Ubuntu 10.04 LTS er prega av Apple Mac sitt operativsystem ved at dei har endra layout på kor du finn knappane for mininimering, maksimering og lukking. I standard installert Ubuntu 10.04 LTS er knappane på venstre side på toppen av eit vindauge. For ein som ikkje brukar Mac er det uvant å ha det slik, men det er enkelt å rette på slik at ein får ein layout som er slik som Windows, utan å skifte tema/utsjånad:
Her er det du gjer:
- Trykk Alt + F2
- Skriv gconf-editor
- Naviger ned til undermenyen apps-metacity-general
- Endre maximize,minimize,close: til menu:minimize,maximize,close
- Lukk gconf-editor.
No skal knappane vere på plass i Windows-stil.