I Ubuntu 10.04 er det alltid eit ekstra spørsmål etter at du har valt å slå av, starte på nytt eller logge ut. Etter ei tid vart det litt irriterande. Eg har ikkje bruk for funksjonaliteten sidan maskina ikkje har nokon kritisk verdi i eit datasystem. Det tok ikkje lenge før eg fann korleis dette skulle fjernast:
- Trykk Alt og F2 samstundes,
- Skriv inn gconf-editor,
- Naviger til undermenyen apps –> indicator-session
- Dobbelklikk på lina suppress_logout_restart_shutdown
- Endre verien Verdi frå Usann til Sann