anna Stav og Kaldekletten.

Går du i norvestleg retning opp på Stavafjellet kan du følgje den smale egga over på nordspissen av Stav. Etterpå kan du halde fram til sydspissen for å gå nedover til Fjærlandsfjorden langs Troeggi, forbi Vassvarden og ned til stølsområdet på Daurmalhaug og Skare for til slutt passere forbi garden Ruud og huset på Flætene og ende opp på Hella ferjekai.

Spasserer du i nordleg retning, med Stavsete i rygg, kan du halde fram mot Skar på ca 1.000 moh. Det blir ei rimeleg slak stigning frå Stavsete som ligg på ca 775 moh. Frå Skar kan du gå til Øvre Rommedal, som ligg på same høgd som Stavsete. Øvre Rommedal høyrer faktisk til gamle Leikanger kommune. Frå Øvre Rommedal skal det vere ein sti som endar nede ved Fjærlandsfjorden på Romøyri.

Eit alternativ vere å gå tilbake mot Nyastølen. Brua litt i aust/søraustleg retning frå stølsområdet. Om du ser mot Kaldekletten og Kjeringafjell, vil du kunne sjå brua. Etter at du har kome deg over Stavsete, må du opp litt for å kome over Bleiehaug, under Kaldekletten. Frå Nyastølen kjem du ned att til utgongspunktet for turen.

Når ein først har kryssa elva Stavseta, vil det vere mogleg å koma seg opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.543 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdals- og Voggebreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i gamle Leikanger kommune på 1.604 moh, nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Stavsete er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete

Xubuntu 11.04 med Lenovo Thinkpad Edge 11

Det er alltid artig å lære seg noko nytt og Lenovo Thinkpad Edge 11 har gitt meg nokre utfordringar. Dei fleste ville nok ikkje lagt merke til det eg synes bør justerast. Ein kan nok kanskje hevde at eg på dette området er for oppteken av detaljar 😉

Ha du berbar er best mogleg batteritid viktig. Ubuntu 10.04 kjem ikkje best ut sidan versjonane av kjernen som er tilgjengeleg ikkje har god nok støtte for Intel Core i3-380um. Vifta på er ei utfordring ved at det er svært forsiktige innstillingar på maskinvarenivå. Ho startar tidleg og vil ikkje gi seg før temperatur er godt nede under 40 grader. Det skjer sjeldan både i Windows og Linux. Så har vi «tyngda» av Windows 7 kontra Ubuntu/Xubuntu.

Eg er ikkje oppteken av fancy endringar i grafiske grensesnitt. Med avgrensa ressursar synes eg det er best å køyre noko som er lett og ikkje krev mykje. Etter å ha testa Ubuntu 11.04 etter Xubuntu 11.04, valde eg å gå tilbake til Xubuntu sidan Xfce– krev mindre enn Gnome-grensesnittet.

Etter litt arbeid fekk eg på plass viftekontrollen med thinkfan for å sleppe den meir eller mindre permanente viftesusen. Eg fekk justert innstillingane for musepinnen/trackpoint slik at eg kan halde tasten i midten inne for å kunne rulle i sider med å følgje oppskrift på Thinkwiki. Xubuntu 11.04 kom heile tiden opp med full lysstyrke. Det greidde eg å fikse ved å legge inn eit lite script /etc/init.d (oppstartsdelen) og køyre oppdatering av oppstartscript slik at det blir plassert ut på alle køyrenivå til Linux. Scriptet sender ein verdi til styringa av skjermstyrken. Eg fann også ei utviding til Mozilla Firefox som mellom anna let meg fjerne tittellina med maksimering tilsvarande det som skjer automatisk i Windows-versjonen.

Det einaste problemet eg sit att med, som også er tilstades i Ubuntu 11.04, er at musepeikaren av og til frys nokre sekund når eg nyttar dei interne styreeiningane. Med ei ekstern mus er det ingen problem. Det er ei kjend lus i versjon 11.04.

Leikanger og kraftverk

For dei som leitar gjennom bloggen vil de sjå at eg er for kraftverket som søknaden er sendt på. Det er fleire grunnar til det:

1. Økonomi

Kommunen vår er ikkje rik og har mange utfordringar:

  • Vi manglar symjebasseng. Elevane våre får ikkje ei tilfredsstillande symjeopplæring. Det er forskjell på å ha kjennskap til symjing og faktisk kunne symje.
  • Utbyggingar på skular blir gjort klattvis til høgare kostnad enn om ein hadde samla to steg.
  • Vi har eit utfordring på leidningsnettet for drikkevatn der mykje er gamalt og lek som ein sil.
  • Vegane er heller ikkje i den beste forfatning. Det er berre å nemne djupe hjulspor og dårleg dekke.
  • Moderne ikt-tenester
    Telenor driv etter bedriftsøkonomiske føresetnadar og har etter det eg veit ingen planar for kabling av bygda. Mykje kan løysast trådlaust, men kva med tunge datatenester som tv, video og lyd i høg kvalitet. Dei som bur nær ungdomsskulen med sentralen har ikkje problem med kapasiteten, men på Hermansverk står det dårleg til på det gamle koparnettet. Kan det at kommunen ikkje kan tilby innbyggarane tilgang til slike tenester vere med å styre potensielle innbyggarar og skattekroner til andre kommunar?
  • Vi kjem til å få større utfordringar etterkvart som alderssamansetjinga i Leikanger endrar seg til fleire eldre. Her er det snakk om alt frå omsorgsbustader til heimesjukepleie.
  • Kan vi lite på at staten sikrar Leikanger arbeidsplassar til ei kvar tid? Det har gått bra hittil, men kva med den dagen det blir gradvise nedtrappingar for å samle seg andre plassar? Har kommunen i dag reservar til å stø opp om viktige satsingar til å skape meir balanse mellom private og offentlege arbeidsplassar i Leikanger?
  • Du kan sikkert liste opp fleire utfordringar.

Inntektene frå kraftverket kan ikkje løyse ei kvar utfordring slik at vi blir eit slags «mini-Luster» eller «mini-Modalen». Men med millionar ekstra kvart år gjer at ein kan løyse meir av utfordringane og kanskje førebygge noko av dei komande utfordringane.

Eg har ikkje lese alt som dei er mot kraftverket har skrive, men eg kan ikkje sei at eg har lagt merke til at økonomi har vore eit tema frå den kanten. Eg kan ikkje minnast at media har stilt spørsmålet om korleis motstandarane ønskjer å hente inn tilsvarande inntekter på. Sidan eg har rekneskapsbakgrunn ser eg berre to måtar å gjere det på: kutte kostnader og tilbod eller auke skattar og oppretthalde tilbod. Eg reknar med at for dei fleste er det eit val mellom pest eller kolera….

2. Grunneigarane er for, kvifor sei nei?

Kvifor skal kommunen sei nei så lenge drikkevassforsyninga er sikra? Er det ein refleksreaksjon a la Ludvig (i Flåklypa) eller innbiller ein seg at vi lever i eit Tidemand og Gude-måleri?

Slik eg ser det blir inngrepa minimale og over tid vil mykje få sitt grøne teppe slik at det synes mindre.

Det var masse støy om traktorvegen til Hangsete, men vi ser han knapt. Eg har gått vegen fleire gonger. Det er ingen veg for bilar, men han vil blir svært bra for dei som ønskjer alternativ rute opp til både Bjørgahaug eller Hangsete. Vegen svingar tett forbi stien opp til Kyrafossen. Han gjer denne turen lettare tilgjengeleg. I motsetning til opp Kidlestigen treng du ikkje stoppe for andre når du prøver å setje personleg rekord i motbakkane. Eg ser elles fram til at grunneigarane får rydda litt i skogen i nærleiken. Dei gamle granfelta har vore mogne for felling lenge.

3. Dalane gror att

Eg har gått mykje i Leikanger kommune, spesielt dei siste 5-6 åra. Berre på denne korte tida har lagt merke til store endringar. Eg har ikkje talt småfe eg treff på, men eg er 100% sikker på at blir mindre av dei. Utan våre firbeinte gartnarar får botanikken fritt spelerom. Eg merkar det spesielt opp forbi Ruud. Tidlegare vart det på garden slått her oppe og oppe på Skare var det sauer som beita. No er det slutt og ein vassar gjennom enger som naturen gradvis på veg til å ta tilbake.

Det same skjer i Henjadalen. Dei som berre går til Flya ser det ikkje så tydeleg. Det er få eller ingen som legg merke til om veggen av tre på innsida tetnar til. Går du på framover mot Nyastøl og vidare så vil du legge merke til korleis vegetasjonen tettar seg til og til tider kan ein spørje seg om det faktisk går ein sti her. Vestsida av elva fram til Nyastøl er nok litt betre, men det er no tett her og der.

Med vegar lengre inn i dalane og opp i terrenget kjem ein seg nærare det som verkeleg er oppleving. Ein slepp å bakse seg gjennom skog i nærare 10 km før ein er fri og kan nyte utsynet. Slikt er ikkje moro dersom ein går på stadar der flåtten herjar som verst. Heldigvis er eg ikkje populær hjå dei.

I dag er det mange som ikkje får nyte områda i Leikanger fordi tilkomsten er for dårleg.

Huks- eller Grindsdalen har ein dårleg veg på 6 km som fordrar høg bil. Det er dårleg med møteplassar slik at du kan ende opp med å rygge lange distansar. Alt dette hemmar innbyggarane i å nå opne turområder med fri tilgang til høgfjellet.

Henjadalen har bom på grunn av drikkevassinntak. Her skal ein i tillegg ikkje slå opp telt heller bade. Med betre tilkomst inn i dalane kan innbyggarane i Leikanger verkeleg få oppleve flotte områda over skoggrensa, gode fiskevatn og opne områder å vandre i.

På den andre sida har vi Njøsadalen med veg både til Skagasete og mot Geitadalen. Det går greitt å køyre vanleg bil til begge plassane.  Med å kome seg opp på Skagasete får ein lettare tilgang til områda opp mot Lusaskar. Vegen mot Geitadalen endar under Hottadalen eller Tuftahaug. Parkeringsplassen er ikkje langt frå tregrensa slik at du kan gå i rimeleg opne områder derifrå. Turen fram til Fjærlandsete er vorte vesentleg kortare. I dag treng vi ikkje køyre inn til Fardal og opp i Øvstedalen for å gå den kortaste turen til Fjærlandsete. Det har vorte merkbart har det vorte større trafikk i Njøsadalen. Årsaken til det er betre tilgjenge. Det er flott at både grunneigarar og innbyggarar kan nyte godt av denne vegen.

Grunneigarane får med vegane i dalane lettare tilgang til skog og områder som kan vere eit incitament til å rydde skog for å ta ut verdiar som elles vil rotne på rot. Eg er litt meir usikker på om det blir fleire firbeinte gartnarar i områda. Det har meir med økonomien i landbruket å gjere. Uansett vil lettare tilkomst for grunneigarane og bøndene ikkje vere til hinder for fleire dyr i områda.

Eg har vore oppe i ulike sidevegar i Jostedalen. Det er ikkje mykje du ser att av eit tverrslag, men eg legg merke til at det letnar nok fotturen ved å kunne starte turen inn i snaufjellet langt oppe. Kva med Nørstedalsseter inst i Fortunsdalen? Må nok sei det er finare å kunne køyre fram og ha ho som utgangspunkt for turar enn å først måtte gå Fortunsdalen for å kome dit.

Kvifor skal ikkje innbyggarane i Leikanger og tilreisande ha tilgang til opne turområder alle plassar i kommunen?

Det er viktig at vi legg til rette for ulike måtar å røre seg på. Kombinasjon av kunnskapsarbeidsplassar og moglegheita for eit variert tilrettelagt tilbod av fysisk aktivitet vil gjere Leikanger meir attraktiv.

Meir kjem etterkvart….

Tur: Nyastølen

Nyastølen er den første stølen du kan kome til etter å følgt vegen på Huke-sida nesten til endes. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram. Over elva, i aust, ser du nordlegaste ryggen av Kjeringafjell. Ved foten ligg Nyastølen. Opp dit er det ein tur som tilsvarar turen frå sentrumsplassen Borgaren til Syril stadion.

Du kryssar over brua og følgjer vegen som stig kraftig oppover lia, forbi eit par bekkeinntak til kraftverket. Vegen stig kraftig i starten. Det er viktig å ikkje gå for hardt ut. Når vegen svingar til høgre, vert stigninga etter kvart redusert. Før neste sving passerer du tregrensa og kan lett speide ut over dalen og ned til fjorden. Det er berre att eit par hundre meter att før du står på stølsbøen.

Bak ruvar Kjeringafjell og bak til venstre (nordaustleg) retning stig Kaldekletten. Mellom desse ligg Eitrebotn som du kan følgje inn og i enden gå i sørleg retning opp på Kjeringafjell. Eg trur det skal gå rimeleg greitt å gå rett opp sida på Kjeringafjell for å kome opp på vestre del. Det er bratt sidan ein må forsere meir enn 600 høgdemeter på relativ kort distanse. Ein vil nok merke det i beina. Det kan vere like greitt å ta nedturen via Eitrebotn etterpå.

Snur du ryggen til Kjeringafjell og ser i vestleg retning vil du sjå øvre del av Gildal. I enden ser du austre del av ryggen til Hest. Vender du gradvis mot nord ser du Sauaholten og vidare nordspissen på Stav og Stavafjellet. Under ligg Stavsete, litt høgare enn Nyastølen. Eit rundtur i Huksdalen utan for mange høgdemeter er å gå vidare nordover under Bleiehaug, ryggen som går opp til Kaldekletten, i retning Stavsete og følgje dalen heim att frå Stavsete.

Eit anna alternativ til dei som vil opp i høgda er å gå opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.504 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdalsbreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå nordover frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i Leikanger kommune på 1.604 moh, eller nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Nyastølen er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Nyastølen
nyatølen_wide

Microsoft Security Essentials dreg masse ressursar

Eg har sidan jul gått over til å bruke for det Microsoft Security Essentials på maskinene sidan den ligg der stille og ikkje plagar deg med unødige meldingar. Eg har av og til stussa litt over kor lang tid det tek å starte maskiner og no sat eg på ei maskin å kopierte over data til ekstern disk med SyncBack for å klargjere maskin for å setje 3 diskar i RAID.

Medan kopieringa pågjekk var eg innom Youtube for å sjekke ut om eg fann ein video av Serious Sam 3. Det hakka noko voldsomt og video i ordinær kvalitet var meir som eit lysbileteshow. Maskina er over 5 år, men med AMD X2-prosessor og eit Radeon X800GT har det aldri vore problem tidlegare. Etter forsøk med eit par videoar sjekka eg Oppgåvebehandling/Task Manager. Til mi store overrasking oppdaga eg at det var Microsoft Security Essentials som hadde mesteparten av skulda:

Bilete viser at det er 3 prosessar som stel alle kreftene. SyncBack.exe er kopieringsprogram. MsMpEng.exe er Windows Defender. Men så har du ein liten prosesses som heiter System som tek 3/4 av alt. Eg har mistanke om at System blir brukt aktivt av Microsoft Security Essentials og Windows Defender. Dersom eg slår av Microsoft Security Essentials blir ressurskravet til System kraftig redusert:

Eg fjerna Microsoft Security Essentials og installerte Avira AntiVir Personal – Free Antivirus som skal vere blant dei lettaste på ressursar av dei tradisjonelle antivirusprogramma. Kopieringa til SyncBack tek endå mindre ressursar:

Sidan eg har opplevd tregheit på fleire maskiner har eg no skifta ut Microsoft Security Essentials med andre program. Av tradisjonelle antivirusprogram har eg valt Avast Antivirus og Avira AntiVir Personal – Free Antivirus. Av dei skybaserte har eg valt Panda Cloud Antivirus.

Alle tre har eg tidlegare testa og brukt i meir eller mindre grad utan eg har hatt dårlege erfaringar anna enn at både Avast og Avira har sine ulemper med at den eine snakkar og den andre av og til viser reklame. Heldigvis går det han å slå lyden av. Det kan virke som om litt støy i ulike former er ein akseptabel pris for at antivirusprogramvare ikkje skal få maskina di i kne på noko så enkelt som kopiering av filer.

Kanskje endar eg tilbake på F-prot som er rimeleg og ikkje gjer noko av seg. Einaste ulempa eg har hatt med F-prot i løpet av åra eg brukte han var at han av og til slo ut med falske positive, det vil sei reagerte på filer som ikkje var virus ein sjeldan gong. Uansett skal Microsoft Security Essentials ikkje tilbake på mine maskiner med mindre det blir drastisk endra.